På bileta ser du studentar som deltok i sesongkorrigerte antrekk mindre enn tre veker før dei er på veg inn i ein velfortent påskeferie, og lengre bak skimtar de kva natur de kan leika dykk i både sommar og vinter. Foto: Privat

På ekskursjon til Hydro Aluminium

Fredag for ei uke sida henta Nettbuss logistikkstudentar ved høgskulen for å ta dei med på ein ekskursjon til Hydro Aluminium på Sunndalsøra.

Av OLAV HAUGE, amanuensis og studieleiar

Studentar hadde lansert ekskursjonen, og det var eit tilbod til alle studentar i første studieår ved høgskulen. Bussen køyrde via Bergsøya og plukka opp studentar i Kristiansund.

Lars Marius Bræin fortalde kort om Sunndal kommune og fabrikkanlegget som var plassert på Sunndalsøra for å få tilgang til kraft. Anlegget blei opna i 1954 og kraftforsyninga kom frå Aura som hadde bygt ein kraftstasjon i fjellet like ved sentrum av Sunndalsøra. På det meste har over 1 270 vore tilsette ved anlegget, i dag er det i underkant av 900 tilsette. Hydro Aluminium er ei hjørnesteinsbedrift i ein kommune på rundt 7 000. Kommunen har eit godt utbygd kommunalt tilbod med skular, barnehagar og idrettsanlegg, og ein fantastisk natur. Sunndal er eit eldorado for folk som har sansen for litt meir ekstreme utfordringar. Studentane fekk sjå ein kort video med ei rekkje skiutøvarar som utnytta fantastiske skiutfordringar rundt om i kommunen.

Hydro Aluminium i Sunndal, sett fra toppen av Litlkalkinn (1389 moh.) Foto:Carl S. Bjurstedt (CC BY 2.5)
Hydro Aluminium i Sunndal, sett fra toppen av Litlkalkinn (1389 moh.) Foto:Carl S. Bjurstedt (CC BY 2.5)

Logistikkansvarlege Kåre Magne Lingjerde gjekk gjennom dei sentrale logistikkopplegga der Hydro Aluminium har valt å ha full kontroll med heile forsyningskjeda. Dei utvinn bauxitt frå Barcarena frå anlegg dei eig i Brasil for å ha kontroll over heile verdikjeda. Inne på anlegget i Sunndalen fullfører dei aluminiumsproduksjonen. I tillegg har dei kapasitet til å smelta om det dei kjøper inn av aluminium, kjøpt som såkalla kaldmetall. Det ferdige produktet er anten ein aluminiumsbarre eller stolpeliknande, sirkelforma ferdigmetall. Kundane finst over heile verda, og den ferdigproduserte aluminiumen endar opp som veggfasadar, vindusrammer eller bildeler og komponentar i mobiltelefonar.

Til sist viste guidar oss rundt inne i hallane og ute på anlegget. Hydro Aluminium bruker 5 % av det totale straumforbruket her i landet. Inne på anlegget går transporten kvar dag like langt som ein tur/retur Sunndalsøra – Oslo. Innlogistikken går i hovudsak sjøvegen, selskapet er slik ei typisk internasjonal bedrift på Vestlandet. Dei dekker over 1/3 av aluminiumsproduksjonen i Europa, men vel ikkje å fullføra det som blir ferdige aluminiumskomponentar til sluttbrukar. Ved å utsetja produksjonen (postponement) får dei ei fleksibel og mindre kostnadskrevjande verdikjede som styrkar marginane  og lettar drifta som er plassert langt unna kundane.