Illustrasjonsfoto: Toyni Tobekk (CC BY 2.0)

Tilgje meg, for eg veit ikkje kva eg skriv

Høgskolen i Molde fekk nyleg kritikk fordi me nyttar (nyt?) for lite nynorsk. Eg kan være den fyrste til å innrømme at eg ikkje dug på nynorsk. Eg kan til og med dokumentera det.

Førsteamanuensis Jeanette Varpen Unhjem er prorektor ved HiMolde.

Høgskolen i Molde og eg har noko til felles som me ikkje er kry av. Høgskolen har fått brev frå Språkrådet der det står skrive at me brukar altfor lite nynorsk. Ikkje nok med det: Høgskolen i Molde er sjølv klar over at me gjer det (altso ikkje gjer det, ikkje skriv nynorsk). Språkrådet meiner naturlegvis og med rette at det er alvorleg at me ikkje gjer nok for å fylle krava i mållova.

Eg har ikkje fått brev frå Språkrådet. Over ei rekke år, truleg fleire enn eg kan hugse, har eg derimot blitt bedøma av særs egna språklærarar som har konkludert med at eg har lav kompetanse i faget nynorsk, og har gjeve meg eksamenskarakteren 2 på vitnemålet frå vidaregåande skule.

Dei tok ikkje feil. Eg har hatt store problem med å fatte nynorsk. Det hadde ikkje forundra meg om du sa at eg enda ikkje har begripe korleis ein skriv nynorsk på skikkeleg vis.

Framandspråk

No når du veit dette om meg, at eg er ein toar på ein skala der ein einar er dårlegast (ikkje han Einar som gjekk i klassa mi på skulen), så blir du nok ikkje overraska når eg seier at nynorsk er meir framandspråk for meg enn det engelsk er. I engelsk er eg ein seksar, må du vite. Eg dug til noko – berre ikkje på nynorsk.

På engelsk kan eg boltre meg og leike med ord. Ikkje like godt som om det hadde vore morsmålet mitt, men eg følar kor orda skal vere og i tankane kjem uttrykk som right as rain. Eg kan til og med nokre ord på spansk, telle til ti og bestille en cerveza som eg ikkje drikk, og eg kan seie bonjour og merci viss nokon påpeikar at eg har eit fransk namn.

Ikkje berre det: Eg elskar latin! Tru det eller ei, men latin er heilt magisk. Berre ordet benevolentia rommar så mykje godt at eg er nær ved å tatovere det på kroppen.

Kjære ordbok

På midten av 90-talet, då eg skulle lære meg nynorsk, fantes ordboka i mjuke gule omslag. Eg nytta ho flittig, men nynorsk var so vanskeleg å skjønne for meg at sjølv med ordboka framme på pulten, så klarte eg ikkje skrive godt nok. Då, som no, visste eg ikkje om alle dei flotte orda som finst på nynorsk. Og då hjelp det ikkje med ei Nynorsk ordliste.

No kan me med lette tastetrykk finne fram ordbok.uio.no og med ljosets hast (lysets hastighet finnast ikkje på nynorsk) avklåre at avklare og avklåre er sidestilte ord på bokmål og nynorsk.
Og sjølv om eg nokon gonger trur eg veit betre enn Microsoft Word, så skal eg ikkje kverulera for mykje når programmet har fatta mistanke om at eg gjer noko eg ikkje har greie på (skriv nynorsk) og skundar seg å rette opp orda mine eller sett raude strekar under mine ville forslag til formulering.

Lukkeleg leik

I vaksen alder har eg oppdaga at eg kan lese bøker på nynorsk. Faktisk gløymer eg at dei er skrive på nynorsk når eg har lest nokre sider. Det hadde eg ikkje trudd då eg var tenåring.

Når eg les dikt på nynorsk på sengekanten til jentungen min, gjer eg det med innleving og uttalar orda så nynorskt eg berre kan.

Eg lesar Ruth Lillegravens dikt for barn, slik som diktet om hausten som eg elskar:

høyr!
kviskrar stien

hausten spring
gjennom skogen
stel sommaren
og kjem med
vinteren

og sjå!
gule lauv ligg og
lyser på bakken

det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut

Eg har også oppdaga at det finnest nokre ord på nynorsk som er heilt fantastiske. Berre sjå her: Hugleik – som er tankeleik, fantasi. Og kjærleik då. Sjølv om kjærleiken ikkje alltid er god, finnast det ikkje nokon betre, nokon meir riktig måte å skildre kjensla av lukke som ligg i leiken med dei som er deg kjær. Kjærleik.

Nynorsk for nybegynnere

Nynorskordboka fortel meg at ho (dei?) ikkje finn noka informasjon om ordet nybegynner i nynorskdatabasen. Men eg er her, nesten like mykje ny i nynorsken som då eg var tenåring.

Eg trur eg må på nynorskkurs. Kanskje du blir med meg? Me kan spørje Språkrådet om hjelp, sei dei.

–> Jeanette Varpen Unhjem, Arve Hjelseth og Maren Sæbø skriv fast i Panorama.