Steingarden på Midøya på Romsdalskysten som i åra 1658-1660  utgjorde landegrensa mellom Danmark/Noreg og Sverige. Foto: Romsdals Budstikke /Romsdalsmuseets fotoarkiv

Forbanna vere den som flytter grensesteinar mellom seg og grannen!

Verda lever i ei uroleg tid, som så ofte før. Nyhetsbiletet er fullt av krangling og krig i Ukraina og i Midtøsten.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Av og til dukkar det opp tvistar mellom dei forholdsvis nye statane på Balkan, og så har me alle dei tallause store og små krigane og konfliktane som me knapt nok høyrer om. Og kva er det ein kranglar om? Ressursar, religion og ikkje minst: grenser.

Og det er nettopp det sistenemnte me skal sjå på her, då grensetvistar truleg er like gamle som menneskeætta sjølv!

Bytesteinar

Heilt frå menneska gjekk frå å vere nomadar til å bli bufaste, har det vore viktig å opprette og vedlikehalde grenser mellom ulike einingar som til dømes gardar, byar, landsbyar og land. I ei tid før GPS og satellittar, nytta ein gjerne grensesteinar (såkalla bytesteinar) for å avmerke kvar grensene gjekk. Problemet var sjølvsagt berre det at også ein grensestein kunne flyttast og kranglast om!

Men å flytte på grensesteinar utan løyve og for eiga vinning har til all tid vorte sett på som ei stor synd. Me finn difor normgjevande utsegner og strenge lovparagrafar knytt til slike brotsverk heilt frå Det gamle testamentet og fram mot våre dagar. I tillegg har det danna seg folkelege segner og truer knytt til slike handlingar og kva ugjerninga kunne føre med seg.

Og kan hende hadde det vore noko å ta med seg for dei som krigar om kvar grensene skal gå, også i dag?

Grenser har til all tid vore gjenstand for strid. Postkort med motiv frå grensevakta i 1814. Kjelde: Romsdalsmuseets fotoarkiv

 Bibelord og lovbok

Å flytte grensesteinar som dei gamle hadde sett kring gardane dei hadde fått til odel og eige, høyrde med til dei store syndene i fleire religionar. Og i Femte Mosebok (27-17) står det beint fram: Forbanna vere den som flytter merkesteinar mellom seg og grannen! Og heile folket skal seia Amen!  Og like eins blir det heile gjenteke i Salomos ordspråk (22-28); Flytt ikkje gamle merkesteinar som fedrane dine har reist.

Bibelorda til Moses og Salomo har sitt opphav i andre land og i ein annan kultur enn den norske, men det viser seg at ein også her i landet heilt frå gamalt av har sett på det å rane til seg annan mann sin eigedom som noko mest useieleg stygt.

Etter dei norske bøndene gjekk frå nomadar til bufaste vart det raskt nødvendig å dra opp grenser, og me finn reglar om merkesteinar heilt attende i dei gamle landskapslovene frå vikingtida/middelalderen. I landsleigebolken i Gulatingslova les me til dømes at om det oppstod tvistar om kvar grensa gjekk mellom to naboar der den eine parten vart skulda for å ha stole jord ved å flytta grensesteinar, då skulle ein tilkalle rettvise og tiltrudde menn som domsmenn.

Og var det slik at skuldingane var sette fram med rette, der: … merkesteinane er gravne upp og ikkje nedsette og han har dyrka utum, då skulle syndaren leggje ut bot for dette og var ifølgje lova ein: … jordtjuv og utlæg. Tilsvarande blir det i tjuvebolken i same lova slått fast at: Tek ein mann upp merkesteinar som står, og set dei ned på ein annan stad og fører dei på luten åt den som eig til møtes med han, då er han tjuv.

