Avram Grant i aksjon på Molde campus måndag formiddag. Foto: Arild Waagbø

Tidlegere Chelsea-trenar: «Toppspelarar treng talent, lidenskap og mental styrke»

Måndag formiddag fekk Høgskolen i Molde besøk av tidlegere Chelsea-trenar Avram Grant (67). Grant blei invitert av professor Alex Krumer, og heldt forelesninga han har kalla «Win your mind».

Av SARAVIN SADASARALINGAM

Avram Grant, som har trent fleire lag i Israel, det israelske landslaget, Portsmouth og West Ham United, er for tida omkring i Europa og held opne forelesninger om hans tankar rundt mentalitet, psykiske og utfordringar i fotballen. Grant har blant anna trent store stjerner som Frank Lampard, John Terry, Michael Ballack, Didier Drogba og Nicolas Anelka, og trakk fram mange gode eksemplar på utfordringar med det mentale hos toppspelarar.

– Didier blei ofte satt ut av at media skreiv dritt om han, men eg sa alltid til han at han må berre ut og bevise på bana, seier Grant.

Grant trekkjer fram året 2008. Vegen til Champions League-finalen var ikkje lett for dei. Lampard, som sto over første kamp i semifinalen mot Liverpool på grunn av moras bortgang, var klar til andre kamp i semifinalen – ein kamp som måtte vinnast. Da Grant hadde tatt ut laget til denne kampen, og Lampard var i lagoppstillinga, var ein i støtteapparatet til Grant usikker på om dette var det riktige og lurte på kva Grant gjorde.

– Eg har alltid sagt til støtteapparatet at dei kan kritisere meg og komme med forslag før det endelege uttaket. Men når uttaket har kome, endrar eg ingenting, seier Grant.

Fotballtrenar Avram Grant i Frisch auditorium på Molde campus. Foto: Arild Waagbø

Den andre semifinalen er ein draum for Chelsea og ingen andre enn Lampard sendte Chelsea til sin første finale, med ein emosjonell feiring av målet der han heidra mora.

– Frank var ein av dei viktigaste for min tid i Chelsea. Etter denne semifinalen sto den personen i støtteapparatet, som kritiserte uttaket med Lampard, og hyllet Frank, og synes det var eit godt uttak, seier Grant og flirar.

Grant meiner at der er tre viktige ting som bidrar til folks suksess, og det er talent, lidenskap og mental styrke. Han trekkjer fram at Anelka hadde eit bra talent, men lidenskapen hans for fotballen var dårleg, og dette gjorde at Anelka ikkje blei ein stor spelar som Drogba. Han trekkjer fram at Drogba hadde lite talent i seg, men lidenskapen hans for fotballen var stor. Han blei igjen etter trening og hadde ofte egne øvelser som til slutt gjorde han til den spelaren han blei

– Didier mangla talent, og det var eg ærlig med han. Lidenskapen hans for fotballen var stor, og dette gjorde han til verdas beste spelar, seier Grant.

Grant har vore i fotballen i nesten 50 år. Med dette har Grant bygget seg eit stort nettverk, og ein av dei første som kontakta Grant for å ønskje han velkommen til England var Arsène Wenger.

– Wenger har vore ein god støttespelar for meg, i tillegg til Maradona som ein gong var innom på kontoret mitt, og vi hadde ein seks timars prat. I fotballen er nettverk viktig og det er eg glad for å ha bygget, seier Grant, som blant anna har møtt Dalai Lama i forbindelse med sine opne forelesningar.

Grant seier lite om framtida si, han tar ein dag om gongen, og veit aldri kva som er det neste. For ein mann som har vore 50 år i fotballen snart, så seier han sjølv at fotballen har utvikla seg mykje, og han ser store forandringar i fotballen. Han seier han har fleire moglegheiter i framtida, så vi får følgje med på kva som skjer.

– Om du ikkje vil gi opp, så kan ikkje eg garantere suksess. Men om du vil gi opp, så er det over, seier Grant.