Utsnitt av kart som viser kommuneinndelinga i Romsdal før 1964, med bygdelaget Vågstranda midt i kartet. Kjelde: Romsdalsmuseets fotoarkiv.

Innbyggjarinitiativ og grenseendringar

 Med unionsoppløysinga frå Danmark i 1814 starta ein demokratiseringsprosess i Noreg, med overgang frå eit einevelde med kongen i København, til at ein for første gong fekk ei folkevald forsamling,

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Stortinget, som skulle vere med på å styre landet. Noko lokaldemokrati medførte likevel ikkje innføringa av det folkevalde nivået, då dette først skulle komme med formannskapslovene eit par tiår seinare. Det kommunale sjølvstyret som vart innført med formannskapslovene av 1837 vart med det ein del av demokratiseringa av landet, då det nye folkevalde organet medførte eit større lokalt sjølvstyre og overføring av løyvande, forvaltande og kontrollerande makt frå embetsmennene til landdistrikta.

Geistleg og verdsleg inndeling

Det var dei gamle prestegjeldsgrensene som låg som ein premiss for kommunegrensene frå 1837, då styresmaktene såg behovet for å knyte det nye, kommunale sjølvstyret til allereie etablerte og tilvante geografiske einingar. I Romsdal svarte dei fem kommunane Grytten, Nesset, Bolsøy, Aukra og Bud også til grensene for prestegjelda frå 1837, medan ein hadde nytta ein særregel i lova slik at det store Veøy prestegjeld alt frå starten av var delt i dei to kommunane Veøy og Vestnes. I tillegg utgjorde kjøpstaden Molde ein eigen bykommune, der den låg som ein liten enklave midt i landkommunen Bolsøy.

Nedanfrå og ovanfrå

Medan det ved innføring av formannskapslovene var sju landkommunar i Romsdal, hadde dette stige til 16 rett etter første verdskrigen – godt over ei dobling i løpet av 85 år! Dei mange delingane frå 1837 og utetter hadde fleire ulike årsaker, der geografi, avstand og kommunikasjonar var av dei mest vanlege argumenta. Det må likevel leggjast vekt på at endringane i kommunestruktur mellom 1837 og mellomkrigstida må vurderast som reguleringar nedanfrå, frå lokalsamfunna sjølve, der så vel heile kommunar som sokn og bygdelag tok initiativ til slike endringar.

Det var først då Schei-komiteen byrja sine utgreiingar etter andre verdskrigen, at det kom eit initiativ ovanfrå. Sentrale styresmakter ønskte då ei motsett utvikling, og argumenterte med at større administrative einingar ville vere meir gunstig for gjennomføringa av viktige samfunnsoppgåver i lokalmiljøa. I all hovudsak vart resultatet i 1964 også ei tilbakevending, der ein i mange høve gjekk attende til dei opphavlege grensene frå 1837. Samstundes våga Schei-komiteen å utføre ein del grensereguleringar over einskilde bygdelag eller krinsar, for å få høvelege og framtidsretta kommunar. Med det var ein også mest tilbake til start, då ein frå 1964 hadde åtte kommunar i Romsdal, mot dei sju ein hadde frå 1837.

Postkort frå garden Våge på Vågstranda, ca. 1920. Kjelde: Romsdalsmuseets fotoarkiv.

Innbyggjarinitiativ på Vågstranda

Også i våre dagar kjem det innbyggjarinitiativ til endring av kommunegrenser. Eit dagsaktuelt tema i Møre og Romsdal er bygdelaget Vågstranda i Rauma kommune, der Vågstranda Vel med heimel i inndelingslova sendte ein søknad om å bli flytta over til grannekommunen Vestnes i 2016. Fylkesmannen er ansvarleg instans for å utgreie denne prosessen, og har våren 2019 gjennomført ei innbyggarundersøking som viste at eit klart fleirtal i bygda ønskte ei slik grensejustering. Kommunestyra i dei to kommunane skal også uttale seg i løpet av mai månad, før Fylkesmannen kjem med si innstilling til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i juni. Og så får me sjå då, om det blir noko grensejustering denne gong. For dette er ikkje noko ny problemstilling viser det seg, om me går til dei historiske kjeldene.

