Målskorer Sheriff Sinyan feira 3-1 skoringa saman med resten av laget. Foto: Saravin Sadasaralingam

Molde FK herja med festfotball i derbyet

AKER STADION (Panorama): Søndag kveld var det duka for derby mot Rosenborg BK. Kampen, som starta med eit RBK-overtak, endte med festfotball frå romsdalingane som ikkje ga seg før på 4-1.

Av SARAVIN SADASARALINGAM

Med 2-0 til pause hadde Molde eit overtak, men det var litt spenning når Rosenborg reduserte til 2-1. Dette gjorde ingenting med moldegutane, som putta to fine mål mot slutten av kampen.

Tornekrattet stilte med storslått pyro før kamp. Foto: Saravin Sadasaralingam
Ohi Omoijuanfo setter ballen i mål. Foto: Saravin Sadasaralingam
Ohi Omoijuanfo feirar saman med Tornekratten. Foto: Saravin Sadasaralingam

Kampen starta med eit Rosenborg-lag som hadde ball mykje og utfordra utan å skape all verdens ting. Etter kvart kom Molde meir inn i kampen, og til slutt var det Molde som tok over. Først satt Ohi Omoijuanfo ballen i mål etter ein retur frå André Hansen, før Magnus Wolff Eikrem satte inn 2-0 frå utanfor 16-meteren.

– Det var godt å endeleg komme på skoringslista etter eit par kampar utan, seier Omoijuanfo, som no har 25 mål i Eliteserien.

Adam Andersson (til venstre) fekk kjørt seg på høgresida av Kristoffer Haugen blant anna. Foto: Saravin Sadasaralingam
Den heimvendte son, Martin Linnes var ein viktig mann søndagskvelden. Foto: Saravin Sadasaralingam
Ola Brynhildsen på veg ned etter ei takling i første omgang. Foto: Saravin Sadasaralingam
Mange ifrå Kjernen hadde tatt turen til Molde. Foto: Saravin Sadasaralingam
Laurdag vant Molde G19 NM-gull og gutane blei hyllet i pausen. På bilete kan vi sjå Erling Braut Haalands fetter, Albert Braut Tjåland. Foto: Saravin Sadasaralingam
Ohi Omoijuanfo var målfarleg på cornerar. Foto: Saravin Sadasaralingam

Andre omgang starta på same måte som første, nemleg med eit kjør frå Rosenborg. Ti minuttar uti andre omgang satte Dino Islamovic inn reduseringa til 2-1, og tente med det eit håp.

Målskorer Sheriff Sinyan feira 3-1 skoringa saman med resten av laget. Foto: Saravin Sadasaralingam

 

Det blei med eit håp, sidan Sheriff Sinyan satte ballen i mål fem minuttar seinare, nok ein gong ein retur ifrå Rosenborg som gikk i mål. Like før slutt satt innbyttar Emil Varhaugvik Breivik inn 4-1 skoring og sørga for festfotball på søndagskvelden.

Emil Varhaugvik Breivik feira 4-1 skoringa saman med resten av laget. Foto: Saravin Sadasaralingam
Markus Henriksen (til venstre) og André Hansen hadde ein liten diskusjon etter kampslutt. Foto: Saravin Sadasaralingam

– Vi er veldig fornøgde med 4-1 mot Rosenborg. Spesielt siste 25 minuttane skillar seg ut, kor vi kjørar dem totalt, seier Moe, som ser fram mot dei siste tre kampane av serien.

På motsatt benk var ikkje Rosenborg-trenar Åge Hareide like nøgd.

– Vi henger godt med i første omgang, men vi blir rett og slett kontra i hjel av Molde som vinner denne kampen med det, seier Hareide om kveldens prestasjonar.

Erling Moe var nøgd med prestasjonen og ser fram mot dei siste kampane. Foto: Saravin Sadasaralingam

Ein anna ting som var i fokus i pressesona etter kampen, var Ole Gunnar Solskjærs sparking frå Manchester United. Erling Moe hadde følgande å seie om det:

– Eg synes det er eit spesielt tidspunkt å sparke han på, men sånn er fotballen, seier Moe, som meina det alltid er plass til Solskjær i Molde FK.

Åge Hareide var tydleg prega etter kampen. Foto: Saravin Sadasaralingam

Rosenborg-trenar Åge Hareide hadde følgande å seie:

– Sånn er fotballen, trenarar kommer og går, men så får vi sjå kva klubb som er neste stoppestad, eg trur han kommer tilbake til Molde, seier Hareide, som humoristisk seier han ikkje er aktuell for noko jobb i Molde FK.

Om Solskjær kommer til Molde FK er berre vente å sjå, men ein ting er sikkert, Molde hengar fortsatt med i gullkampen, som ikkje er avgjort tre rundar før slutt. Vi får vente å sjå om seriegullet skal til Bodø eller Molde.