«Lykke til!»-hilsener til studentene pryder Molde campus i eksamenstida. Foto: Arild J. Waagbø

Svar til Kai Olsens innlegg om «Lykke til»-kampanje

Av ROLF MAGNUS ORØ, studiemiljøkoordinator

Kai Olsen seier mellom anna følgjande i sitt innlegg:

«Dette handler ikke om at en faglærer skriver «Lykke til!» sist i eksamensoppgaven. Jeg sluttet med dette for mange år siden, men det har uansett liten konsekvens. Dette handler om at høgskolen har en «Lykke til!»-kampanje i eksamenstiden. Det er å vektlegge gal side. Om vi skulle ha noen kampanje skulle det vært «Lær å jobbe med faget», «Test deg selv i pensum», «Hvordan jobbe i gruppe», osv., i starten av semesteret!

Da er det i hvertfall et håp om at kampanjene skal ha reell effekt.»

Til orientering:

I tillegg til det som ulike faglærarar gjennomfører av studieteknikk-tips i sine timer, har følgjande tilbod vore gitt til studentane hausten 2016:

«Ny student – GPS»

Dette var eit to timars tilbod til alle førsteårs studentar i løpet av dei to/tre første vekene  ved skulestart. Studentrådgjevar og studiemiljøkoordinator hadde førebudd og gjennomførte ei lang rekke timar av dette opplegget. Det hadde som mål å skape ein større bevisstheit rundt det å vere nye student, korleis ein tar vare på seg sjølv, sine medstudentar og korleis skape gode arbeidevanar.

Utover hausten har skulen gjennomført følgjande tilbod om studieteknikk:

Onsdag 31. august: 

«Ny som student – studieteknikk»

Foredragshaldar: Per Kristian Rekdal

(Per Kristian er ein sers engasjert og populær høgskulelektor, som mellom anna har engasjert seg sterkt i å få gjennomført ei kursrekke i studieteknikk.)

Onsdag 28. september:

«Superstudent»

Foredragshaldar: Olav Schewe

(Han er ein mykje brukt foredragshaldar og forfattar av boka «Superstudent».)

Onsdag 12. oktober:

«Leseteknikk med mere»

Foredragshaldar: Linda Bøyum-Folkeseth

(Ho er ein sers populær høgskulelektor, som mellom anna fekk pedagogisk pris i 2016.)

Onsdag 26. oktober:

«Eksamen – venn eller fiende?»

Foredragsholder:  Stål Bjørkly

(Stål er professor i psykologi, og har med masse erfaring med å hjelpe folk som førebur seg til pressa situasjonar.)

Onsdag 9. november:

«Videoundervisning – HiMoldeX – bra og/eller dårlig?»

Innlegg og debatt om korleis HiMoldeX kan brukast i undervisninga. Her deltok både studentar og tilsette med innlegg og i paneldebatten. Publikum tok også del i debatten.

Onsdag 16. november:

«Stressmestring og tidsplanlegging i eksamenstida»

Foredragshaldar:  Marit Rønning Lund

(Marit er studentrådgjevar for NTNU i Trondheim, og har gjennomført mange kurs i studieteknikk.)