Kart over Romsdal fogderi frå slutten av 1800-talet, rett før fogderiinndelinga i realiteten opphøyrde. (Utsnitt)

Fogderifylket Møre og Romdal – eit førestilt fellesskap?  

Møre og Romsdal er kjent for å vere eit «fogderifylke» kjenneteikna av ei rekkje utfordrande konfliktar mellom dei tre tidlegare fogderia Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

At det har vore større skilnader og brytningar internt i Møre og Romsdal enn i dei fleste andre fylke, er utvilsamt. Samstundes blir det hevda at dette også har medført eit større konfliktnivå enn i dei andre fylka, og at dette framleis gjer seg gjeldande i dag. Museumsinstitusjonane i fylket har no fått midlar frå Kulturrådet til å forske på dette temaet. Målet er å utfordre relevansen av, og problematisere i kva grad og på kva vis, dei historiske skiljelinene og konfliktane, og dei potensielt førestilte fellesskapa og førestilte skiljelinene, er samtidsaktuelle faktorar i området også i dag og inn i framtida. I denne omgang skal me difor sjå litt på den teoretiske overbygninga som vil bli brukt inn mot prosjektet.

Fogderifylket

I fylkeshistoria for Møre og Romsdal heiter det seg at Romsdals amt (noverande Møre og Romsdal fylke) var eit «vaklande amt» frå opprettinga sist på 1600-talet, grunna ei tverr-regional tilknyting og inndeling der Sunnmøre opphavleg låg under Bergenhus stiftamt og Bjørgvin bispedøme, medan Romsdal og Nordmøre låg under Nidaros stiftamt og bispedøme. Og sjølv i norsk målestokk, verkar det som om motsetnaden mellom fogderia har vore både særs stor og langvarig, heilt frå 1600-talet og fram til dagen i dag.

Kvart fogderi hadde ein fogd som øverste leiar. Her fogd Børge Eeg (1677-1764), som var fogd i Romsdal fogderi.

Som eit brennheit samtidsaktuelt tema har dette mellom anna vist seg i ein langvarig sjukehus-/lokaliseringsstrid i seinare år, med steile frontar mellom politikarar, i mange og krasse lesarinnlegg i avisspaltene og i samfunnsdebatten. Meir generelt gjeld dette også ei rekkje andre spørsmål knytt til administrativ inndeling og politikk, lokaliseringsspørsmål gjeldande offentlege tenester, næringsliv og næringsutvikling, samferdselsspørsmål, identitet, kulturelle uttrykk, språk og dialekter, lags- og organisasjonsliv osb. Ein del av desse sakene har også ført til usemje, og det som både i politiske fora, i media og hjå ålmenta i fylket er kjent som ein såkalla «fogderikamp».

Samtidsrelevant forskingsprosjekt

Noreg er midt inne i ei regionreform, der styresmaktene heilt frå 1990-talet har arbeidd med og utgreidd både geografisk inndeling og vurderingar av kva administrative oppgåver som skal ligge til dei einskilde fylka/regionane. Denne forvaltingsreforma er også ein prosess Møre og Romsdal har vore inne i, med både politiske utgreiingar og debatt i media om tilknyting både til ein vestlandsregion og ein midt-norsk region. Etter vedtak i fylkestinget vart det valt å halde fram som same geografiske eining som tidlegare, liggande mellom dei nye storfylka/regionane Trøndelag (Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag) og Vestland (Hordaland og Sogn og Fjordane).

Eit forskingsprosjekt knytt til regionen/fylket Møre og Romsdal i historisk perspektiv, men der granskingane legg vekt på stoda i dag og med eit blikk frametter i tid, vil difor ha samfunnsmessig relevans både for å forklare historia til det geografiske området Møre og Romsdal, men samstundes kommentere eit høgst levande samtidsfenomen.

Kart over Romsdal fogderi frå slutten av 1800-talet, rett før fogderiinndelinga i realiteten opphøyrde.

