Sosiale medier. Foto: Jason Howie (CC BY 2.0)

Er du heilt på nett, eller?

Det kan bli både for lite og for mykje av oss politikarar. Men det som er sikkert, er at politikarar må rekne med å bli vurderte nøye, av media og veljarar. Om vi er ofte nok på nett, er eitt av målekriteria.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.
Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Nyleg har Sylvi Listhaug fått veldig mange fleire følgjarar på Facebook. Ho har visst gått frå om lag 7000 følgjarar til over 105 000 følgjarar på nokre månader. Dette vart sagt på Ekko på P2 nyleg. Dei intervjua nemleg han unge og framadstormande FrP-aren som har vorte tilsett for nettopp å hjelpe Listhaug med framstøytet på sosiale media. For eit par veker sidan las eg i ein kommentar i ei avis at Listhaug utmerkar seg med å vera så flink på sosiale media. Den sterkt veksande følgjarskaren var eitt av bevisa på kor flink ho er.

Då eg fekk høyre om han nye «spinndoktoren» på Ekko, som er forklåringa på følgjarboomen, må eg innrømme at eg tenkte «aha, ho har fått hjelp!» samtidig som eg pusta litt letta ut. For ein kan jo kjenne seg litt taparaktig når ein i travle arbeidsveker som stortingsrepresentant ikkje klarer å levere like godt på nett som ein travel statsråd. Når eg no veit at  løysinga er å tilsetje nokon, er konklusjonen min at det får heller vera. Det har verken eg eller partiet lyst til eller råd til. Og eg veit ikkje om det tener innbyggjarane og veljarane om eg gjer det heller.

Når det er sagt, så veit eg jo at eg kan bli ein del flinkare i sosiale media – også ved eiga hjelp. Problemet er helst at eg ikkje giddar å bli så veldig flink. Dersom eg skal auke aktiviteten min så mykje at det gir utslag i form av ros frå media, kjem eg ikkje til å kunne ha eit anna liv enn politikken – dersom eg då ikkje likevel tilset nokon for å ta seg av alle kommentarane og meldingane som kjem til å tikke inn til alle døgnets tider.

Allereie no får eg mange meldingar på seine kveldar og helg. Til og med på julekvelden og nyttårskvelden finn folk det for godt å ta kontakt om politiske hjartesaker eller generell frustrasjon. Ei langt større mengde med slikt ville føre til at eg kasta telefonen i dass. Gjer dette meg til ein dårlegare politikar enn Listhaug, som kan få andre til å svara for seg? Som tilsynelatande er tilgjengeleg til ei kvar tid, men som kan eta juleribba eller pinnekjøtet i fred?

På Ekko på P2 hadde dei også eit klipp der Listhaug reklamerte for Facebook-sida si. Ho vil nemleg at endå fleire skal «like» sida. Ho sa dette: «Inviter slekt og vener til å joine gjengen, slik at fleire skal få bodskapen».

Eg håpar dei fleste innbyggjarar og veljarar i dette landet finn meir meining i å «joine» andre gjengar enn denne. Ja, alle politikarar ønskjer å få fram kva vi arbeider for og kvifor. Sosiale media er ein arena for å vise fram dette. Eg set også stor pris på dei innspela og tilbakemeldingane eg får gjennom desse kanalane. Men det må ikkje bli slik at vi som ikkje har same framgangsmåte som Listhaug blir stempla som udugelege viss vi – naturleg nok – framstår som mindre hyperaktive på nett enn dei som har aktivitetshjelparar.

I periodar kan vi slite med senebetennelse i armen pga for mykje mobilbruk og tastaturbruk (som eg slit med no i førjulsstria), i andre periodar kan vi vera for travle med å få til viktige politiske resultat til å pønske ut FB-statusar. Innimellom reiser vi svært mykje, og andre gongar kan vi til dømes ha sjukdom i familien som gjer at det ikkje er naturleg å vera meir på nettet enn å vera saman med den som er sjuk. Er vi normale menneske med normale liv, som i tillegg har hand om vår eigen Facebook-profil, vil det vera grenser for kor ofte vi oppdaterer og finn på digitale sprell.

Sosiale media er viktig, også for politikarar. Den dagen kvaliteten på ein politikar blir synonymt med å vera ein racer i sosiale media, helst ved hjelp av innleigde krefter, då finn eg likevel på noko anna å halde på med.

–> Hallgeir Gammelsæter, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge er faste spaltister i Panorama.