Nyttårsrakettar over Molde, sett frå taket på Hotel Alexandra nyttårsaftan 1986. Foto: Harald Sæterøy / Romsdals Budstikke / Romsdalsmuseets fotoarkiv

Annus horribilis eller jubelår?

Året 2023 går med det same over til eit nytt, og med 2024 i vente er det på tide å oppsummere året som har gått.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

For dei som har sett på den britiske tv-serien The Crown kjenner ein nok til begrepet «annus horribilis» som ei oppsummering av eit år som ikkje gjekk som ein hadde håp om, for andre har det blitt meir som eit «jubelår».

Annus horribilis

Uttrykket annus horribilis er som de sikkert skjønnar latinsk, og tyder enkelt og greitt «eit fryktelig år». For dei som har følgt med på den royale, britiske tv-serien The Crown, veit me at livet både innafor og utafor veggane i Windsor Castle har gått litt opp og ned gjennom åra. Og då dronning Elisabeth II skulle oppsummere året 1992, fann ho ikkje noko meir dugande begrep enn å kalle dette året for eit annus horribilis. Dette var jo, for de som har sett tv-serien, året då hertugen av York skilte seg frå si Sarah, dottera Anne skilte seg frå sin mann og det brann på Windsor Castle. Og sjølvsagt, som eit høgdepunkt, eller kanskje meir som eit botnpunkt; at kronprins Charles tok ut separasjon frå den folkekjære prinsesse Diana.

Ikkje alle år er like gode. Dronning Elizabeth omtalte året 1992 som eit annus horribilis – eit frykteleg år. Foto: Wikimedia Commons.

For min del som er vakse opp på ein gard der mjølkekyrne gjerne vart oppkalla etter dei til ei kvar tid største celebritetane verda rundt, var det kanskje ei større sorg då kua Diana vart sendt med slaktarbilen nokre år tidligare. Ho var jo eigentleg den snillaste av alle, godlynt og sjeldan velskapt og med fine farger som frå ein Freia-reklame. Men det er for så vidt ei anna sak.

Jubelår

Og så var det dette med jubelår, då.

Det er jo eit begrep som kan høyres festlig, lettsindig og lett og ledig ut. Men også det begrepet har sjølvsagt sin etymologi, eller altså sit opphav.

Opprinneleg stammar det jo frå det latinske «annus jubilaeus», som tyder jubelår. Og frå det jødiske «jobel», som jo betyr basun, av det at dei jødiske jubelåra som vart halde kvart femtiande år vart innleidd med basunblåsing. Men jubelår har også blitt halde i den romersk-katolske kyrkja kvart tjuefemte år, då dei tilbydde avlat til dei som oppfylte visse vilkår. I moderne tid er det nok helst brukt for eit år med sterk framgang, stort utbyte eller liknande. Men i alle fall: jubelår er eit begrep for eit år prega av uvanleg mange positive hendingar.

Kva var 2023?

Men kva år var 2023, eigentleg? Eit jubelår eller eit annus horribilis? Det er sjølvsagt opp till kven ein spør.

For nokon var det kanskje året med ny og spennande jobb, lykkelege familiehendingar eller nytt hus. Og for andre var det kanskje motsett. Det er jo difor me har begrep som annus horribilis og jubelår, slik at desse kan hjelpe oss til å kategorisere åra me har vore gjennom. For same kva; når eit år går over til eit nytt, byr dette skiljet opp til oppsummering og ettertanke.

Publiseringspoeng

For akademikarar i ulike sektorar, er det også viktig å gjere rekneskap for dei såkalla publiseringspoenga ved årsskiftet. Publisering av artiklar, bøker og anna i velrenommerte tidsskrift og på gode forlag gir jo som kjent både kredibilitet og klingane mynt i kassa til institutt og fakultet. No er jo dette systemet for belønning og finansiering av forskningsproduksjon oppe til diskusjon, men enn så lenge: årsskiftet er også der ei anledning for å gjere opp årsrekneskapen for kva ein har «produsert» det siste året, for å seie det med Marx.

For Høgskolen i Molde blir nok også dette årsoppgjeret litt viktigare enn kva ein kanskje hadde tenkt seg, i og med at ein går inn i eit nytt år med større moglegheit enn nokon gong for å gå frå høgskule til universitet. No var jo dette med eit eige universitet i Molde på snakk allereie for vel så 200 år sidan, men enn så lenge har universitetet i Rosenes by latt vente på seg.

Kulturhistorie

For min eigen profesjon, som arbeider mest med kulturhistorie, har me lagt bak oss ein desember full av ulike merkedagar og tradisjonar. Det har vore dagar, netter og kveldar til minne om alt frå Sankta Lucia til apostelen Thomas – og sjølvsagt mest av alt; barnet som vart fødd på sjølvaste julaftan! Dei fleste av desse merkedagane har røter frå katolsk tid, medan noko heng att frå eldre tid, med si høgtiding av vintersolverv og overgangen frå ei stadig mørkare tid, til lysare dagar.

Men kvar finn me sjølve nyttårsaftan, oppi dette?

Tidligare var det vanleg å sende nyttårspostkort, på same måte som julepostkort. Foto: Nasjonalbiblioteket.

Nyttår

For det første, så har jo sjølve nyttårsaftan eller årsskiljet, skifta gjennom åra. Den viktigaste hendinga i så måte, var jo då Europa gjekk over frå den julianske til den gregorianske kalenderen. Dette var ein overgang som tok vel så hundre år, med start i 1582 . Og her heime i Danmark/Noreg var det slik at den gregorianske kalender vart innført i 1700, ved at dagen etter 18. mars brått vart til 1. mars. Med det hadde ein også gjort opp for «gamle synder», reint kalendarisk!

Men betydde dette nyttårsskiftet noko i det heile?

Medan det er mykje å finne i gamle kjelder om folketru og tradisjonar knytt til advent og jul, er det mindre å finne om sjølve nyttårsaftan og overgangen frå eit gamalt til eit nytt år. Men eitt og anna er det, sjølvsagt.

I ei bok om primstaven og merkedagar i Romsdal, les me mellom anna at dei trudde at bjørnen snudde seg på andre sida på nyttårsnatta, der han låg i hiet sitt. Slik vart han visstnok liggande til kyndelsmess (2. februar), då han nok ein gong snudde seg. Og på primstaven var det rissa inn eit hjul eller eit timeglas, som teikn på at det gamle året renn ut. Det var også viktig å sjå på vêret ved nyttårsskiljet for å kunne seie noko om året som venta, i ei tid utan yr.no og andre meteorologiske framskritt frå dei siste hundreåra. Frå Romsdal veit me til dømes at det heiter seg at «julenatt med dropar og nyttårsnatta kald og klår, betyr eit godt år».

Happy New Year

Medan mange framleis i våre dagar har eit religiøst bakteppe for advent og julehøgtid, er det lite å finne av dette knytt til nyttårsåftan og overgangen til eit nytt år. Nyttårskvelden er vel for mange heller prega av ei salig (eller kanskje rettare sagt; verdslig!) blanding av kalkun og restar etter tidlegare julemiddagar, sølvpaljettar, konfetti og bobler i glaset, om det så er ananasbrus eller champagne. Kombinert med ein ABBA-klassikar på repeat på høgtalaren rundt midnatt, er det då berre ein ting å seie: Happy New Year!

–> Elin Mordal, Arve Hjelseth, Lise Lillebrygfjeld Halse og Mads Langnes skriver fast på fredager i Panorama.