Til saman vil dette difor vere eit forskingsprosjekt som tek utgangspunkt ikkje berre i å skildre dei regionale, administrative, identitetsmessige og kulturgeografiske skilnadane i eit kulturhistorisk perspektiv, men som skal leggje vekt på å utfordre og problematisere i kva grad og på kva vis desse historiske skiljelinene er samtidsaktuelle faktorar i området i dag. Musea er jo også sjølve ein part i dette i eit metaperspektiv, med si historiske rolle som forvaltarar og formidlarar av fogderivise særtrekk og identitetar, men der ein no ønskjer å vere med på å utfordre og overskride desse historiske fenomena inn i eit samtidsperspektiv. Dette skal gjerast ved å gjennomføre eit forskingsprosjekt som skal finne årsaksforklaringar bak dei fogderioverskridande brytningane, konfliktane og samarbeida desse skiljelinene har medført sidan opprettinga av amtet/fylket i 1671 og fram til i dag, og som skal leggje vekt på å forklare og utfordre relevansen av desse potensielt førestilte fellesskapa og førestilte skiljelinene inn i samtida og framtida.

Teoretisk overbygning

For å nærme oss problemstillingane knytt til det å finne årsaksforklaringar bak dei fogderioverskridande brytningane, konfliktane og samarbeida dei ulike skiljelinene i fylket har medført frå 1600-talet til i dag, er det valt å nytte ei regiontilnærming som omdreiingspunkt og teoretisk overbygning.

Målet med ei slik tilnærming, er at ulike teoriar om kva som utgjer ein region, vil vere nyttige for å nærme seg Møre og Romsdal både som konstruksjon og dekonstruksjon – og at det skal gje eit teoretisk fundament til å forklare fortid, samtid og framtid for «fogderifylket» Møre og Romsdal.

Kart over kommuneinndelinga i Møre og Romsdal midt på 1900-talet.

Ein region kan jo definerast på ulike vis, men felles for desse elastiske definisjonane, er at regionen på eit eller anna vis utgjer ei eller anna form for geografisk eining. Den finske regionalgeografen Anssi Paasi har kontekstualisert dette omgrepet i sine metodiske tilnærmingar, og er ein mykje nytta teoretikar i defineringa av regionar. Ifølgje Paasi blir ein region sett til å vere ein abstrakt størrelse som fungerer som forventingshorisont, der forventingane kan strukturerast kring fire aspekt, nemleg forminga av regionen som territoriell, symbolsk og institusjonell størrelse, samt etableringa av regionen som ein størrelse i samfunnet sitt romlege hierarki og bevisstheit. Regionen blir med det definert til å vere ein institusjonell konstruksjon med ein uttalt kollektiv dimensjon som spenner over eit lengre tidsrom. Regionen er med det ikkje berre eit rammeverk for ulike fenomen, men også ein prosess.

Som historikaren Dag Hundstad skriv med referanse til geografen Reinhold Castensson, kan ein region også vere både ein identitetsregion og ein referanseregion. Opp mot desse omgrepa vil det knyte seg ein kollektiv identitet til identitetsregionen, medan referanseregionen fungerer som hjelpemiddel eller referanse for å identifisere geografiske objekt og deira relasjon til kvarandre, og dermed strukturere ei kompleks geografisk verkelegheit. Hundstad trekker vidare inn sosiologen Benedict Anderson, som hevdar at innbyggjarane i ein region i varierande grad vil oppleve ei samhørighet, og at ein region, likt med ein nasjon, kan seiast å utgjere eit førestilt fellesskap.

Møre og Romsdal som eit førestilt fellesskap?

Regionen er med andre ord ei førestilling om at ein avgrensa del av folket har ei tilhørighet til og ein identitet knytt til eit meir eller mindre definert geografisk område. Og som samfunnsvitaren Hans Kjetil Lysgård skriv, kan ein region på dette viset definerast som ei gruppe si kollektive historie, representert ved førestillinga om samfunnet sine institusjonaliserte sosiale praksisar knytt til eit område. Lysgård har vidare peika på at ei slik tolking ofte har opna for at det har vorte stilt spørsmål ved om slike regionar «eigentleg» eksisterer i absolutt forstand,  når ein har diskutert den romlege organiseringa av samfunnet. Men som Lysgård skriv, meiner han spørsmålet om eit konkret territorium kan kallast ein region eller ikkje, ikkje er eit relevant spørsmål, då ein heller må spørje seg om i kva forstand det geografiske området kan kallast ein region – noko som eigentleg er eit spørsmål om kva intensjonar og formål som ligg bak ideen om ein region.

