Påsketur og påskekrim i solveggen høyrer saman. Her frå Måsvassbu i Rauma. Foto: Birkeland / Romsdalsmuseets fotoarkiv

Påskekrim frå Romsdal

Påskeferien er for mange tida for vårens siste skiturar, halvsmelta kvikklunsj i solsteiken ved hytteveggen – og ikkje minst: påskekrim.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Tradisjonelt sett er vel handlinga i dei mange påskekrim-seriane på tv og i krimbøkene henta frå engelske landsbyar og andre snodige plassar i det «store utland». Men som me skal sjå her: det er meir enn nok av spennande krimforteljingar å finne også frå Molde og Romsdal!

Påskekrim er visstnok eit særnorsk fenomen, der både tv-kanalar og bokforlag sender og gir ut krimforteljingar rundt påsketider. Det interessante, og litt snodige, er at utgivelsane og konsumeringa av desse krimforteljingane altså skal skje rundt påsketider, men der sjølve forteljingane stort sett ikkje har noko med påska å gjere i det heile.

Tradisjonen har visstnok røter i at Gyldendal forlag trykte ein annonse i avisa Aftenposten i 1923. Annonsen likna eit vanlig nyhetsoppslag, og hadde tittelen «Bergenstoget plyndret i natt». Dette var derimot ikkje reelt, men var ein pr-messig smått genial annonse for den nye krimboka til forfattarane Nordahl Grieg og Nils Lie. Frå 1976 kasta også NRK seg på krim-bølgja i påska, og etter det har det vore ein uavbroten tv-tradisjon.

Etter kvart kom det krim i radio, på melkekartongar og i seinare år på ulike digitale plattformer, og det kan sjå ut som om nordmenn berre konsumerer meir og meir påskekrim frå år til år.

Påskekrim frå Molde og Romsdal?

I utallige krimseriar har me sett at Sherlock Holmes fann sine krimsaker i London, unge inspektør Morse i Oxford og  Hercule Poirot både her og der i heile Europa. Men kva med Romsdal, kunne me ha laga ein påskekrim herifrå? Eller har dette vore ein fredfull og roleg plett på jorda, der knapt nok nokon har gjort noko meir kriminelt enn å hamne litt for langt bak gullstriden i eliteserien i fotball år om anna?

Om me går til eldre arkivmateriale og gulna aviser, viser det seg sjølvsagt at det har vore meir enn nok å ta tak i! Romsdalingane har nok ikkje vore noko betre enn småtjuvar i Oxford, kjeltringar i London eller mordarar på Orientekspressen.

Rottekrutt

Me kan starte denne påskekrimmen frå Romsdal med ei grov mordsak frå like ved Molde i 1775. Her fortel rettsdokumenta at Peder Larsen Ekrehagen hadde vorte funnen død, men at det raskt hadde blitt stilt spørsmål om dette var eit naturleg dødsfall. Og med ei etterforsking ein påskekrim verdig, vart heile saka etter kvart nøsta grundig opp.

Det viste seg at Peder hadde vore sjuk og sengeliggande, og kona Anne Eriksen hadde difor gitt han eit glass brennevin med peppar og ingefær oppi. Og me må hugse på at på denne tida var brennevin nesten å rekne som ei universalmedisin, så dette kunne jo høyrest meir enn naturleg ut. Mannen hadde likevel ikkje likt smaken på dette og nekta drikke, men kona hadde nøda han til å drikke opp. Straks etter hadde han fått store smerter, og forstod han var forgifta. Peder sendte så bod etter ein slektning og fekk fortalt at han mistenkte kona for å ha forgifta han, og døydde så tre dagar seinare under sterke smerter.

Under avhøyret kjem det fram at kona nyleg hadde vore på eit apotek i Molde og kjøpt såkalla «rottekrutt», altså rottegift. Ho hadde derimot ikkje brukt dette til smågnagarane, men heller blanda det inn i brennevinet til mannen. Me skal ikkje spekulere for mykje i årsaka, men det kjem i alle fall fram av rettsdokumenta at Anne var 36 år gamal og Peder 70, og at ho meinte seg dårleg behandla.

Med ein tilståelse frå Anne var det tid for dom, og det var av eit slag som knapt nok kunne vore vist i ein påskekrim sjølv i våre dagar! Dette var heilt på slutten av ein lang periode med dels ganske bestialske straffemetodar i den dansk-norske staten, og Anne Eriksdatter fekk verkeleg bøte for sine ugjerningar. Ikkje berre fekk ho ein dødsdom, men det me må kalle ein svært pinefull, valdeleg og grufull dødsdom. I tråd med lovparagrafane skulle ho halshoggast, og dette skulle skje på ein holme ved Bolsøya. Og ikkje nok med det, på tur til rettarstaden skulle ho klypast tre gonger med glødande tenger, og før ho miste hodet under skarprettarøksa, skulle også eine handa huggast av. Dette vart også etter kva me veit den siste halshogginga i nærleiken av Molde, medan den siste i Romsdal skjedde så seint som i 1842.

