Johann Roppen er videre i rektorvalget. Foto: Arild Waagbø

Takk, så langt!

Det var med stor glede eg mottok resultatet frå første runde av rektorvalet, og eg vil med dette takke dei mange som stemte på meg.

Av JOHANN ROPPEN, professor

Eg håper dette var resultat av at eg undervegs i denne valkampen har møtt mange ved Høgskolen i Molde og fått og tatt i mot mange råd og innspel frå interesserte og engasjerte studentar og tilsette, både i Molde og i Kristiansund. Gradvis har eg vorte meir og meir kjent med høgskulen og med dei viktigaste spørsmåla som opptek studentar og tilsette, og motivasjonen vart ikkje mindre etter første valrunde. Men eg kjem til å vere i ein lærefase i lang tid framover, og vil legge vekt på å bli godt kjent med og framsnakke alle dei tre avdelingane, administrasjonen og dei to studiestadene som utgjer Høgskolen i Molde.

Eg vil også gratulere Svein Bråthen med å ha blitt valt til prorektor, og er sikker på at eg vil kunne samarbeide godt med han.

Dette er ikkje plassen for å gjenta kva eg ønsker å gjere som rektor. Det har eg gjort greie for i to andre artiklar i Panorama:

Rektorkandidat Johann Roppen, frå A til Å

Dette vil Roppen gjere for studentane

Men no nærmar det seg den endelege valdagen og då vil eg ta opp eit par andre spørsmål:

Rektor ved Høgskolen i Molde skal også skal peike ut to viserektorar for forsking og utdanning, og om eg blir valt til rektor har eg som mål å peike ut to kvinner i desse posisjonane. I vurderinga vil eg også legge vekt på avdelingsrepresentasjonen. Det er mange som er kvalifiserte for slike roller, og eg tek naturlegvis gjerne ta i mot råd om viserektorkandidatar blant dei mange dyktige fagfolka ved Høgskolen i Molde.

Det er mogleg at viserektorane bør forplikte seg for kortare tid enn fire år, for ordninga med viserektorar bør evaluerast, og det vil vere naturleg at viserektorane blir sterkt involverte i ein slik prosess.

Eit anna spørsmål som eg har fått dei siste dagane er kva eg meiner om framtidig satsing i Kristiansund. Som vi veit har regjeringa varsla framtidig utdanningssatsing både på helse- og sosial, IT og berekraft. Og eg forventar at Høgskolen i Molde løyser nasjonale oppgåver på alle desse tre områda gjennom satsing både i Molde og Kristiansund, altså nye studietilbod eller fleire studieplassar.

I samband med det vil eg også nemne at Høgskulen i Volda i samarbeid med Campus Kristiansund og Kristiansund kommune nett har søkt midlar om å få starte fulltids masterutdanning som grunnskulelærar i Kristiansund hausten 2024.

Samtidig opplever eg at Høgskolen i Molde har vokse raskt og mykje dei siste åra, og det er nødvendig å styrke organisasjonen og å fjerne eventuelle flaskehalsar for å handtere framtidig vekst og fagleg kvalitet. Fagleg tilsette må i større grad få gjere faglege oppgåver og i mindre grad administrative oppgåver. Det trengst også meir kapasitet til å gjennomføre campusutviklingsplanen.

Studentdemokratiet og studentmiljøet treng fortsatt drahjelp for å kome i gjenge igjen. Aktuelle tiltak er bygging av studenthuset, eit utviklingsprosjekt for studentmiljøet og  honorering av fleire tillitsvalde bør vurderast. Men kanskje trengst det også studentar nærare leiinga i kvardagen? Meir faste møte mellom toppleiinga og Studenttinget kan vere eit aktuelt tiltak i så måte.

Som eg har sagt tidlegare tek gjerne i mot tips, innspel og synspunkt frå alle interesserte, både om det som står her og om andre spørsmål.