Studio: F.v Joacim Jonsson, Jamel Rake, John Arne Riise og Kjetil Rekdal var kveldens ekspertar i panelet til VG. Foto: Saravin Sadasaralingam

Student Alexander Otterlei (19) i diskusjonar med Rekdal og Riise

OSLO (Panorama): Alexander Otterlei (19) ifrå Brattvåg er til vanleg student ved Høgskolen i Molde. Han går årsstudium i idrett og adventure og er veldig fotballinteressert. Tysdag kveld, da Noreg spelte mot Nederland var han i celebert selskap og såg kampen i VG-studioet saman med Kjetil Rekdal og John Arne Riise.

Av SARAVIN SADASARALINGAM

Måndagskvelden satt Otterlei i hybelen sin på Kvam og jobba med arbeidskrav. Han seier at kompisen ifrå Brattvåg ringte og fortalte at han hadde vunne billettar til å vere publikum i VG-studioet når ekspertane satt og såg og diskuterte landskampar. Otterlei slang seg med på turen, og tysdagsmorgon var han på flyet ned til Oslo.

Han og kompisane ifrå Brattvåg deltok som publikum når ekspertane Kjetil Rekdal, John Arne Riise, Joacim Jonsson og Jamel Rake satt og såg landskampen mot Nederland. Sjølv om kampen ikkje gjekk som heile studioet håpet på, var det mykje erfaring, stemning og oppleving å hente ifrå denne turen, meiner Otterlei. Etter kampen og undervegs var det mange diskusjonar og småstikk fram og tilbake ifrå brattvågar Otterlei, ålesundaren Riise og fiksdalingen Rekdal.

– Vi liker å terge John Arne Riise for tapet hans med AaFK mot moderklubben min, Brattvåg, i 2016, og det fekk han høyre i studioet på livesendinga også, seier Otterlei, som også hadde diskusjonar med Kjetil Rekdal, f. eks. om sonens spelarkarriere.

Alexander Otterlei (19) var storfornøgd med opplevinga og erfaringa av å vere med i studioet saman med desse ekspertane. Foto: Saravin Sadasaralingam

Kjetil Rekdal er ein sjølvskriven legende innanfor fotballen. Rekdal har blant anna spelt for Molde – og mange i Molde kjenner han igjen, sidan han er frå andre sidan av fjorden, Fiksdal. Han er no trenar for HamKam som rykka opp til Eliteserien i år, men var ordknapp om hans tankar om deira moglegheit neste år. Ein som hadde tankar om HamKams moglegheiter neste år, var ekspert Joachim Jonsson.

– Eg trur HamKam kan gjere det bra i Eliteserien neste år, og eg trur dei kommer på 8. plass, seier Jonsson når vi spør han om hans tankar om Rekdals jobb neste år.

Dottera til Kjetil Rekdal, Sofie Rekdal, er student ved Høgskolen i Molde, og studerer bachelor i Sport Management. Denne retninga har vakst veldig mykje dei siste åra, og det har blitt meir aktuelt i arbeidet med idretten no i desse tidene. Mange profesjonelle spelarar har også tatt eller tar denne utdanninga, og Kjetil Rekdal var positiv til at denne utdanninga har blitt så populær.

– Eg meiner utdanninga er veldig fin å ha for å utvikle seg innanfor mange rollar i idretten. Med denne utdanning får man eit bredt spekter av verktøy som man kan bruke til mykje innanfor fotball, men også andre idrettar, seier Rekdal om studieretninga.

F.v John Arne Riise og Kjetil Rekdal hadde mange diskusjonar denne kvelden. Foto: Saravin Sadasaralingam

No dei siste åra har fleire profesjonelle fotballspelarar tatt utdanning på sida medan dei er aktiv fotballspelar. Dette kan hjelpe mykje for fokuset på banen, meiner Riise.

Rekdal slenger seg på Riise sitt utspel og seier at det stemmer. Han trur både fokuset på bana og mentaliteten er skjerpa når spelarane tar ei utdanning. Dette er sjølvsagt opp til kvar enkelt spelar, seier dei to.

– Utdanning er kjempeviktig no i 2021, men eg meiner det er opp til kvar enkelt spelar kva dei skal ha fokus på. No er det viktig å hugse at dei fleste spelarane er 100% ansatte med ei løn som er nok å leve på, men mange av desse tenkar på livet etter fotballen og starter derfor utdanninga tidleg, seier Rekdal.