Det er viktig med oppvarming, seier trenar Abhishek Todmal. Foto: Saravin Sadasaralingam

MSIs damelag vil fleire studentar på fotballtrening på Kvam KGB

Måndag kveld møtte tre studentar til trening for MSIs damelag i fotball under variable forhald. Også trenar Abhishek Todmal (26) møtte gledeleg opp, sjølv om det var få spelarar denne kvelden på Kvam KGB.

Av SARAVIN SADASARALINGAM

Jentene som var tilstade håpar fleire møter opp på treningane framover.

Trenar Todmal seier at han blei kontakta av sportsleg leiar for damelaget til Moldestudentens Idrettslag, Oneda Reci, om at dei trengte trenar til damelaget. Han seier at han ikkje nølte med å takke ja, og seier han var ein aktiv fotballspelar i India, kor han har kommet frå for studie her i Molde. Han er no på andre året på masteren i Sport Management, og har fått ein del erfaring der.

Trenar Abhishek Todmal (26) er fornøgd med at jentene er på når det er trening. Foto: Saravin Sadasaralingam

Todmal seier også at han har det veldig kjekt på treningane, og seier alle som kjem er invitert til avslutningsfest på slutten av semesteret.

– Eg er stor fan av Liverpool, og den fotballen der har inspirert meg mykje, som igjen gjer at eg kan få fram nokke lignande her på treningane, seier Todmal.

Nina Stahlmann (25) er fornøgd med at bana på Kvam er så nær Molde campus. Foto: Saravin Sadasaralingam

Ein av jentene som møtte til måndagstreninga var tyske jenta Nina Stahlmann (25). Ho er på andre året på masteren i logistikk, og er veldig fornøgd med tilbodet MSI har til damene på skulen. Ho har deltatt på fleire treningar i år, blant annet var ho med på treningane før sommaren også. Ho håper at fleire jenter kjem og deltar på treningane, sidan dette er eit lavterskel tilbod for alle damene på høgskulen.

– Eg er fan av Hannover 96, eit lag i andre divisjon i Tyskland, og mykje av gleda eg har fått til fotballen kjem frå kampane eg har sett av Hannover 96, seier Stahlmann.

Nita Lied Dagrød (19) er glad for at det finnes eit opplegg for damene på skulen. Foto: Saravin Sadasaralingam

Nita Lied Dagrød (19) frå Skjevika i Molde er førsteårs sjukepleiestudent ved høgskulen, og har vore med på treningane sidan ho sjekka nettstaden til høgskulen. Ho har ikkje spelt fotball på fire år, men seier at ho sist spelte for Hjelset-Kleive.

– Eg er fan av Molde FK, og synes det er eit bra lag. Eg synes treningane er veldig kjekke å vere med på, og håper fleire møter opp så vi kan skape nye vennskap her i Molde, seier Dagrød.

Andrea Strand Barkve (21) liker at dei har ein kunnskapsrik trenar. Foto: Saravin Sadasaralingam

Siste jenta som var til stede var bachelorstudenten i politikk, juss og administrasjon – Andrea Strand Barkve (21). Barkve blei med på treningane etter å snakka med ei venninne i kollektivet som hadde vert med på treningane tidlegare. Saman med dei andre på treninga så seier ho at treningane er veldig gøy og lærerikt, og håper fleire kjem framover.

– Eg er ifrå Røyke, og har spelt fotball lenge. Eg spelte på ein del forskjellege lag, men sist spelte eg på Lier, og det var kjempekjekt, seier Barkve.

F.v Andrea Strand Barkve (21), Nina Stahlmann (25), Nita Lied Dagrød (19) og Abhishek Todmal (26) håpar på fleire til neste trening. Foto: Saravin Sadasaralingam