Eit norsk Sveits? Det nybygde Grand Hotel heilt til venstre i biletet. Foto: Library of Congress.

Molde – eit norsk Lugano?

I dag blir statsbudsjettet til den raud-grøne regjeringa for 2024 lagt fram. Til glede for dei som får meir å rutte med, ein vegstubb eller auka offentlege løyvingar. Og til rein skrekk og gru for dei som får trongare kår å leve under til neste år.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Og skal me tru på medieoppslaga frå det siste året, et det særleg dei såkalla laksebaronane og andre med velfylte kontoar som skal frykte at skattefuten blir grådigare og at delar av pengebingen deira skal gå inn på fellesskapet sin bankkonto.

Og kva er då den næraste løysinga for desse med velfylte pengepungar? Jo, å flytte til Sveits!

Men kvifor ikkje til Molde – det er jo visstnok eit norsk Sveits!

Eit norsk …

I eit tidlegare innlegg i Panorama  har eg skrive om at Molde vart løfta fram som eit «norsk Göttingen» då ein ville etablere det første norske universitetet i åra rett før unionsoppløysinga i 1814. Ein småby i nordvest, men med si avskjerma stille, visstnok godt eigna til å vere ein akademisk fristad for studentane.

Og dette var på ingen måte siste gong Molde vart samanlikna med europeiske byar. Det var særleg på siste halvdelen av 1800-talet desse samanlikningane sat laust hos ymse skribentar som skildra byen i bøker og aviser. Ikkje minst var det nok kombinasjonen av det forholdsvis lune klimaet, beliggenheten ved fjorden og det makelause fjellpanoramaet som gav mulighet til å sjå likhetstrekk med meir berømte byar med liknande plassering nede på det europeiske kontinentet.

Lugano – eit sveitsisk Molde? Postkort frå ca 1900. Foto: Wikimedia Commons.

Og det er med det me kan få forståing for at til dømes ein velhalden mann som Kjell Inge Røkke kan velje å flytte til ein by nesten som Molde, men med beliggenhet i Sveits. Det er jo omtrent som å flytte heim!

Ferdaminne frå eit norsk Sveits

Då den berømte forfattaren, journalisten, vandraren og kranglefanten Aasmund Olavsson Vinje reiste gjennom store delar av det sørlege Noreg i 1860, vart det sjølvsagt ei bok ut av det: «Ferdaminne frå sumaren 1860». Vinje besøkte sjølvsagt også Molde etter kva me kan lese i boka, på reisa mellom Kristiansund og Veblungsnes innerst i Romsdalsfjorden. Og det er her det kjem fram at dette var så godt som jamgodt med Sveits.

«Og til lenger du kjem søretter stranda mot Molde, til fleire og fleire tindar ser du av Romsdalsfjella», skriv Vinje. Og han held fram beskrivelsen med å seie at: «Når denne fjorden er still, og kveldssola skin på desse fjell, må her vera likeså stort som yndefullt.»

Og kva assosiasjonar fekk Vinje ut frå dette? Jo, han avsluttar beskrivelsen av Molde med å slå fast at «Når landet vert rikare, og utlendingen får større smak på det, må Molde verta eit Como og Sveits, der rike og livsleie og sjuke folk ligg mest om sumaren for å sjå aust til alle desse fjelltindar og djupe dalar.»

Rike og livsleie folk

Beskrivelsen av Molde frå 1860 er med det mest som ein beskrivelse av sveitsiske byar som Lugano i dag, der «rike og livsleie» skatteflyktningar sit på strandpromenaden og ser mot fjelltindar og djupe dalar medan sparegrisen får vere nesten i fred for skattefuten. Eller for den saks skyld: om me legg vekt på andre delar av utsagnet til Vinje, var det jo også ein meir treffande beskrivelse av kva Molde skulle bli enn  kva forfattaren sjølv visste.

Reknes sanatorium med pasientar som dreiv med det som i vart kalla «å kure». Foto: Romsdalsmuseets fotoarkiv.

RI Molde fekk ein nemleg også rikeleg med sjuke som sat og såg på fjelltindane og dalane, og me får berre håpe dei ikkje samtidig var livsleie, som Vinje skriv. Byen hadde jo fått eit spedalskesjukehus – Reknes hospital – allereie i 1713. Men etter at sjukdomsbiletet endra seg frå midten av 1800-talet, vart dette etter kvart gjort om til eit sjukehus for dei med «tæring» som ein sa, altså tuberkulose. I tillegg til den store og staselege trebygninga som utgjorde Reknes Hospital, bygde ein då også fleire såkalla kurhallar. Der låg pasientane dageleg og kvilte seg i frisk luft, godt påkledde og med varme tepper på.

Det var dette som i daglegtalen vart kalla «å kure».

Og for nok ein gong å trekke nokre band mellom Molde og Sveits: det er nettopp eit slikt sanatorium som det i Molde og slik «kuring» me kan lese om i den framifrå romanen Trolldomsfjellet (1924) av den tyske forfattaren og nobelprisvinnaren Thomas Mann. Her kan me lese om eit sju år langt opphald på ein tuberkulosesanatorium i Davos i Sveits, der forfattaren skildrar korleis pasientane lever i ei salig røre av kjærleik, filosofi, politikk, sjukdom og død.

No var vel kanskje ikkje pasientane på Reknes sanatorium i Molde like kuriøse som romanfigurane til Mann på det sveitsiske sanatoriet, men romanen gir like fullt eit interessant og gripande innblikk på korleis «sjuke og livsleie» folk sit og ser på vakre fjell og dalar med håp om å ein gong bli friske att.

Inspirasjon frå alpelandet

Det var også andre som såg frå Molde til Sveits på same tida. Den internasjonale turisttrafikken var i emning, og byrja også vise seg i Molde. I lesarinnlegg i Romsdals Budstikke vart det difor teke til orde for å legge betre til rette for å ta imot den veksande turiststraumen, der det vart vist til kva utviklingsgrep ein hadde gjort i Sveits i byar av same beliggenhet og størrelse som Molde.

Og kunne ein byggje staselege hotell i småbyar med fjell og innsjøar i Sveits, måtte ein vel også kunne gjere det i ein småby med fjell og fjord i Noreg. Og hotell fekk ein, med dei staselege trehotella Hotel Alexandra frå 1883 og Grand Hotel frå 1885.

Og med fare for å strekke strikken vel langt, så må eg jo samtidig peike på at hotella i følgje Molde byleksikon attpå til er bygd i ein «rikt dekorert sveitserstil»!

–> Elin Mordal, Arve Hjelseth, Lise Lillebrygfjeld Halse og Mads Langnes skriv fast på fredagar i Panorama.