Studentsamskipnaden i Molde får 13 440 000 kroner fra Kunnskapsdepartementet til å bygge 40 studentbustader i Kristiansund.
Det skriver KD i ei pressemelding i dag.
– Leigeprisane har auka mykje det siste året. Vi veit at husleige er den største enkeltutgifta for dei fleste studentar. Å syte for at det finst god tilgang på trygge og rimelege bustader for studentar er noko av det viktigaste vi kan gjere for studentøkonomien. Det kan også bidra til å dempe presset på den private leigemarknaden. I år aukar vi innsatsen særleg i Oslo, men også studentbustadprosjekt i sør, vest og nord får store tilskot, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) i pressemeldinga.
17 byggeprosjekt, fordelte på åtte studentsamskipnader og ei bustadsstifting får pengar. Samskipnadane søkte om tilskot til 2 639 hybeleiningar, og fikk tilskot til 1650 einingar.