Den engelske enklaven Gibraltar, lengst sør på den iberiske halvøya. Kjelde: Wikimedia Commons.

Ferietips til lausrivne landområde 

Sommaren nærmar seg, og med det spørsmålet om kvar ein skal reise på ferie. Skal ein velje miljøriktig heimeferie, gatesmart storbyferie, kulturelitistisk gallerirunde i Sentral-Europa eller gå for ein klassisk «beach and boogie» på Ibiza?

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Både landa og moglegheitene er mange. Og nokre land ligg til og med utanfor sitt eige land, for å komplisere det ytterligare. Dagens ferietips går dermed til dei europeiske enklavane.

 Frå gamalt av var det knapt nok noko som heitte ferie, og med det var spørsmålet om kvar ein skulle reise lite relevant. Det var først frå kring 1900 at retten til årleg ferie vart meir vanleg, og utetter 1900-talet vart talet på feriedagar sakte, men sikkert utvida. Kombinert med framveksten av velstandssamfunnet i etterkrigstida byrja difor folk etter kvart å måtte spørje seg om kvar dei ville tilbringe feriedagane. Det kom difor både pakketurar, sydenturar og etter kvart meir individuelle turar.

Heile reiseeventyret frå Norden begynte visstnok med dei såkalla «pakketurane». Det var ein dansk prest i prestegarden i Allerup ved Tjæreborg som såg at folk byrja lengte ut i Europa, og han leigde difor to bussar, bytta ut prestekragen med reiselederhatten og tok med den feriestemte menigheta til Spania allereie i 1950. Kort tid etter begynte dei første charterflya også å gå, der den første «sydenturen» frå Noreg gjekk frå flyplassen på Fornebu i 1959. Det var sol og varme som lokka nordeuropearane, med Spania og middelhavskysten som dei mest populære reisemåla.

Reisevanar i endring 

Ferievanane har vore i stor endring dei siste tiåra. På 1970-talet kom interrail som eit utmerka tilbod som gjorde det mogleg for ungdom å reise med tog på kryss og tvers gjennom heile Europa, som eit alternativ til grisefestar og sangria i Benidorm. Denne togloffinga var svært populær fram til det vart færre slike reisande ved tusenårsskiftet, men har dei seinare åra teke seg opp att mykje grunna miljøperspektivet. Samtidig har flytrafikken berre auka og auka, med moglegheiter til alt frå rimelige storbyferiar i Europa til transkontinentale turar med «temareiser» eller individuell backpacking.

Nokre reisande samlar på land, andre på byar eller kanskje til og med på minner. Dagens reisetips er ei blanding av alt dette, då det er såkalla enklavar som står på reisemenyen.

Enklavar og eksklavar

Utan at me skal gå alt for djupt i materien, kan me seie at det er ein forskjell på ein enklave og ein eksklave. I følge Store norske leksikon er: «En enklave er en stat eller et område som er helt omgitt av en annen stat, mens en eksklave er en del av stat som er atskilt fra resten av territoriet til den samme staten, av området til en eller flere andre stater.»

Vatikanstaten og San Marino er eksempel på statar som er heilt omringa av ein annan stat – i dette tilfellet Italia – og er med det enklavar i streng forstand. På same vis blir det russiske området Kaliningrad å rekne som ein eksklave, då det er skilt frå resten av Russland og grensar til Polen og Litauen.

For ikkje å hamne for langt inn i semantikken – me skal trass alt på ferietur – så vil eg likevel i det vidare lene meg mot den litt forenkla og folkelege, tradisjonelle forståinga av kva ein enklave er: altså ein mindre del av ein stat som er skilt frå statsområdet forøvrig, og som er omgitt av fremmed territorium.

Men kvar finn me desse enklavane, og kva gjer dei til spennande feriemål?

Europa i Afrika

For å avgrense enklave-reisetipsa litt, kan me halde oss til Europa. Men då møter me raskt oss sjølv i døra. Eller rettare sagt, på båten over til Afrika. For Europa er også i Afrika, i form av enklavar. Dei mest kjente er dei spanske enklavane Ceuta og Melilla på kysten av Nord-Afrika, omgitt av Marokko og havet. Dette er små enklavar på ca. 15 km2 kvar, og utgjer eigentleg berre spanske byar/hamner som ligg der som små satellittar på Afrikakysten. Men sjølvsagt, sidan dei er spanske, er dei altså både ein del av EU og nyttar euro.

