Det er lenge sidan toll har vore så i vinden som dei siste dagane. For nokre er dette eit økonomisk verkemiddel frå ei svunnen tid, for andre eit dagsaktuelt grep for handelskrig og rå maktutøving. Og det heile har jo nesten bibelske proporsjonar – for alle kjenner vel til begrepet «tollere og syndere»!

Toll er altså ikkje noko ny oppfinning, men er kjent frå dei tidlegaste tider. Litt forenkla sagt er toll ei avgift på varer som kryssar grenser. Frå bibelske tider verkar det ofte som om dette mest var som ei avgift ulike byar og bystatar tok for å sleppe varer innom bymurane. I seinare hundreår er det derimot oftast snakk om varer som kryssar landegrenser.
Frå nyare tid er toll mest brukt som ei avgift som skal gje staten inntekter og beskytte innanlandsk næringsliv, då importerte varer blir gjort dyrare ved toll. Av dei mest kjente døma frå vår samtid er landbrukstollen, der alt frå franske ostar til dansk smør blir tillagt ein toll som gjer produkta dyrare enn tilsvarande norskproduserte. Målet er sjølvsagt at dette skal gagne dei innanlandske produsentane – altså bøndene – og samtidig gje staten inntekter.
Nokre meiner landbrukstollen er heilt nødvendig for å i det hele tatt kunne oppretthalde eit landbruk under dei klimatilhøva me lever under her i den ytre randsone av den europeiske sivilisasjonen, andre akkar og bær seg over at den same tollen gjer at utvalet av franske ostar og spanske skinker blir både for lite og for dyrt.
Hollendartida
På mange vis kan me også seie at toll var ein føresetnad for at Molde vart by, i si tid. Dei første tiåra av 1600-talet var jo ei svært aktiv og rik tid her i Romsdal, primært grunna den nye oppgangssag-teknologien. Dette var ein revolusjon i trelastnæringa, og det dukka opp eit utal med sagbruk over heile Romsdal.
Og sjølv om dette er 400 år sidan, var tømmerdrifta i høgste grad ei internasjonalt retta næring. For til meir ein produserte på sagene, til fleire skuter kom det frå Holland, Skottland, England, Frankrike og andre fjerne hamner for å kjøpe fjøler, bjelkar og bord.
Det kom fleire titals skuter frå utlandet kvart år, og mest frå Holland. Difor går denne perioden også under namnet Hollendartida her i Romsdal. Og heile handelen var så lukrativ at så godt som all furuskogen i heile Romsdal vart snauhogd i løpet av nokre tiår, men den økologiske kollapsen får vere ei anna sak!
Molde tollstad
For med internasjonal handel følgde det pengar, og dei ville sjølvsagt konge og styresmakter ha sin del av. Det vart difor oppretta ein tollstasjon for området frå Stadt til Hustadvika på denne tida, og frå 1632 veit me også at tollaren var busett og hadde kontor i strandstaden Molde.
Det var sjølvsagt hovudsakleg den enorme tømmereksporten tollarane fokuserte mest på, då den var pålagt utførselstoll. Men utlendingane hadde også med seg sine varer som dei ville selje i Molde og Romsdal når dei kom for å hente tømmer, og desse varene var det innførselstoll på. Denne handelsbonanzaen førte til at Molde vaks frå å vere ei utskipingshamn for tømmer til å bli ein liten by, og frå 1742 fekk staden også byprivilegium.

Tollister
For dei som dykkar ned i arkivet etter tollvesenet, er dei såkalla tollistene ei interessant kjelde til import, eksport, varebyte og internasjonal handel på 1700-talet. Desse viser også at sjølv ein liten by på Nordvestlandet var ein del av internasjonale handelsnettverk, både med tanke på at me får opplyst kva skuter som kom og kvar dei kom i frå, og ikkje minst: kva varer dei frakta med seg og som tollarane sirleg noterte i sine lister.
Me forstår jo at ein vil finne kjente importprodukt på tollistene, slik som kaffi, brennevin og tobakk. Men leiter ein litt i desse protokollane, ser ein det var hundrevis av ulike varetypar som vart tollklarerte inn over Molde tollstad. Og variasjonen var verkeleg stor, så ein må nesten lure på kven som var kjøpargruppene til desse varene. På 1700-talet finn me til dømes brød bakt i Bergen, cider, snusdåser, engelsk jord, fiken, fiolar, fiolinstrengar, kamelgarn, kakaobønner, kanarifuglefrø, korintar, safran, sitronar, ostindiske tørklede, engelsk øl og ungarsk hodevann, kva no det måtte vere! Eller rettare sagt: hodevann var ei velluktande væske til å lukte på for ikkje å besvime eller for å halde seg våken i kyrkja, fortel leksikonet. Så klart ein årleg måtte importere rundt 10 glass av slikt til Molde, som tollistene viser!
Syndarar
Det er klart at med ein så omfattande handel som det var, så var det nok ikkje alle skuter og alt av varer tollarane og tollbetjentane rakk over. Ein kjenner også til mange historier om tollarar som var villige til å late att auga for delar av skipslastene, om dei berre vart kompenserte for det under bordet.
Og kan hende er det nettopp denne delen av «businessen» til tollarane som har gjort at dei ofte blir nemnt i same ordelag som syndarane? Me kjenner i alle fall til fleire tilfelle av tollsvik og tollarar som både fekk bøter og vart avsette også i Molde.
Tollkonfliktar
Dei siste dagane har toll på ny kome opp til debatt, då amerikanarane sin nye president har teke til orde for ein handelskrig med både nabolanda Canada og Mexico, Kina og Europa – og det med toll som ammunisjon. I kva grad Noreg blir råka av dette er framleis uvisst, men det er i så fall ikkje første gong me har vore i skyttargravene med høge tollsatsar flagrande rundt øyrene.

Av dei mest kjente tollkonfliktane, finn me striden med dei såkalla vin-landa i 1921-1922. Dette var ein konflikt mellom klippfiskeksportørar som Noreg og Island på eine sida, og vinproduserande land som Spania, Portugal og Frankrike på andre sida. Stridens kjerne var at avholdsbevegelsen hadde fått så mykje vind i segla i Noreg på denne tida, at det vart innført forbod både mot brennevin og heitvin. Og med det fekk sjølvsagt ikkje vinbøndene lengre sør i Europa selje varene sine til Noreg.
Særleg Spania og Portugal vart fornærma over den tapte marknaden i nord, då dei produserte populære heitvinar som sherry, portvin og madeira. Motsvaret deira var difor å innførte høg toll på fiskevarene som nordmennene for sin del ønskte å eksportere til den iberiske halvøya. Denne tollkrigen svei også mykje for den norske fiskeeksporten, då den brått falt ein heil del. Det drastiske fallet i eksportinntekter var difor sterkt medverkande til at heitvinsforbodet vart oppheva i 1923, og då løyste også krangelen med Spania og Portugal seg og straffetollen vart fjerna.
Nåde
Den norske tollkonflikten med Spania og Portugal var ikkje første gongen toll har vorte brukt som maktmiddel mellom nasjonar, og heilt sikkert ikkje den siste. Det ser me jo berre no dei siste dagane, der frihandelen frå dei siste tiåra brått blir stogga av tollmurar både her og der.
Så la oss avslutte med å vende tilbake til bibelen og Lukasevangeliet. Der ender likninga om tollaren og farisearen med at tollaren innsåg si menneskelege svakheit og utbraut «Gud, vær meg synder nådig!» Og så får me berre håpe at dagens mest kjente tolltilhengar innser det same.
–> Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth, Knut Peder Heen og Mads Langnes skriv fast i Panorama.