Partyfixer Bjørnstjerne Bjørnson (t.v.) og Alexander Kielland. Kanskje ikkje klare for julefest, men unekteleg ganske flotte og festlege hattar! Foto: Romsdalsmuseets fotoarkiv

Julekalaset som aldri vart

Advent er ei ventetid, men også ei tid for å forberede sjølve julehøgtida. Det blir hogge juletre, handla julegåver i søndagsopne butikkar, vaska, brygga og baka.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Og alt i ein salig miks av gamle og nye tradisjonar, kyrkjekonsertar og kommers. Mange nyttar også tida til å handle inn mat og drikke til juleselskap med familie og venar i romjula. Og me skal her få høyre om då den unge Bjørnstjerne Bjørnson ville lage ein heidundrande julefest for historiebøkene.

Julefest på Nesset prestegard?

Som historikar, er det sjølvsagt ei pur glede å lese brev, dokument og kjelder som kan fortelje om levd liv. Også om det gjeld ein omdiskutert figur som Bjørnstjerne Bjørnson, ein av dei mest kjente «romsdalingar» gjennom tidene. Prestesonen, forfattaren, samfunnsdebattanten og kranglefanten Bjørnstjerne var også av dei som alt i ung alder hadde sans for store dimensjonar og svevande planer. Og for å kome til poenget: dette var ein ung mann som ville arrangere eit duralbeleg julelag med rikeleg av skjenk og moro!

I eit brev frå desember 1852 kan me lese at den unge Bjørnstjerne ville by opp til litt av eit julekalas heime på Nesset prestegard, ikkje langt frå Molde. På denne tida var han ikkje meir enn 20 år gamal, men ville likevel dra på med ein minnerik julefest for nokre av bøndene i heimbygda.

I brevet til kjøpmann C. S. Jervell i Molde skriv han:

«Her er mange gamle Mænd blant Bønderne, som have vist mig meget Godt og tillige ved deres umiddelbare hjertelige Væsen i høi Grad interesseret mig. … Disse Karle vilde jeg i Julen give et lystigt Afskjedslag.»

Me kan kanskje ane ei visst «ovanfrå og ned»-haldning frå den unge embetsmannssonen, samstundes som me veit at Bjørnstjerne også var reelt interessert i det bygdemiljøet han hadde vakse opp i og seinare skreiv sine kjente «bondefortellinger» frå. Han skriv difor vidare til kjøpmannen at han:

«… vilde bede disse Mænd til Præstegaarden og der drikke dem dyktig fulde i Punsch – hvilket skal være til et varig minde om vort Venskab.»

Og som han som ein skikkeleg «partyfixer» konkluderte med: «Og nu ræsonnerer jeg som saa, at jo fuldere de blive, jo længere erindre di mig»!

Bjørnson, bønder og brennevin

I følgje Bjørnstjerne var det åtte-ni lokale bønder som skulle trakterast med alminneleg god punsj på det julelaget han ønskte å samle. Spørsmålet til kjøpmannen i Molde var difor kva slags brennevin og kva ingrediensar som var nødvendig til ein slik punsj, eller som han litt sjølvsikkert seier:

«.. for at drikke 9 Mænd under Bordet».

I følgje Bjørnstjerne sjølv var han likevel «fuldkomen uvidende» om kva mengder av brennevin som var nødvendig, og skriv difor at han bad kjøpmannen om råd, sidan han trass alt sat på kunnskapar frå «… i disse Sager temmelig erfarne Molde».

Juleselskapet som aldri vart

Problemet var at kjøpmann Jervell aldri svarte den unge prestesonen på utfordringa, trass i at han vart purra på svar frå den unge «partyfixaren» på prestegarden. I eit brev frå 20. desember – og då nærma jo julehøgtida seg raskt! – kjem det fram at Bjørnstjerne innsåg at det kanskje var for seint for å få varer til ein skikkeleg julefest, og at han med det dessverre måtte gje opp heile ideen om å drikke dei gamle nessetbøndene gode og fulle og under bordet.

Det skulle likevel kome ein ny sjanse berre eit halvår seinare då faren skulle flytte frå Nesset prestegard og arrangerte ein berømt og fuktig auksjon, men det får vere ei annan historie!

Lystig juleselskap for tjenestefolket på Moldegård, 1920-talet. Foto: Romsdalsmuseets fotoarkiv.

Else – En julefortælling

Frå Bjørnstjerne Bjørnson kan me gå over til vennen og forfattarkollegaen Alexander Kielland. For advent er jo også tida for å lese juleforteljingar av ulike slag. Slike forteljingar kan ha ulik bodskap, men ein må vel være så ærleg å seie at dei fleste av dei kan settast i sjangeren «koseleg».

For dei som ønsker å utvide førjulslitteraturutvalet sitt frå Snekker Andersen og liknande historier, finn ein til dømes ei noko dystrare historie i «Else – En julefortælling», skrive av Kielland. Han var som kjent også amtmann i Romsdals amt, med sete i Molde. Og amtmann Kielland var nok av dei som sette pris på både førjulstid og julehøgtid, glad i mat og drikk som han var. For som det heiter seg om forfattaren og embetsmannen Kielland: Ingen har skrive så vakkert om trekkfuglane som han – og ingen har ete dei med så stor glede!

Julevask

I tillegg til mat og drikk, høyrer rydding og vasking til i førjulstida. For sjølv i ein moderne og travel kvardag, er det nok mange som nyttar adventstida til å vaske ned hus og heim til jul. Nokre legg ned ein innsats gjennom heile desember, medan andre tek dette som eit skippertak «dagen før dagen».

For ein del generasjonar sidan fortel kjeldene at det ikkje var uvanleg at fleire menn kjøpte inn ei lita tønne med brennevin på samsen før julehøgtida, og då gjorde dei det slik at dei møtte kvarandre for å dele dette mellom seg ein to-tre dagar før jul. Frå ei romsdalsbygd heiter det seg til og med at dette påverka når ein skulle vaske til jul. Det blir nemleg fortalt at kvinnene venta med julevasken til etter at karane hadde delt brennevinet mellom seg, då dei oftast også smakte rikeleg på varene og ruska det skikkeleg til i stova!

I våre dagar har også førjulstida vorte meir individualistisk, der kvar og ein av oss har mulighet til å lage våre eigne tradisjonar. Kor mykje sukker de vil ha i punsjen får de sjølv avgjere, og likedan når de vil vaske ned til jul. Eller de kan ta eit valg i tråd med dei nyaste helse- og kostholdsråda frå Helsedirektoratet og droppe både punsjen til Bjørnson og innkjøp av brennevinstønner. De kan sikkert droppe grønsåpe og vasking også, om de vil det.

Jul blir det same kva, visstnok!

Ein treng ikkje vere mange for å lage julefest, det er nok med ein tøysekopp og eit trekkspel! Foto: Birkeland / Romsdalsmuseets fotoarkiv.

–> Elin Mordal, Arve Hjelseth, Lise Lillebrygfjeld Halse og Mads Langnes skriver fast på fredager i Panorama.