Maleriet «Haugianerne» av Adolph Tidemand. Kjelde: Nasjonalmuseet / Wikimedia Commons

Protestantisk etikk og kapitalistisk ånd på Nordvestlandet?

Møre og Romsdal har ei rik næringslivshistorie. Gjennom historia har det vore store og små aktørar som har drive produksjon innanfor ulike næringsgreiner både for den lokale, nasjonale og internasjonale marknaden.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

I dag er også fylket landets nest største eksportfylke målt i eksport av varer frå Fastlands-Noreg. Men kva er årsaka til dette industrieveventyret? Og finn ein verkeleg svaret i ein særskilt etikk, som enkelte har hevda?

Næringslivsfylket

Fylket har også hatt, og har, næringar som har sett eit særleg preg på regionen, og som har gjort seg gjeldande nasjonalt og internasjonalt. Her kan ein til dømes nemne klippfiskindustrien, møbelindustrien, konfeksjonsindustrien, fiskeri, verftsnæring, motorindustri og anna.

I tillegg kjem sjølve modernæringa – landbruket – som både har vore og er viktig for fylket. Mange har prøvd å forklare framvoksteren og utviklinga av delar av dette næringslivet i ein særskilt protestantisk etikk, gjerne med ei tilvising til den verdskjente Max Weber.

Max Weber og den protestantiske etikken

Max Weber (1864–1920) var ein tysk forskar som er kjent som ein av dei mest sentrale internasjonale teoretikarane innanfor samfunnsvitskapane. Analysane til Weber av byråkrati, religion og stat har hatt stor innverknad innanfor statsvitskap, sosiologi og organisasjonsrelaterte fag, men også innanfor tilgrensande fag som økonomi. Mellom anna er Weber kjent for at han såg at den økonomiske veksten i Nord-Europa på 1800-talet var eit resultat av samanfall mellom kapitalisme og protestantisme.

Boka Den protestantiske etikk og kapitalismens ånd (1904/1905) av Max Weber blir rekna som ein av dei store klassikarane innafor sosiologifaget og økonomisk historie. Bokverket gjev ei mykje referert og nytta tolking av samanhengen mellom den kristne puritanismen og framvoksteren av kapitalismen.

Max Weber, 1918. Foto: Ernst Gottmann, Wikimedia Commons

Weber sine teoriar skildrar korleis «den kapitalistiske ånd» har utvikla seg frå ein protestantisk pliktetikk, der den kapitalistiske tenkemåten i eit slikt ljos blir sett på som rasjonell og prega av kallsfølelse. Puritansk moral tilseier med det oppsparing av kapital gjennom hardt og oppofrande arbeid, der det samstundes blir forventa personleg nøysemd. Resultatet av desse teoriane til Weber blir sparing, som i sin tur blir brukt til vidare investeringsføremål. Weber kom også fram til at kapitalisme og modernitet var to sider av same sak, der religiøse førestillingar altså bidrog til utviklinga av kapitalismen. Dermed blir det argumentert med at den strenge arbeidsmoralen hjå protestantane verka som ein pådrivar for at kapitalismen vann om seg.

Weber sitt utgangspunkt var at reformasjonen i Nord-Europa skapte eit nytt syn på korleis ein skulle føre livet, der arbeid var like mykje verdt som klosterlivet. Dette var ikkje minst vanleg i dei meir pietistiske retningane innafor protestantismen, då ein i slike miljø gjerne tolka arbeid mest som eit kall.

Idealet var å arbeide flittig, men samstundes leve så enkelt som råd. Ein god kristen skulle i eit slikt bilete leggje vekt på å skape rikdom, ikkje å nyte han. I ein slik protestantisk arbeidsetikk skulle utbyttet sparast og reinvesterast, noko som med det fremja ein kapitalistisk tenkje- og produksjonsmåte.

