Per Ravn Omdal (46) hadde mykje spennande å snakke om for sport management-studentar på Molde campus. Foto: Saravin Sadasaralingam

Per Ravn Omdal kasta flybillettar fra potensielle arrangørland

Da tidlegare NFF-president Per Ravn Omdal (74) torsdag gjesteførelas for sport management-studentar ved HiMolde, fortalde han mellom anna at flybilletter og hotellopphald fra potensielle arrangørland blei kasta i søpla.

Av SARAVIN SADASARALINGAM

Per Ravn Omdal er eit godt kjent namn i Noreg. Han har vore president i Norges fotballforbund, visepresident i UEFA og styremedlem i FIFA. Sjølv om han hadde desse store titlane, kjempa han for og imot mange sakar i sin tid, mellom anna for kvinnefotballen og imot korrupsjon.

Omdal starta med å fortelje om den første kvinnekampen i 1928 og om tida si som leiar for kvinnekomiteen for fotballen. Han var veldig begeistra over å snakke om dette, og fortalte også om kampen for kvinnefotballen, korleis den blei etablert i Noreg, og korleis marknadsføringa i England er for kvinnefotballen.

– Eg hugsar godt møte med dei andre nasjonane i verda om å stabilisere omtalen om kvinnefotballen. Land frå spesielt austlege Europa, den kommunistiske delen av Europa, hadde argument som at det måtte vere mindre og lettare ball, mindre bane, tiltrekkande drakter, kjønnstesting og kortare speletid blant anna. Men eg og landa som var nær Noreg fekk i samarbeid gjennom mange gode forslag, og interessen for kvinnefotballen har berre auke sidan, sa Omdal.

Sjølve foredraget delte Omdal opp i fleire tema, og han var også innom diverse prosjekter han og NFF har starta opp i kriseramma land, som Jordan og Irak. Han viste stolt fram videoklipp frå fotballbaner dei hadde bygga i Jordan, kor dei blant anna laga banene til flyktningar frå nabolanda Syria, som trengte ein boost i kvardagen, meiner han.

Nok ein gong var kvinnefotballen eit fokus, denne gangen rundt banene som blei bygga i Jordan. Han trakk fram den eine fotballbanen dei hadde laga til kvinnene som hadde flykta frå Irak, ei grusbane med høge gjerder rundt. Mange av studentane var forundra over dette, når dette ikkje er vanleg i Noreg. Då kom Omdal med svaret om at det hadde vore vanleg at mannfolk hadde klatra over små gjerder for å sjå kvinnfolk spele fotball, noko som ikkje var vanleg i flyktningleiren. Dermed løyste dei det med å bygge høgde gjerdar rundt heile banen.

– Under opning av denne banen, måtte vi ut av banen å dra ned gutar som prøvde seg å komme over gjerdene, seier Omdal og flirar.

Per Ravn Omdal fortalde om spennande ting han har opplevd på sine reiser i verda. Foto: Saravin Sadasaralingam.

Han takk etter kvart fram Drillos tid i Irak, når han var landslagstrenar i 2008. Omdal seier han blei utvalt til å starte Prosjekt Irak, som dreidde seg om å utdanne fleire instruktørar og trenarar i dette landet. Resultatet blei sjølvsagt positivt, totalt blei det 279 trenarar utdanna av dette prosjektet, og 191 av desse var kvinner. Han er stolt over dette prosjektet sa han til studentane, men peika også på at 40-60% forsvant under IS-perioden.

– Sjølv om det er leit at så mange forsvant, er det viktig at alle kan vere vennar, og at alle forstår det viktigaste med fotballen, nemleg respekten for kvarandre, sa Omdal.

Omdal snakka om oppløysninga av Sovjetunionen. Når Sovjetunionen blei oppløyst, blei ti av desse landa medlem av UEFA (Union of European Football Associations), og fem av landa medlem av AFC (Asian Football Confederation). Da nemnde Omdal at Prosjekt EEAB startet, nemleg å gjere dei ti nye europeiske landa klare til å ta del i fotballen i Europa. Han sa at dette prosjektet gjekk veldig bra, og påpeikar at når han blei visepresident i UEFA var det 37 UEFA-land og i dag er det 55 UEFA-land seier han.

– Fotballen har vakse veldig sidan min oppvekst. Under min oppvekst var der to kamera på fotballkampar, medan i dag er det 90 kamera på Champions League-finalen, seier Omdal.

Før han avslutta foredraget, kom han innpå to viktige tema. Han starta med å snakke om korrupsjonen han har opplevd frå innsida. I 1994 blei Omdal tatt inn som styremedlem i FIFA, og han sa at han allereie da merka han at alt ikkje stemte. Daverande FIFA-president João Havelange frå Brasil var sterkt for at kvinnefotballen skulle bli meir populært og stort, og same var det med daverande generalsekretær og seinare FIFA-president Joseph «Sepp» Blatter. Eit fellestrekk med desse to, er at begge etter kvart  har blitt dømt for korrupsjon.

– Eg hugsar godt når eg var ein av dem som skulle stemme for kva land som skulle få tildelt VM. Vi gjorde besøk til potensielle arrangørar når vi var på offentleg besøk, men vi var aldri på privat besøk. Eg hugsar at mange arrangørar sendte flybillettar og hotell for både en, to og tre veker i deira land i posten til meg og kona mi, men desse kasta vi berre, seier Omdal.

Tilbake til Blatter, som i 2015 blei utestengt frå alle verv og dømt for korrupsjon saman med Michel Platini. Omdal forteljar at han saman med sine kollegar i 2001 anmeldte Blatter til det sveitsiske politiet for manglande rapportering og styring. Denne saken blei henlagt etter seks månadar, sa han.

– Eg hugsar at han «tok av» da han blei president. Han var ofte den som var liksom, «FIFA, det er meg», og sjølv om han var støttande til dei fleste forslaga mine, var det mest for å bli gjenvalt. Mange teikn viste at han ikkje ville prioritere visse saker, sa Omdal .

Heilt til slutt tok han opp den berømte, men også hata, opplegget Superligaen. Ein liga som vart stifta rett før sommaren i år, og eit par dagar seinare gjekk i oppløysning etter at supporterane av dei store klubbane sto ilag og kjempa mot forslaget. Omdal meiner det var kapitalkreftene som kom framfor fotballdemokratiet i dette tilfellet, men at samhaldet i fotballverden heldigvis klarte å nedkjempe dette.

– Superligaen er eit forsøk på å gjere dei rike enda rikare, og derfor er eg stolt over at UEFA og tilskodarane klarte å halde på samhaldet og det viktigaste, nemleg demokratiet og equal games, sa Omdal.

Ein av studentane som spent høyrte på Omdal, var sport management-student Esben Hansen (26). Han synes det var veldig interessant å høyre på og seier han fekk lyst til å lese meir om dette.

– Det var spennande å få eit innblikk i kulissane i FIFA og UEFA, og spesielt prosjekta NFF har hatt i utlandet, sa Hansen.

Esben Hansen (26) fekk høyre masse spennande ting fra Per Ravn Omdal i pausen. Foto: Saravin Sadasaralingam