Rituell omskjæring av et guttebarn. Foto: Cheskel Dovid (CC BY 3.0)

Kampen for forhuda

Eg veit – det er litt ekkelt å prate om. Eit vanskeleg tema er det også. Kjønnsorgan og forhud, religion og kultur. Seksualhelse og moglege skadar, amputasjonar – og i verste tilfelle også dødsfall.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.
Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Likevel vel eg å prate om det. Eg har nemleg store problem med å forstå – og endå større problem med å forsvara – at vi i 2016 skal tillate at små gutungar blir utsette for eit irreversibelt inngrep i religionsfriheitas namn. (Religionsfriheita til foreldra, vel og merke.)

Det er ikkje snakk om å fjerne ein øyreflipp. Det er for så vidt forbode. Men det er snakk om å fjerne ein følsam del av eit friskt kjønnsorgan på små ungar som ikkje på nokon måte kan nekte. Denne delen har ein funksjon, og når delen er borte, er han borte for alltid. Vel, eg har høyrt om karar som prøver å få hjelp til rekonstruksjon av forhuda i USA, men det er ikkje mogleg å få det til som det ville ha vore utan inngrepet.

I tillegg inneber inngrepet ein risiko for komplikasjonar, alt frå at det går vondt i såret (det er gjerne bleieungar det er snakk om) til dødsfall. Heldigvis er det ikkje mange prosent som døyr som følgje av omskjering, men i himmelens namn (uttrykket er valt med vilje): kan vi forsvara at ein einaste unge døyr som følgje av eit rituelt inngrep som ikkje er medisinsk nødvendig? I USA har det vore anslått at om lag 100 gutungar døyr kvart år etter komplikasjonar  grunna omskjering. Vi har hatt tilfelle her i Noreg også (Dagblad-lenkje).

I ei sak vart ein far dømt for vald mot sonen sin for slag, men han vart ikkje dømt for å ha tvinga guten ned på golvet for så å skjera av han forhuda på brutalt vis. Det siste er ikkje ulovleg. Eller jo, i 2014 vedtok stortingsfleirtalet å gjera eit lite forsøk på å betre rettane til dei gutane dette gjeld. Det vart då vedteke at ingen kan initiere eller gjennomføre omskjering av gutar på kjøkkenbenken eller andre ueigna stader. Inngrepet skulle frå då av skje i offentleg regi eller ved private klinikkar godkjente av det offentlege, og for første gong vart det pålagt smertelindring.

Det vart rekna med at om lag 2000 gutar blir omskorne i Noreg i året. Fram til i vinter, etter at lova hadde vore i funksjon eit drøyt år, hadde berre om lag 80 ungar vorte omskorne i det offentlege. Alt tyder på at mange ungar framleis blir omskorne i uordna former og utan smertelindring, somme her til lands og somme i utlandet.

For denne lova, som eg sjølv var mot, har nokre openbare svakheiter. Sjølv om det er ulovleg no å gjennomføre inngrepet utanfor det offentlege, synest det ikkje som om nokon følgjer opp ungane. Helsepersonell kan ved mistanke varsle politiet, men politiet har ikkje hatt ei einaste sak mot nokon som har teke initiativ til eller gjennomført omskjering på ulovleg vis. I tillegg er det ikkje ulovleg å ta med ein gut som bur her i landet til eit anna land for å få utført inngrepet utan smertelindring og med ukyndig gjennomføring.

Eg meiner den einaste vegen å gå er å innføre ei aldersgrense på 18 år for dette inngrepet. Derfor la eg saman med nokre Sp-representantar til fram forslag om dette under stortingsdebatten i 2014, men vi vart solid nedstemte. Eg er mykje meir oppteken av den kroppslege integriteten og menneskerettane til den enkelte ungen enn eg er av religionsfriheita til foreldra. Den største årsaka til at dette er eit så vanskeleg tema, er at jødane – som ein liten og historisk sett særs plaga minoritet – utfører rituell omskjering på spedbarn.  Men det som er viktig å merke seg, er at det også blant jødar oppstår nye former for religiøse markeringar til erstatning for omskjering. Det finst til og med ein eigen organisasjon som heiter Jews Against Circumcision.

Det er også vanleg med omskjering av gutar i den muslimske verda, så ja, dette er eit vanskeleg tema. Men vanskelege tema må også takast opp. Og er det eit trekk ved samfunnet vårt dei siste åra som eg set stor pris på, er det nettopp det at vi set rettane til sårbare grupper og ungar høgare og høgare. Vil vi setje rettane til smågutar høgt, innfører vi ei aldersgrense for rituell omskjering på 18 år.

–> Hallgeir Gammelsæter, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge er faste spaltister i Panorama.

  • Ronny Johansen

    Omskjæring av barn, gutt eller jenter er barbarisk. Rasjonelt sett, uavhengig om man følger en religiøs ideologi er det uriktig å ta en avgjørelse når det kommer til fjerning av en frisk fungerende kroppsdel fra et annet menneske.

    Det eksisterer ingen ideologi som kan rettferdiggjøre realistisk sett et slikt inngrep på et uskyldig og forsvarsløst barn.

  • Porfirio Gutierrez

    Hva med hanekyllingene som kvernes og Kalkun som adri ser dagens lys? Barbari?!

    • Comrade Pootie

      Her kunne det vært interessant å få innblikk i hvordan dette kan relateres til temaet.

      Arnulf Strand

  • BlackbirdBandit .

    Hvorfor ble kommentaren min fjernet? Kan ikke se hva som var støtende?

    • Arild Johan Waagbø

      Det vil bli slettet igjen, jfr. reglene for debatt i Panorama: «Kommenter gjerne artikler og innlegg, men gjør det med fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet. Den digitale meningsutvekslingen er ikke redigert på forhånd, men innlegg som bryter folke- og presseskikk vil bli slettet.»

      • BlackbirdBandit .

        Ah, den biten med fullt navn fikk jeg desverre ikke med meg. Kan desverre ikke publiser med fullt navn pga jobben min. Håper du har en fortsatt god kveld og takk for opplysningen.