Mikael Haga (21) er klar for tre år med sjukepleiestudiar i Molde. Foto: Saravin Sadasaralingam

Sjukepleiarstudent Mikael herjar i 3. divisjon

Sjukepleiarstudent Mikael Haga (21) er blitt ein lokal fotballsensasjon etter storspel for Træff i 3. divisjon.

Av SARAVIN SADASARALINGAM

Mikael Haga er førsteårs sjukepleiarstudent ved Høgskulen i Molde. Han har vore i Eidskog og Kongsvinger på Austlandet, men er no spelar for 3. divisjonslaget Træff her i Molde. På ein strukturert måte, har Mikael klart å kombinere studiar med fotballen.

– Strukturerte dagar kor eg kombinere studiar med fotballen har vore essensielt for meg, seier Mikael.

Etter å vore eitt år i Forsvaret, har Mikael spelt litt for andrelaget til Kongsvinger, før det blei ein liten pause når koronaen kom. Denne sommaren fekk Mikael plass i troppen til Træff etter prøvespel i sommar, og den moglegheita har hatt tatt godt vare på. Til no står han med tre mål på fire kampar for Træff, og heile ni (!) mål på tre kampar for Træff 2.

– Vi er rundt fem-seks studentar frå høgskulen som er med på Træff, og samhaldet og nivået synes eg er bra. For min del tok det eit par kampar før det lausna, men eg føler eg er i ein fin flyt no, seier Mikael.

Moldestudentenes Idrettslag har eit eiget studentlag i fotball, dei spelar i 5. divisjon. Molde 3, som også spelar i 5. divisjon, har sju-åtte studentar på laget av rundt 22 spelarar.

Mikael forteljar til oss at han blei svært overraska, i positiv forstand, over kor hyggelege folk var her i Molde. Han meiner at studentmiljøet her er perfekt for hans del, når han skal kombinere sjukepleiarstudiar med fotball.

Når vi høyrer med han om hans ambisjonar, så seier han at han vil spele på det høgast moglege nivået. Han seier det er viktig å legge ned eit godt grunnarbeid, og at det hjelper med ein god trenar, og peiker på Træff-trener Petter Sjåholm Melø.

– Eg synast Petter er ein dyktig og seriøs trenar, som legger opp til gode treningar og taktisk smarte spel i kampar. Det har resultert i at vi er med å kjempe om opprykk i år, seier Mikael.