Grensestein mellom gardar i utmark. Foto: M. Langnes

Lovbøkene frå mellomalderen har ikkje berre eit dømande og straffande perspektiv på den som flytte grensesteinar, men inneheldt også paragrafar som kan sjåast på som førebyggande mot slike lovbrot. I Magnus Lagabøtes Landslov av 1274 – som me markerer 750-årsjubileum for i år – blir det til dømes lagt vekt på at det skulle settast ned grensesteinar mellom eigedomar etter ei såkalla jordskifteforretning. For å unngå at det skulle bli strid om grensa i ettertid, skulle det ifølgje lova gravast ned tre småsteinar ved kvar grensestein, der desse vart kalla lyrittar, som tyder vitne. Lyrittane var der som vitnesteinar, for å hindre at ein grensestein vart flytta av ein jordtjuv i skjul.

Synet på dei som: … optager, flytter, eller sætter Skielsteen, eller Stabel, uden lovlig Medfart … vart vidareført i Kong Christians Vs Norske Lov av 1687, om enn i andre ordelag. Medan ein i tidlegare lover hadde vorte kalla for jordtjuv og lyst fredlaus, var det i denne lova (§ 6-18-1) snakk om at: … hand giør Falsk, og Kongen bør hans Haand.

Vart ein teken for slike brotsverk, skulle ein altså etter lova huggast handa av!

Deildegasten

Dei strenge lovparagrafane knytt til flytting av grensesteinar ser ut til å ha stått i samsvar med den folkelege oppfatninga av kva ein jordtjuv fortente, med eit strengt og fordømmande syn på dei som flytte desse utan lov.

Frå den norske folkeminneforskinga kjenner me også til mange døme på segner der brotsmennene vart forbanna og etter dauden vandra omkring som ein såkalla deildegast i nærleiken av der brotsverket hadde gått føre seg, som straff for si uoppgjorte synd. Deild tyder grensestein, medan gast er eit ord med same opphav som det tyske geist og det engelske ghost, altså ein attergangar.

Brotsverket til deildegasten vart vurdert til å vere så stort, då det å stele jord også var å stele etter døden. Skadeverkingane var større enn ved mange andre tjuveri, då det varte ved gjennom generasjonar. Straffa var difor også streng ifølgje folketradisjonen, då det å ikkje få fred i jorda og bli dømt til å vere ein attergangar var av det verste ein kunne sjå føre seg.

Grensestein mellom dei gamle kommunane Bolsøy og Øre, dagens Molde og Gjemnes. Foto: K. M. Holsbøvåg / Romsdalsmuseets fotoarkiv

Svenskegrensa mellom Romsdal og Sunnmøre

Kan hende er det likevel saker der «målet helliger midlet»?

Som kjent vart Romsdal, Nordmøre og Trøndelag lagt under svenskekongen eit par år som følgje av at Danmark/Noreg gjekk tapande ut av krigen med Sverige i 1658. Dette hadde vorte fastsett ved Roskildefreden, og det vart vedteke at ein eigen komité skulle gå opp grensa. Her i Romsdal skulle grensa mot Sunnmøre gåast opp same året under leiing av dei lokale embetsmennene Preben von Ahnen og Reinhold von Hoven og den svenske guvernøren Lorentz Creutz. I folkeminnet på Sunnmøre heiter det at då sunnmøringane fekk nyss om dette, ville dei redde det som reddast kunne.

Det blir sagt at nokre sunnmøringar drog opp på Ørskogfjellet då dei fekk vite om grenseforretninga, og at dei der flytte steinen på Bytehaugen 50 meter inn i Romsdal for å «ta litt land» frå svenskane. I kva grad dei vart straffa som attergangarar for dette er ukjent, men kan hende var det unnatak sidan det var i nasjonal vinning i kampen mot Sverige?

Og kanskje er det eit det same moldensaren og mangemilliardæren Kjell Inge Røkke driv med i desse dagar, no når han akkurat har kjøpt ein jakteigedom på 100 000 mål i Herjedalen i Sverige? Så lenge ein ikkje gjer det i skjul og utan løyve, burde det jo vere moglegheiter for flytte grensesteinane og å «ta att Jemtland og Herjedalen» på dette viset, gamle norske område som dei er!

–> Arve Hjelseth, Lise Lillebrygfjeld Halse og Mads Langnes skriv fast på fredagar i Panorama.