Bak f. v.: Julie Lorentsen, Camilla Gjerde Larsen og Christoffer M. Både. Framme: Fride Monsen og Sanna Helene Slattum Edvardsen, som alle fekk sjå Gdansk frå lufta. Foto: Privat

42 studentar dro på blåtur til Gdansk

GDANSK (Panorama): Heile 42 studentar blei med på årets blåtur i regi av iStudent – ein firedagars tur til Gdansk i Polen.

Av SARAVIN SADASARALINGDAM

Avtroppande iStudent-leiar Julie Lorntsen oppsummerar turen som vellykka. Ho er glad for at studentane som var med, var så samla og inkluderande. Studentane starta turen grytidleg tirsdag sist uke med fly til Gdansk frå Årø lufthavn, med mellomlanding på Gardermoen.

Første opplegget i Gdansk var ein omvising på eit solidaritetsmuseum ved havna med ein engelskspåklig guide. På kvelden vart det felles middag på Trattoria Al Dente, kor det blei servert nydeleg pizza, før resten av tida blei brukt på å sjekke ut livet i byen.

Onsdagen så var det ein redusert gjeng som stilte på rebusen i regi av to guidar. Rebusen var siste opplegg som var felles aktivitet, og den blei avslutta med sightseeing i Gdansk sentrum.

Bak f. v.: Sindre Omarhaug, Øyvind Kjeverud Strand, og Simen Onsum Berg. Framme: Niklas Sevland og Christer Stakvik. Alle fem kosa seg på Billy’s bar i Gdansk. Foto: Saravin Sadasaralingam

Resten av onsdagen og heile torsdagen vart det ein del festing for gjengen og mykje sightseeing og restaurantbesøka I tillegg til dette fekk studentane vere mykje ilag, noko som skapte både gode og nye vennskap.

Fredagen blei brukt på reising, og på ettermiddagen var alle studentane tilbake i Molde.

Økonomiansvarleg i iStudent, Alexander Myhre, seier at formåla med turen var å skape samhald og belønne alle dei frivillige i Studentersamfunnet i Molde. Turen hadde eit budsjett på 250 000 kroner, kor 50 000 kroner var eigenandel frå deltakarane.

– Vi starta planlegginga av turen allereie i april. Dette var på grunn av at vi skulle til utlandet, så alle hadde pass klart. Vi synes turen gjekk strålande, og eg gler meg allereie til neste tur, seier Myhre.