Gibraltar

Er ein først i området, er det berre å ta ferja tilbake til Gibraltar, så kjem ein til ein ny enklave. Gibraltar er også av dei mest kjente av dei mange store og små enklavane i Europa, kanskje mykje på grunn av sin strategiske beliggenhet ved Gibraltarstredet. Det vesle området på knappe 7 km2 er som kjent ein britisk enklave, nyttar pund som mynteining og har engelsk som offisielt språk. Så her er det lett å vere enklave-turist! Men samlar ein på enklavar så må ein vere obs på at historia har vist at enklavar både kjem og går. Me veit også at Spania lenge har jobba for å få gjort den britiske enklaven spansk, utan å lykkast med det.

Og så har me apekattane då! Gibraltar er nemleg det einaste staden i Europa der det lever apar i vill tilstand. I og med at det er sju millionar turistar i denne vesle enklaven kvart år, får desse rampete såkalla berberapane rikeleg med mat – og er også kjente for å vere flinke til å stjele! Sagnet seier også at Gibraltar vil forbli ein britisk enklave så lenge det finst apekattar der. Winston Churchill tok dette bokstaveleg, då han visstnok fekk henta apar frå Marokko og sett ut på Gibraltar då bestanden byrja å synke!

Like gode

Om Spania er irriterte på den britiske enklaven sør på den iberiske halvøya, er dei ikkje noko betre sjølv i nord! Spania har nemleg enklaven Llivia inne i Frankrike, knappe to kilometer frå eiga grense. Denne enklaven er også eit godt døme på tilfeldighetenes spill. Etter den fransk-spanske krigen (1635-1659) skulle Spania avstå 33 landsbyar i Pyreneane til Frankrike. Men ein hadde oversett at Llivia opprinneleg hadde fått bystatus av keisar Karl V av det tysk-romerske riket, og ikkje av Spania, og landsbyen fall derfor ikkje inn under traktatens ordlyd og vart verande spansk – og då som ein enklave inne i Frankrike.

Praktiske enklavar

Ein særs vakker enklave å besøke er Campione d’Italia i Sveits. Denne italienske enklaven ligg berre ein kilometer i luftlinje frå Italia, men på grunn av det vanskelege terrenget med høge fjell og djupe innsjøar, er vegavstanden på 10 km. Landsbykommunen heitte eigentleg berre Campione, men fekk tillegget d’Italia under fascistdiktator Mussolini si tid, truleg for å forankre enklaven «i utlendighet» tydelegare som italiensk.

Den italienske enklaven Campione d’Italia ligg inne i nabolandet Sveits, og er eit utmerka reisemål for enklaveentusiastar. Kjelde: Wikimedia Commons.

Om ein først er i Sveits kan ein også besøke ein annan enklave, nemleg Büsingen i nord. Likt med Campione er denne tyske enklaven berre på nokre få kvadratkilometer, har eit folketal på rundt 1500, og ligg altså inne i Sveits. Her var det forresten folkeavstemming i 1918, der heile 96 % av innbyggarane stemte for å bli ein del av «vertslandet» Sveits. Problemet var at Sveits ikkje hadde noko område dei ville avstå i ein byttehandel, og landsbykommunen vart verande ein enklave utanfor sitt eige Vaterland.

Enklavar i enklavar

For den som vil samle på enklavar på ein europaturne, er grenseområdet mellom Nederland og Belgia eit Mekka! Her finn ein byen Baarle delt mellom dei to landa. Å dele ein by i to med ei grense er for så vidt ikkje uvanleg, men i Baarle har ein valt ei mildt sagt komplisert grense med ei rekke enklavar. Og i tillegg, det som i praksis blir som enklavar i enklavar!

Byen har berre rundt 200 innbyggarar, der Belgia har tolv atskilte deler av byen som er enklavar i Nederland. Samtidig har Nederland sju enklavar inne i dei belgiske enklavane. Puh!

Med ei slik oppdeling i ein i utgangspunktet liten by, gjer dette at nokre hus med det ligg i begge land. Ein praktiserer då ein såkalla «fordørsregel», der huset får adresse i det landet der fordøra er plassert.

Reisetips

Dette var berre eit lite utvalg, då det er mange fleire enklavar i Europa. Kontinentet har jo ei historie der vår tids nasjonalstat er ein foholdsvis ny oppfinnelse, og mange av enklavane stammar frå eldre tider med bystatar og småstatar, krigar og fredsforhandlingar.

Og sjølv om du ikkje fell for dette reisetipset, så har du kanskje allereie besøkt ein tidligare enklave. Og ikkje berre det, dette var kanskje også den mest kjente enklaven av alle på 1900-talet, nemleg Vest-Berlin.

–> Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth, Mads Langnes og Knut Peder Heen skriv fast på fredager i Panorama.