Amtstinget (fylkestinget) – her anno 1910 – bestod tidlegare av ordførarane frå alle kommunane i fylket.

Ut frå dette kan ein stille spørsmål ved når Møre og Romsdal vart etablert eller konstruert som ein region, ikkje berre reint administrativt, men også som opplevd identitets- og referanseramme og som ein territorial og symbolsk størrelse i samfunnets romlege forståing. I denne samanheng må det presiserast at omgrepet region er brukt om ei eining innanfor rammene av ei statsdanning, plassert under statsnivået, og med vekt på politisk-territoriell inndeling, men der det også må stillast spørsmål ved om denne var kulturelt betinga og om det var ei økonomisk integrering og samhandling.

Samstundes må det stillast spørsmål ved om dette – ei slik integrering og danning av eit felles førestilt fellesskap – nokon gong har skjedd i røynda, eller om det er dei tre fogderia og den meir overordna landsdelstilknyttinga som i staden har vorte opplevd som ei samhørigheit eller eit førestilt fellesskap for innbyggjarane i Møre og Romdal?

I tilfelle det siste viser seg å stemme, med det ein kan kalle ein identitetsmessig lokalisme i staden for ein regionalisme, må ein vidare leite etter årsaksforklaringar bak dette, då eit slikt funn i så fall vil bryte med den forventa tilknytinga til ein geografisk-/administrativ struktur som trass alt har ligge fast sidan 1670-talet.

Og kvifor har i så fall ikkje Møre og Romsdal hatt noko felles identitetsskapande og meiningsdannande elite som har greidd å danna ein tydeleg regionidentitet, slik som ein i eit jamførande perspektiv kan seie at ein hadde både internt, og særleg i det ein kan kalle ein slags diaspora, gjeldande danninga av t.d. identitetsregionane Sørlandet og Nord-Norge frå slutten av 1800-talet og utetter? I ein kvar nasjon, og dels region, vil det jo vere bestemte førestillingar knyta til innbyggjarane i ulike delar av denne geografiske eininga. T.d. er sunnmøringane kjent som entreprenørar, medan nordmøringane er kjent som meir frodige og lettsindige enn innbyggjarane i dei andre fogderia i fylket. Slike folkepsykologiske essensialiseringar er resultat av ein kategoriseringsprosess som inngår i den regionale klassifikasjonen, samtidig som det er hevda at regionale stereotypiar av eit slikt slag, vart introdusert på eit høvesvis seint stadie i nasjonsbygginga, med få spor før mot slutten av 1800-talet.

Propagandaskrift for deling av fylket frå 1948.

Framtidsscenario

Det vil også vere ei interessant vinkling å utgreie nokre potensielle framtidsscenario for Møre og Romsdal, ut frå synet om at ein region ikkje nødvendigvis er ein fast geografisk størrelse, men er område som kan vere i endring både geografisk, administrativt, politisk, kulturelt, økonomisk og med omsyn til namn på regionen eller i høve identitet. Ut frå ei teoretisk overbygning knytt til regionomgrepet, vonar ein at ei slik vinkling skal gje fruktbare tilnærmingsmåtar til dei ulike felta som skal granskast for «fogderifylket» Møre og Romsdal sin del.

Og berre for å ha sagt det til slutt: lova om avskaffing av den norske fogderiinndelinga kom så tidleg som i 1894, så det at «fogderia» framleis er så viktige i Møre og Romsdal, er jo utvilsamt ganske spennande! Så stay tuned, som det heiter, og følg med på kva som kjem ut av dette forskingsprosjektet!

Litteratur:

Døssland, A.: Fylkeshistorie for Møre og Romsdal, bd. I. Oslo 1990.

Hundstad, D.: Historikeren som regionbygger. I: Historisk tidsskrift 1/2012.

Lysgård, H. K.: Regioner som forestilte fellesskap – hvordan og hvorfor? I: Heimen 2/2007.

–> Mads Langnes, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.