Dei to høgskulane i Møre og Romsdal har liten grunn til å vere nøgde med årets framlegg til statsbudsjett.
Av JOHANN ROPPEN, rektor ved HiVolda
Regjeringa foreslår ei rekkje store og små endringar i måten høgskular og universitet blir finansiert på. Kort sagt tilfører endringane meir pengar til dei største universiteta i dei største byane. Eitt av fylka som kjem dårlegast ut er Møre og Romsdal:
- Høgskulen i Volda taper 6,2 mill.
- Høgskolen i Molde taper 5,4 mill.
Når ein ser på kor store kutta er i prosent av det samla budsjetta til dei to høgskulane, blir Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde spesielt hardt ramma av omlegginga. I 2017 foreslår regjeringa å gje eit ekstra tilskot for å dempe effektane av dei mange endringane, men det er berre ei overgangsordning. I 2018 vil den nye ordninga slå inn for fullt.
I praksis betyr budsjettet færre FoU-arbeidsplassar i Møre og Romsdal – eit fylke som frå før scorar lågt både når det gjeld generelt utdanningsnivå og statlege arbeidsplassar.
Volda og Molde er ikkje aleine om desse kutta. Dei nye universiteta og høgskulane landet rundt må dei komande åra rekne med mindre budsjett, om framlegget til statsbudsjett og med det endra finansieringssystem blir vedtatt og ikkje minst vidareført i 2018.
Khrono: Statsbudsjettet: Større utslag enn venta (6. oktober 2016).
Det er høgst uklart kva statsbudsjettet har å bety for NTNU Ålesund. Aktiviteten i Ålesund vil bli styrt frå mange ulike fakultet og institutt frå NTNU i Trondheim. Dessutan har NTNU signalisert at dei skal skjere ned på talet på administrativt tilsette og har innført stillingsstopp for administrativt tilsette. Det er vel større sjanse for at det blir færre enn fleire tilsette ved NTNU Ålesund i framtida enn i dag. Men dette blir ikkje bestemt av politikarane gjennom prioriteringar i statsbudsjettet, men av prioriteringar av styret ved NTNU.
Denne sterke prioriteringa av dei store byane er ikkje noko nytt i vår sektor. Blant anna peika dåverande direktør for Møreforsking, Roar Tobro, på dette i ein kronikk i 2012 at det var ein myte at forskingsmidlane blei «spredt jevnt utover». Dei fire store universitetsbyane stakk av med ca 90 prosent av alle forskingsmidlane og midlane frå Noregs forskingsråd. No ser det ut til at regjeringa vil forsterke denne tendensen.
Forskerforum: Forskningens geografi (14. mai 2012).
Interessant nok finst det også internasjonale forskingsresultat som tyder på at å prioritere berre toppmiljø faktisk kan vere skadeleg samla sett, og at også forsking er avhengig av både topp og breidde.
Forskerforum: Jakt på «excellence» skadar forskinga (7. oktober 2016)
Eitt av måla for regjeringas forskingspolitikk er at dei norske universiteta og høgskulane må vinne fleire forskingsmidlar i konkurransen i EU. Norske universitet og høgskular har vore for dårlege i denne konkurransen. Men er det rett å flytte midlar frå dei minste til dei største for å vinne fram i denne konkurransen? Overført til fotballverda så er det no slik at midlar blir flytta frå breiddeklubbane til dei få klubbane som tek poeng i europaspel og som alt i utgangspunktet er rigga for å vinne EU-midlar gjennom sterk grunnfinansiering.
Ein annan ting er at denne premieringa av EU-midlar fungerer slik at til færre poeng som blir tatt i Europa, til betre betaling blir det per poeng – fordi det blir færre å dele på.
Ein ting er sikkert: For dei andre partia enn regjeringa er det mykje å gripe tak i for å gjere statsbudsjettet for 2017 betre. Det bør også regjeringspartia vere opne for.
Her er nokre framlegg:
- Reduser premiering av avlagte grader frå 20 til 10 prosent, slik det vart foreslått av eit utval i 2015. Utslaga av denne ordninga er langt større enn det sektoren hadde grunn til å vente og tid til å førebu seg på.
- Budsjettet medfører ein kraftig reduksjon i finansieringa av etter- og vidareutdanning. Det er neppe i tråd med behova til dømes i skulen og eit samfunn der kompetanse vert stadig viktigare som konkurransefaktor.
- Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde får ingen stipendiatstillingar i framlegget til statsbudsjett. Her bør lokale og regionale politikarar vere vakne og styrke fylket med nye kompetansearbeidsplassar.
- Det er muleg å styrke vektlegginga av resultat utan at det går ut over basisløyvinga til institusjonane. Det kan gjerast ved å gjere den nye budsjettmodellen budsjettnøytral ved å kalibrere resultatløyvinga mot basisløyvinga, slik det har vorte gjort tidlegare ved større endringar i finansieringa av statlege høgskular. Dermed får vi tid til å omstille oss og tilpasse oss den nye modellen.
-> Innlegget ble først publisert på Johann Roppens blogg.