Markus Slyngenborg Jensen er veldig glad for å få arbeide for Pep Guardiolas klubb, Manchester City. Foto: Privat

SpM-student fekk drøymejobb for Manchester City

Markus Slyngenborg Jensen (22) er andreårs masterstudent i Sport Mangement ved høgskulen, og har i desse dagar fått ein jobb mange drøymar om. Han har nemleg blitt «Norwegian country captain» for Manchester City.

Av SARAVIN SADSARALINGAM

Det var ein heilt vanleg dag, så fekk eg ein varsling frå studieleiar Solveig Straume om at det var ein ledig jobb for Manchester City, seier Jensen, som no arbeider for eit byrå som betener Premier League-meistrane.

Jensen som er frå Halden, og som har bachelor i media og kommunikasjon ved UiA (Universitetet i Agder) meinar at kompetansen frå bacheloren og læringa han har fått og kjem til å få i masteren ved Høgskolen i Molde, kjem veldig godt med i denne jobben.

– Eg har blant anna vore på utveksling i Hong Kong og Tyskland, så eg kan også ta med meg veldig mykje frå desse opphalda, seier ein glad Jensen når han forteljar oss om jobben.

Det å arbeide for Premier League-meistrane er noko mange drøymar om. Manchester City har det siste tiåret vakst veldig, og har vunne fem ligatitlar, to FA-cupar og seks ligacuptitlar berre på den tida.

Men har enno ikkje vunne Champions League, kor dei vart tapande finalist tidlegare i år.

– Det tok nokre dagar for meg før det gjekk opp at eg skulle begynne å jobbe for sjølvaste Manchester City, seier Jensen.

Jensen har blant anna jobba for Idrettsklubben Start, og han har hatt drøymar om å jobbe for klubben i sin heimby, Kvikk Halden. Men når sjølvaste Manchester City kjem på bana, er det ikkje eit vanskeleg val.

Jensen kommer no til å følgje City tett. Ein del av jobben er å sjå alle kampane klubben speler.

Jensen forteljar at store delar av jobben går ut på å kartlegge og jobbe for å auke interessen og supportertalet for City-fans i Noreg.

– No har eg nyleg starta i denne jobben, men framover kommer vi til å ha individuelle møter med sjefane mine, kor eg rapportere og gir informasjonen eg har jobba med, seiar Jensen.

Studieleiar for master-studentane i Sport Mangement ved høgskulen, førsteamanuensis Solveig Straume, seier det var Manchester City sjølv som tok kontakt med den internasjonale avdelinga ved skulen og tilslutt Solveig sjølv. Ho seier at City meinte at masterprogrammet ved høgskulen var veldig interessant, og lurte på om nokken av studentane kunne tenkje seg å bli tilsett i ein deltidsstilling for Manchester City.

– Dette er ein unik moglegheit for Markus, noko eg synes er kjekt. Eg håpar og veit Markus kjem til å ta vare på denne moglegheita, og eg synes det er stas at lille Molde er synleg i den store verden, seier Straume, som er veldig glad og stolt over at City tok kontakt og at Markus fekk jobben.

For Jensen framover vil mykje av tida hans bli brukt til den nye jobben, men han seier han fint kjem til å klare å kombinere skule og jobb . Han skal også reise til Manchester for å delta på seminar og workshop, og sjå kampar på Citys storstue, Etihad Stadium. Det er namnet stadionen fekk etter ein tiårs-avtale inngått i 2011 med Etihad Airways.

– Etter oppkjøpet i 2008 av oljesjeikane i Abu Dhabi United Group, har klubben vakst veldig mykje, og eg gledar meg til å reise til Manchester snart og få oppleve fotballstemninga i Manchester, seier Jensen, og avsluttar med at han håpar korona-restriksjonane roar seg.