Haugianarane

I Noreg tok det lang tid før ein kopla saman debatten om økonomisk vekst på 1800-talet og teoriane til Weber, men frå midten av 1900-talet vann desse teoriane også innpass i den norske diskursen. Her kan me mellom anna vise til at fleire forfattarar har drøfta den økonomiske utviklinga ein kunne spore etter Hans Nielsen Hauge og den såkalla Haugerørsla opp mot desse teoriane, og fann at religionen må ha betydd mykje som forklarande kraft for denne veksten. I så måte har det også vorte hevda at Hauge var ein talsmann for at nøysemd var både ei sosial og ei religiøs plikt, der overskotet også skulle investerast vidare til nytte både for ein sjølv og for fellesskapet.

Ein historikar som Francis Sejersted peika til dømes på at den haugianske rørsla hadde hatt mykje å seie for den kapitalistiske utviklinga i Noreg på 1800-talet, då ho fremja det å vere driftig og sørgde for ein vellukka symbiose mellom Gud og mammon. Haugianismen gjorde det både legitimt og sosialt akseptert å søkje profitt i marknaden, då dei kristne skulle bruke verda.

Haugianarane var ikkje tilhengjarar av den kalvinistiske predestinasjonslæra om at materiell rikdom på jorda var teikn på at ein var mellom Gud sine utvalde til himmelriket. Likevel hevdar Sejersted at ein kan sjå på den norske haugianismen i ljos av Weber sine tesar om den protestantiske etikken og den kapitalistiske ånda. Likt med kalvinistane såg haugianarane på arbeid og entreprenørskap som eit kall, der rikdomen som vart produsert, ikkje skulle øydslast, men sparast og reinvesterast i produktiv verksemd. Slik profittmaksimering og kapitalakkumulasjon vart med det halde for å vere gjerningar til Guds ære.

Nett dette, at det vart moralsk legitimt å søkje profitt i marknaden, var etter Sejersted sitt syn også kanskje det viktigaste bidraget frå haugianarrøsla i den norske moderniseringsprosessen på 1800-talet.

Weber, Hauge og Møre og Romsdal

Max Weber sine tankar om den protestantiske etikken og den kapitalistiske ånda har inspirert forskarar til å sjå på denne samanhengen heilt fram til i dag. Det er særleg utført granskingar som samanliknar det Weber omtalar som sentrale omgrep som arbeidsmoral, nøysemd og pålitelegskap, opp mot omgrep som entreprenørskap, økonomisk vekst og utvikling.

Som fleire historikarar også har hevda, er det først med haugianismen på 1800-talet det blir mogleg å peike ut einskilde område langs kysten som var påverka av ein puritansk og personleg kristendom, og som med det gjer teoriane til Weber aktuelle å nytte som tilnærming i norsk samanheng.

Konfeksjonsfabrikk i Molde. Foto: Birkeland / Romsdalsmuseets fotoarkiv

Ei rekkje forfattarar har også trekt band mellom den protestantiske etikken og næringslivsutviklinga i Møre og Romsdal. Det har til dømes blitt peika på at det kulturelle grunnlaget for særleg sunnmørsindustrien, men også delar av industrien i Romsdal, kan knytast både til eit samfunn med stor indre likskap og til det sosiale ansvaret som følgde med puritanismen. Og ikkje minst var haugianarane i området veldig aktive i å utvikle næringslivet. Det blir difor også konkludert med at symbiosen Gud og mammon var meir velluka på det egalitære Nordvestlandet enn nokon annan stad. Her utvikla det seg ein kombinasjon av sterk arbeidsmoral, reinvesteringspraksis, lekmanns- og likestillingsorientert kristendom og puritansk sjølvkontroll.

Samstundes skal det nemnast at ikkje alle forskarar er like samde i at det er noko samanheng mellom ein protestantisk etikk og ei kapitalistisk ånd, men at ein heller må søke etter svar andre stader. Og då særleg for dei seinare, meir sekulære tiåra.

For å utfordre desse teoriane har difor nokre av musea i Møre og Romsdal gått saman om eit felles forskingsprosjekt som tek føre seg næringslivshistoria gjennom dei tre siste hundreåra, og er no i innspurten på dette prosjektet. Med det kjem det også ei ny bok til hausten, med von om å gje nokre svar på i kva grad det er nyttig å sjå å næringslivshistoria i Møre og Romsdal med «weberske auge» eller ikkje.

–> Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth, Mads Langnes og Knut Peder Heen skriv fast på fredagar i Panorama.