Sand. Foto: VV Nincic (CC BY 2.0)

Sanninga om sand

Den mengda naturressursar vi menneske forbrukar, som olje og vatn, er ofte problematisert. At forbruket vårt av sand og grus er kritisk høgt, er kanskje dei færraste klar over. For framtida vår sin del må temaet truleg engasjere langt fleire.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Sjølv høyrer eg kvar veke på ein tysk podcast som heiter «Hintergrund». Der får eg høyre om saker som ikkje nødvendigvis er øvst på dagsorden i Noreg, men som i høgste grad er interessante og viktige. Episoden «Sand» frå 5. januar i år var ein slik. Og den skremte meg, må eg innrømme.

Etter vatn er sand nemleg den naturressursen som det blir brukt mest av. Sand og grus av forskjellig kvalitet gøymer seg i betong, teglstein, glas, gater og dammar. Forbruket og etterspørselen er lite dokumentert, men anslaga viser at forbruket nok har tredobla seg på 20 år. Det årlege forbruket er så stort at det ville vore nok til å byggje ein 20 meter høg og 20 meter brei mur kring ekvator – kvart år.

Sjølv om det er enorme sand- og grusressursar i mange land, er ressursane likevel forgjengelege. Sand er jo eit resultat av erosjon av fjell gjennom tusenvis av år på grunn av is, regn, bekkar, elver, bølgjer og vind. Avsetningane av sand finn vi mest av i elver og i havet. Det skremmande er at dersom ein tek utgangspunkt i forsiktige anslag, er det årlege uttaket av sand dobbelt så stort som den mengda sand verdas elver avset.

Per innbyggjar brukar Singapore mest sand. Dette er ein liten stat som har bestemt seg for å forstørre landarealet sitt. Singapore var 581 kvadratkilometer den 9. august i 1965, då dei vart uavhengige frå Storbritannia. Sidan har dei brukt meir enn 500 millionar tonn sand for å utvide landarealet meir enn 20 prosent. Dei har importert sand frå Indonesia, Malaysia, Thailand og Kambodsja for å oppnå dette.

Som eit resultat av massive sanduttak til bruk i Singapore, har heile strender forsvunne. I Indonesia har 24 sandøyer rett og slett runne ut i havet. Dette har ført til at den økonomiske sona til Indonesia har vorte endra, og dei har mista rettar i havet på grunn av arealtapet.

Indonesia, Malaysia og Kambodsja har no innført eksportforbod, og Singapore kjøper derfor sand frå mellom anna Australia. Prisen på sand har stige kraftig etter eksportforboda, og dette har ført til ein stor illegal marknad. Og prisen aukar ikkje berre i Asia: Prisauke på sand over heile verda fører til rovdrift på sandressursane.

For Singapore med sitt sandbehov er trass alt eit lite land, og det finst mange andre land der etterspørselen er stor. I absolutt forbruk av sand er Kina størst. Det blir bygd nye hus, dammar og gater i eit enormt tempo der.

Utruleg nok har Kina dei tre-fire siste åra brukt meir sand og grus til betongproduksjon enn USA har gjort dei siste hundre åra. Kina står truleg no for mellom 55-58 prosent av verdas sand- og grusforbruk.

Det blir forventa at Afrika kjem etter, eit kontinent der prognosane tilseier ei dobling av folketalet innan 2050. Auka etterspurnad heng sjølvsagt saman med folketalsauke, men òg med at stadig fleire menneske flyttar til byar. Afrika har lite sand bortsett frå i kystområda. Problemet med sand frå desse områda er at sand med høgt saltinnhald eignar seg dårleg til høghus og anna der betongkvaliteten er særleg viktig.

Den forventa auken i betongproduksjon er på 5,5 prosent årleg verda over. I Hintergrund-episoden «Sand» blir eit årleg tak på uttak av sand og grus drege fram som nødvendig å vurdere.

Det er viktig å vita at all sand ikkje er sand i denne samanhengen. Ørkensand, som ein skulle tru det fanst meir enn nok av, er for rund og finkorna til å eigne seg i betong. Sand som er resultat av erosjon andre stader i verda har ein annan struktur og er meir kantete, og eignar seg derfor betre til sterke byggjeelement.

Det beste er å ta ut sand frå sandtak på land, men etterspørselen og prisen gjer at det oftare og oftare blir teke sand i og ved elver og frå kysten. Dette fører til erosjon, at landområde forsvinn ut i elver og hav.

Somme stader trengjer saltvatn lenger inn på land på grunn av uvettige sanduttak og øydelegg landbruksjord. Andre konsekvensar er at grunnvasstanden søkk, at drikkevatnet blir forureina og at risikoen for flaum stig. Det har også dramatiske konsekvensar for ville dyr og økosystema i dei ramma områda.

Uttak av sand er ikkje regulert i alle land, og i somme av dei landa som har regulert sanduttak finst det òg problem. Som i India, der det har utvikla seg mykje kriminalitet knytt til verksemda og der det er 7000 ulovlege uttaksstader. Kina har forbode uttak av sand frå elver, noko som er positivt. Når både Kina og andre land byggjer demningar i store elver, stoppar dei likevel sanda frå å renne vidare nedover i elvene.

Det er ikkje berre enkelt å bremse forbruket av sand og grus. Mellom anna er det framover eit stort behov for å demme opp mot havstiging og aukande stormar. Som samfunn er vi alt for avhengige av sanda, men bruken av sand må regulerast betre og det må forskast på erstatningar.

Når 80 prosent av verdas befolkning førebels bur i hus som ikkje har meir enn to etasjar, kan vi jo også spørje om det er rett at nye hus stadig bør vera høghus – der ein ofte bruker store mengder betong – eller om det heller bør satsast på lågare hus og andre byggjemateriale. Eg for min del tenkjer at bruken av tre som byggjemateriale bør få sin store revolusjon der det er mogleg.

Sand og grus har vore sett på som eit andreklasses og evigvarande råstoff. Etter å ha dukka ned i ein tysk podkast har eg slutta å sjå på det slik…

NB! Alt det eg skriv om i denne teksten er henta frå Hintergrund-episoden «Sand» frå 5. januar 2020, og innhaldet er omsett frå tysk av meg. Eg tek atterhald om at noko kan vera feil omsett, sjølv om eg trur alt skal vera rett. Når det gjeld mengdene sand som er nemnt, er dette basert på anslag og ikkje nøyaktige registreringar. Men Hintergrund-redaksjonen understrekar at det er snakk om forsiktige anslag. Det kan altså vera verre enn dei nemnte tala viser.

–> Kjetil Kåre Haugen, Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.