Under partileiardebatten på NRK1 12. august måtte eg blesa ut litt på Facebook.
Det er sjeldan eg bruker store bokstavar i heile ord, men då skreiv eg: «Dersom nokon har lite kunnskap om politikk og ønskjer å lære meir, bør dei IKKJE sjå partileiardebatten. Dersom nokon har lågt stressnivå i kvardagen og ønskjer å auke stressnivået, bør dei ABSOLUTT sjå partileiardebatten. Makan til avbrytelsar og mangel på fullførte resonnement.»
Eg skal innrømme at eg sjeldan ser slike debattar. Eg hadde sikkert sett fleire dersom eg ikkje var stortingspolitikar sjølv. Eg held på så mykje med politikk at det kan vera greitt å gjera noko anna dersom eg likevel har fri ein kveld. Likevel vil eg jo innimellom følgje med på korleis min eigen partileiar gjer det i debattane, og eg kan vera spent på om justispolitikk og politireform blir nemnt.
Slike gongar set eg meg ned i sofaen og tenkjer at «denne gongen blir det sikkert bra». Dessverre er det sjeldan optimismen er velbegrunna. Det er avbrytelsar og tjåking og masete framferd frå deltakarane si side, og dessverre også frå programleiarane si side. Og det er dette siste eg lurer på om er kimen til problemet. Ordstyringa.
Har programleiarane ambisjonar om å halde styr på debatten, eller vil dei helst at den skal gå over styr for underhaldninga si skuld?
Det kan hende norske toppolitikarar er vanskelege å halde kustus på, og at det berre må bli slik det blir. Og eg skal ærleg innrømme at eg truleg hadde oppført meg omtrent likeeins som desse partileiarane dersom eg måtte delta sjølv.
Ikkje fordi eg hadde ønskt det, men fordi dei fleste av oss blir prega at stemninga rundt og av framferda til dei andre.
Likevel klarer eg ikkje å sleppe tanken om at det burde vera mogleg å få til dette betre enn slik dagens partileiardebattar utviklar seg. Det burde også vera noko TV-kanalane ønskjer seg sjølve, for mange med meg blir skikkeleg frustrerte og leie av å sjå på slik kakling og masete debattar.
–> Kjetil Kåre Haugen, Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.