Sølvtjuveri

Frå grufulle krimsaker ved Molde, kan me i «neste episode» i denne påskekrimmen gå til eit sølvtjuveri i Rauma. I ei rettssak frå 1746 finn me nemleg opplysingar om at den rike bonden Anders Monsås på Torvika i Rauma hadde blitt rana for svært mykje verdisaker, mellom anna skeier, beger, belte og ei brudekrone – alt i sølv.

I rettssaka kjem det fram at det hadde vore ei heil etterforsking for å nøste opp i dette, før tjuven vart teken. Den første opplysinga stammar frå nokre dagar før påske, der ein bonde i Eresfjorden hadde sett to ukjente karar komme ned frå fjellet. Dei hadde sagt dei var hestehandlarar og var på veg i retning Veblungsnes. Nokre dagar etter hadde sølvtøyet forsvunne frå garden på Torvika, der tjuvane hadde laga seg ein stige og klatra inn om ein glugg på stabbursloftet og fylt sekkane sine. Eit par dagar seinare hadde dei blitt observert på ein gard litt oppe i sjølve Romsdalen, der dei hadde rømt unna og gøymt noko i ei steinur når dei lokale bøndene hadde teke kontakt. Eine bonden hadde likevel fått tak i det han tydelegvis hadde oppfatta som ein mistenkeleg kar og slått han ned med ein hammar, les me. Og etter at dei også hadde funne sekkane med sølvtøy, forstod dei nok at dette stamma frå sølvtjuveriet på Torvika som ryktet allereie hadde fortalt om.

Den eine av tjuvane, Olaf Svenske, kom seg unna, medan Ole Helberg vart arrestert. Ole vart også sett i arresten til den lokale lensmannen medan han venta på straffa. Det paradoksale her er likevel at det var lensmannen sjølv som til slutt fekk bot, og det fordi han hadde vore så uforsiktig med nøklane at Ole hadde fått tak i dei og rømt frå heile rettssaka! Så hadde dette vore ein påskekrim, hadde det ligge godt til rettes for ein fortsettelse i neste episode!

Agatha Christie

Den siste «episoden» i denne vesle påskekrimmen frå Romsdal, har eit klientell, ein lokalitet og ei handling som henta frå ein roman av Agatha Christie. Av innhaldet kan me nemne velkledde europearar på tur, eit vakkert hotell og ein pistol. Og ein tragedie. Det heile dreier seg om eit dødsfall på eit hotell på Vestnes i 1905, der saka fekk brei dekning i avisene i si tid.

Eit ungt, vakkert par frå Tsjekkia hadde teke inn på det vesle, men vakre, Hotel Vestnæs i juli 1905. Truleg var paret Jindriska og Rudolf på bryllaupsreise, og det heiter seg at det var inspirasjon frå bøkene til forfattaren Alexander Kielland som hadde gjort at dei la turen til Noreg.

Hotel Stanley, eller Hotel Vestnæs, var åstad for eit tragisk pistolskudd i 1905. Foto: Romsdalsmuseets fotoarkiv

Etter å ha spist middag, gått tur til brua over Vestnesstraumen og konversert litt i salongen, hadde dei teke kveld. Men då morgonen kom, hadde ei av hotelljentene høyrt eit pistolskudd i åttetida. Dette førte sjølvsagt til full oppstandelse på hotellet, og Jindriska vart funnen død med ein pistol i fanget. I følgje avisa Morgenbladet hadde det heile skuldast at ho skulle lade ein pistol, og den lokale legen konkluderte også med at dette var eit vådeskot, og at Rudolf på alle vis var ute av mistanke. Kvifor paret i det heile tatt hadde med seg ein pistol på turen, er derimot meir uvisst.

Men ein krim verdig, var ikkje saken slutt med dette. Det viste seg nemleg at Rudolf hadde kome tilbake året etter og visstnok etterlatt seg diverse dokument og ei bankbok. Då ein tsjekkisk professor byrja interessere seg for saka på 1980-talet, tok han kontakt med banken for å høyre om denne bankboka eksisterte, men fekk som svar at den nok var tapt. Nokre år seinare dukka den likevel opp, og der stod det framleis nokre kroner som Rudolf hadde sett inn i 1906 til framtidig vedlikehald av gravstaden til Jindriska.

Elementært

Som me har sett av desse små historiene, finn me spennande krimhistorier også frå Molde og Romsdal. Går ein til gamle rettsprotokollar og aviser finn ein ei enorm mengde av alt frå hårlugging og skjellsord, til knivstikk, hestetjuveri og alvorlege valdssaker. Så eg kan gjerne råde lesarane om å søke til den lokalhistoriske litteraturen neste påske, i staden for til britiske tv-seriar. Eller kanskje aller helst: ein kombinasjon der de kan lese krimsaker frå lokalhistoria på dagtid og sjå påskekrim på tv på kvelden.

Og finn de løysinga på nokre av dei uoppklarte sølvtjuveria frå den lokale historia, kan de jo gjerne hovere litt og seie som vår gode ven Sherlock: Elementært, min kjære Watson!

–> Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth, Mads Langnes og Knut Peder Heen skriver fast på fredager i Panorama.