Veøy kommune

Veøy hovudsokn, med bygdelaga Sekken, Vågstranda, Nesjestranda, Veøya, Mittet og Holm, og Rødven sokn, med bygdelaga Rødven og Holmemstranda, utgjorde Veøy kommune frå 1837. Og trass i at prestegjeldet  gjekk gjennom fleire endringar i geistleg, administrativ inndeling utetter 1800- og 1900-talet, endra ein ikkje noko på kommunegrensene fram til kommunen vart delt i 1964. Då gjekk bygdene Vågstranda, Rødven, Holmemstranda, Holm og Mittet inn i den nye storkommuenne Rauma saman med dei tidlegare småkommunane Eid, Voll, Hen og Grytten, medan resten av den gamle Veøy kommune vart ein del av den nye storkommunen Molde.

Innbyggjarane frå Vågstranda hadde likevel ifølgje arkivkjeldene sendt ein søknad om å skilje seg frå Veøy og utgjere ein eigen kommune allereie i 1878, etter at bygdelaget hadde vorte eige kyrkjesokn ti år tidlegare. Kommunestyret nedsette ein komité for å greie ut av spørsmålet, men heile saka stranda då eit fleirtal i komiteen i 1887 innstilte på at ei deling ikkje var å tilrå. Eit av argumenta til komiteen var at ein ikkje hadde god nok kunnskap til kva innbyggjarane sjølv meinte, og saka vart utsett og gjekk etter kvart i gløymeboka for denne gong.

Schei-komiteen

Då Schei-komiteen arbeidde med eit framlegg til ny inndeling i indre Romsdal på 1950- og 60-talet, ser me også at Vågstranda medførte ei stor utfordring for denne reformkomiteen. Eit av alternativa som vart utgreidd var å slå saman Vike frå Vestnes kommune, Vågstranda frå Veøy kommune og heile Voll kommune til ein kommune på sørsida av Romsdalsfjorden. Komiteen fann det vidare rett at innbyggjarane på Vågstranda sjølv måtte få velje tilknyting mot Vestnes eller mot Voll og Grytten, om noko slikt skulle vere ei aktuell løysing.

Veøy kommune var altså ei særleg utfordring, der den låg med mange bygdelag spreidd kring fleire sider av romsdalsfjordbassenget.  Vågstranda låg på sørsida av Romsdalsfjorden, ein hadde øya Sekken midt i fjorden, Nesjestranda på nordsida av Langfjorden, Mittet og Holm på sørsida av same fjorden, Holmemstranda på sørsida av Rødvenfjorden og Rødven på nordsida.

Postkort frå Reistad på Vågstranda, ca. 1920. Kjelde: Romsdalsmuseets fotoarkiv.

Vågstranda

Og medan nokre kommunar var redde for å miste noko, var andre meir gåvmilde. I Veøy kommunestyre gjekk ein til dømes samrøystes inn for å skilje seg av med vågstrendingane, men der ein heller ville ha eit tillegg av Eid kommune eller bygdelaget Vistdal, og så halde fram som eigen kommune med Åfarnes som kommunesenter. Og som det heiter seg i eit brev frå nokre kommunestyrerepresentantar frå Nesjestranda: «Vågstranda er allerede skilt fra Veøy i folks bevisthet her. Alle er fortrolige med det». Og som ordføraren i Veøy skreiv til komiteen; «Å slå Vågstranda sammen med en dvergkommune som Voll eller Tresfjord ser jeg som en ulykke» – og han meinte vågstrendingane burde søke saman med både Voll, Grytten og Hen. Ein kommunestyrerepresentanten frå Vågstranda støtta opp under dette, med argumentasjonen om at «Alle kjenner fordelene ved å tilhøre en større og solid kommune i motsetning til en liten og avmektig». Og attåt alt vart det halde eit allmannamøte på Vågstranda, der det same resultatet kom fram etter kva som står å lese i referatet som vart sendt Schei-komiteen.

Endring er normalen

Som me har sett, har både kommunedelingar, samanslåingar og grensejusteringar vore normalen gjennom mykje av tidbolken frå 1837 og fram til 1964, medan dei siste tiåra med stabil kommunestruktur meir kan sjåast på som eit unnatak. Ikkje minst har bygdelaget Vågstranda i noverande Rauma kommune vore eit område der både kommunestyrerepresentantar, innbyggjarar nedanfrå og reformkomitear ovanfrå har diskutert kvar grensene skal gå gjennom historia. Og så får me sjå då, kva Fylkesmannen innstiller på i juni 2019 – og om det blir «leave» eller «stay» i denne omgangen med «Vågstrexit»!

Les meir: Mads Langnes: «Kommuneinndelinga i Romsdal. Eit administrasjonshistorisk oversyn frå 1837 til i dag» i Romsdalsmuseet årbok 2015.

–> Mads Langnes, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.