Arbeidepartiets Else-May Botten (t.v.) bak plexiglas og Jenny Klinge på Stortinget i går. Foto: Jenny Klinge

Plexiglas for demokratiet

Koronatrusselen set grenser for menneskeleg kontakt og dei fleste respekterer dette. Likevel vart det baluba då plexiglas skulle setje grenser mellom stortingsrepresentantane i ein trong stortingssal. Eg tykkjer kritikarane kan ta seg kvar sin bolle med ein meters avstand.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Vi skulle stemme over bioteknologisaka i Stortinget den 26. mai. I denne kontroversielle saka la KrF inn krav om at absolutt alle stortingsrepresentantar skulle møte opp til avstemminga. H og V støtta dei i dette.

Presidentskapet måtte såleis godkjenne kravet om full sal til votering også i ei tid med strenge smitteverntiltak og øvre grenser for folkemengder som er langt lågare enn det samla talet på 169 stortingsrepresentantar.

Andre avstemmingsalternativ ville i ei så omfattande sak med mange framlegg ta mange timar. Dei ville heller ikkje gi veljarane same informasjon om kven som stemte kva som dei får til vanleg.

Siv Jensen (frå det ikkje alltid like framstegsretta partiet Framstegspartiet) uttalte dette til VG: «Det er helt vilt å bruke en kvart million på et midlertidig tiltak, for en votering i stortingssalen. Vi har greid oss godt gjennom behandlingene i Stortingssalen de siste ukene, hvor vi har begrenset hvor mange som sitter i salen, av hensyn til smittevern.»

Eg har vore til stades i salen nokre av desse vekene. Eg meiner det er mest flaks som har gjort at vi har klart oss godt, og at plexiglasa godt kan få stå lenger enn den eine dagen.

Avstandskrava har vore umogleg å oppretthalde under møtestart og under avstemmingane, sjølv med eit smittevernrelatert minumum på 87 representantar til stades. I ein vanleg situasjon utan smittefare ville vi jamt over vore om lag 104 i salen.

Stortingsrepresentantane er som folk flest stort sett fornuftige folk som har lytta til smittevernråd. Likevel har det til og med for meg – som kanskje er meir skeptisk til smitte enn gjennomsnittet – vore umogleg å unngå nærkontakt.

Påstanden min er at plexiglasa skulle kome før. Desse platene som no står mellom dobbeltseta i stortingssalen har same funksjon som plexiglasa som har kome opp mellom betjeninga og kundane i mange butikkar. Dei skal hindre smittespreiing mellom menneske.

Plexiglasa i Stortinget kostar truleg om lag 225 000 kroner. Dette kosta det å sikre landets øvste folkevalte mot unødvendig smittefare under denne spesielle avstemminga. Men ikkje berre det: Det kan også under seinare stortingsmøte bidra til å sikre at vi ikkje dreg med oss smitte vidare til andre folk i landets ulike krikar og krokar.

For vi er eit reisande folk, vi som sit på Stortinget. Sjølv om vi reduserer reiseaktiviteten mykje ei tid no, bur vi jo rundt om i heile landet. Eg meiner vi har eit ansvar for å gjera tiltak som hindrar unødvendig smittefare også frå oss til andre.

Det er lett å score billige poeng på dyre plexiglas i Stortinget. Dette samfunnet tener likevel meir på at vi minner oss sjølve om verdien av eit levande demokrati der vår felles velstand er bygd på gjensidig tillit og stor innsats.

Smitteverntiltak kan utruleg nok vera verdt det også når det gjeld å laga fysiske grenser mellom stortingsrepresentantar i denne koronaens tidsalder.