Professor Johann Roppen er kandidat til å bli rektor ved HiMolde. Foto: Arild Waagbø

Overkomplisering kan vere tilslørande

Rektor Steinar Kristoffersen har rykka ut med e-post til alle tilsette ved Høgskolen i Molde no sist laurdag med åtvaring mot Roppens feilaktige overforenkling av begrepet profesjonsutdanning. Komplettert med engelsk oversetting.

Av JOHANN ROPPEN, professor

Å sende epost til alle tilsette midt i helga bør ein berre gjere viss det er ei krise eller ei storhending. Så eg takkar for stor anerkjennelse frå ein motkandidat, og for at eg som ekstern kandidat etterkvart vart gjort merksam på innlegget og dermed kan få svare.

Les Steinar Kristoffersen innlegg i Panorama.

Den sosiologiske debatten om kva som er ein profesjon eller profesjonsutdanning er interessant nok, men vi blir aldri ferdig med den, og eg ser ikkje at dette er ein debatt som er kritisk for HiMoldes strategiske vegvalg.

Eg har snakka med mange på HiMolde og spurt dei kva dei meiner er sentrale spørsmåla for framtida. Og ingen har resonnert langs slike linjer. Så eg er litt undrande til kva Steinar Kristoffersen vil fram til med sine refleksjonar, anna enn å prøve å score eit spissfindig poeng mot ein av sine motstandarar. Og det på eit punkt der dei tre kandidatane ikkje er særleg usamde.

Overkomplisering kan ta fokus bort frå meir sentrale spørsmål.

Den sentrale debatten og politiske kampen akkurat no er auka forventningar til sektoren om arbeidslivsrelevans – ofte målt i om kandidatane får jobb. Og der scorar Molde svært bra.

Derfor må HiMolde ta vare på og utvikle alle sine fagmiljø. Både til beste for HiMolde og for arbeidslivet. Det er fort gjort å rive ned, men kan vere tungt å bygge opp att.

PS! Dei som er verkeleg interesserte i dette temaet kan jo høyre kva som blir sagt i dei tre intervjua: I Panorama-intervjuet med meg er temaet omtala etter ca. 19 minutt, i Steinar Kristoffersen-intervjuet ca. 26 minutt inn i intervjuet, og Elin Mordal omtalar same tema ca. 22 minutt inn i sitt intervju.