Sjølv om mange av oss set pris på fjellturar, blir dei fleste norske turane gått i nærområda der folk bur, opp lia eller langs fjorden. Eller i parken og på fortaua, skriv Jenny Klinge. Foto: Arild J. Waagbø

Birkenkrøll og den norske turen

Er det ein trussel mot folkehelsa at Ap-leiar Jonas Gahr Støre gjekk Birken i helga? Ut frå kommentarane til helseminister Bent Høie på førehand, kunne ein tru det.

Høie sa til VG at det er uheldig med all merksemda på det ytre og det materielle kring Birken-rennet, og at «faren ved at terskelen blir for høy er at vi skremmer en del folk tilbake til sofaen».

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.
Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Som mangeårig forkjempar for trimturar i nærområdet og trim utan konkurranseføremål, forstår eg jo kva Høie meiner. Eg er heilt einig i det han seier om at «det er viktig at vi som helsepolitikere ikke bidrar til å forsterke et inntrykk av at det eneste saliggjørende er å gå Birken». Spørsmålet mitt er likevel: må vi verkeleg setje dette opp mot kvarandre? Skal vi tvinge leiande politikarar til å halde seg unna lange renn fordi om andre av arten menneske ikkje er i stand til – eller ser verdien av – å gå så langt?

Når Høie meiner vi må slutte å rette peikefingeren mot dei som ikkje trener nok, og heller løfte tommelen opp for dei som gjer litt, er det sympatisk tenkt. Eg er einig – alle skritt fram er eit framskritt i denne samanhengen. Men det ville også vera sympatisk å slutte å rette peikefingeren mot dei som trener mykje. Folk har rett og slett forskjellige føresetnader og forskjellig behov, og ein skal jo ikkje behøve å skjemmast fordi om ein bruker ein laurdag i året på å gå 54 km på ski?

MER AV KLINGE: Betre med våpen for hand?

For om lag ti år sidan skreiv eg ei prosjektoppgåve om temaet «Turglede på stiar og skogsvegar», der undertittelen var korleis ein kunne tilretteleggje for meir fysisk aktivitet. Eg har sjølv alltid hatt stor glede av å gå tur, fordi det styrkar både kropp og sinn, betrar humøret og stimulerer tankeverksemda.

Ein interessant innfallsvinkel til den norske turganginga finn vi i artikkelen «Hvordan jeg lærte å gå på tur» av sosialantropologen Long Litt Woon (Dahle og Øvergaard (red.): Naturforvaltning og friluftsliv, kap 10). Ho kjem opprinneleg frå Malaysia, men bur i Noreg. Long skildrar den første norske turen ho var med på, til Prekestolen ved Lysefjorden, og korleis ho strevde både med dei fysiske utfordringane og ikkje minst med å forstå vitsen med denne turen. Ikkje tala turdeltakarane noko særleg med kvarandre undervegs. Sveitte og slitne vart dei, og matpausen og tida til å nyte utsikta var altfor kort før dei begynte å gå tilbake.

Etter mange turar gjekk det opp for Long at det ikkje er endepunktet for ein tur som er det store målet for nordmenn, men turen i seg sjølv. Det å ha vore ute i flott natur og vera sliten etter å ha strevd seg opp bratte bakkar ute i frisk luft er belønning i mangfald for mange nordmenn.

Long gjer eit poeng av at dette er kulturelt betinga, for noko tilsvarande finn ikkje ho i hennar opprinnelege kultur. Likevel tileigna ho seg etterkvart den norske turgleda som eit tillegg til gleda over den malaysiske måten å gå tur på – denne siste helst i flatt terreng i roleg tempo på kveldstid saman med gode vener.

Eg håpar at denne norske måten å gå tur på ikkje skal gå tapt med tida. For folk som er uvant med å vera ute og som er i dårleg form, er det – som Høie peikar på – betre å gjera litt enn ingenting. Små turar er gull verdt sjølv om Birken er ute av syne. Ein treng då heller ikkje å gå til Prekestolen eller Galdhøpiggen for å gå ein «norsk tur». Sjølv om mange av oss set pris på fjellturar, blir dei fleste norske turane gått i nærområda der folk bur, opp lia eller langs fjorden. Eller i parken og på fortaua.

Det at Ap-leiar Støre går Birken er ikkje nokon trussel mot desse turane.