Russ i borgertoget i Molde, 2014. Foto: Arild Waagbø

Barnetog, bunad, beruselse og brennande kyrkje

Med 17. mai rett rundt hjørnet er det tid for å stryke bunadsskjorta, børste støvet av blådressen og – ikkje minst – byrje den årvisse diskusjonen om korleis ein «eigentleg» bør feire grunnlovsdagen!

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Som kjent er det jo Grunnlova som vart vedtatt på Eidsvoll den 17. mai i 1814 me eigentleg feirar, sjølv om mange etter kvart har putta mangt og mykje anna opp i 17. mai-gryta.

Puritanistane mellom oss lenar oss nok til grunnlovsfedrane og deira storverk. For nokre dreier det seg om barnetog og is, for andre om andre verdenskrig og samhald.

Og sjølvsagt: for ikkje så reint få dreier det seg om å vere med eller mot det såkalla bunadspolitiet og deira årvisse disputtar. I seinare år ser me også at debatten om skjenketider dukkar opp i mange byar, der skiljet, litt enkelt forklart, går på om ein skal legge mest til rettes for barnetog eller beruselse. Og slik har det vel eigentleg alltid vore; likt med så mykje anna er også 17. mai like mykje endring som tradisjon.

1814

For dei som treng ei påminning: bakgrunnen til det heile er at ein våren 1814 kalla saman ei forsamling på Eidsvoll for å utarbeide ei norsk grunnlov. Frå Møre og Romsdal møtte amtmann Hilmar Meincke Krohg frå Molde, sokneprest Jens Stub frå Veøy og bonden Elling Walbøe frå Ørskog. I tillegg hadde byane direkte representasjon, med byfogd Frederik Motzfeldt frå Molde og handelsmann John Moses frå Kristiansund. Ålesund hadde ikkje bystatus enda, og hadde med det ikkje nokon representant.

Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Kjelde: Wikimedia Commons.

Me har ikkje så mange opplysingar om dagane på Eidsvoll direkte frå representantane her frå fylket, men truleg var det skikkeleg «17. mai-stemning» allereie lenge før ein hadde kome til denne datoen. For etter kva me veit etter rekneskapsbøkene til grunnlovsforsamlinga hadde dei 112 representantane (og gjestar, det bør vel nemnast) fått i seg 2000 liter vin i tønner, store mengder finare vin i flasker og 2300 liter brennevin i løpet av dei fem vekene dei var samla!

Unionsbrotet

Med grunnlova av 17. mai 1814 vart den mange hundreårige unionen mede Danmark broten, og landet var for ei lita stund sjølvstendig. Men som kjent gjorde stormaktspelet at Noreg gjekk inn i ein ny union allereie same hausten, og då med Sverige. Dette var rett nok ein langt lausare union, og svenskekongen ville sjølvsagt ein heller skulle feire starten av denne nye unionen enn unionsbrotet med Danmark den 17. mai. Men den gong ei!

17. mai-forbud

Alt frå starten av var difor 17. mai altså noko kontroversiell. Og utan å gå for langt inn på den  nasjonale historia, så gjekk det ein god del år før ein i det heile begynte å feire 17. mai rundt om i Noreg. Trass i forbod frå svenskekongen veit me likevel ein i dei større byane tok seg opposisjonell frihet til å feire dagen utpå 1820-talet, og i Molde var ein visstnok i gang frå 1830-talet.

Den første skildringa me har av ei 17. mai-feiring i Molde er likevel ikkje før frå trettiårsjubileet i 1844, og i åra utover small det dagen lang av saluttkanonane frå 17. maihammeren, eller Gjendemshammeren, som me kjenner den som i dag. Det kan verke som om dette mest var ei feiring for embetsmenn og borgarar dei første åra, men me høyer også at større og større delar av folket vart involvert etter kvart.

Ein ung og illsint Bjørnstjerne Bjørnson

På slutten av 1840-talet vart det likevel trongare tider og meir uro i Europa, og i 1848 vart det kjent at heile feiringa skulle avlysast i Molde. Dette opprørte sjølvsagt den den unge forfattarspiren Bjørnstjerne Bjørnson som budde i Molde og var elev på middelskolen på denne tida, noko som førte til at han fekk publisert si første tekst på trykk i avisa Romsdals Budstikke.

Utdrag av Bjørnstjerne Bjørnsons «Frihedens tale til Moldenserne». Kjelde: Romsdals Budstikke 12. mai 1848

Bjørnson var berre 15 år, men meinte at å la vere å feire grunnlovsdagen var eit stort svik frå byen si side. Vel og merke låg Noreg i union med Sverige, men den illsinte BB meinte friheten sjølvsagt måtte feirast likevel: «Men nu, da I skulle festligholde Eders frihetsdag, denne ikke alene i Norges, men i hele Nordens annaler lysende stjerne – 17. mai – da trekker I Eder tilbage, da pukker I på dyrtid, penge osv. O! Ve Eder!»

Politisk dag?

Som Bjørnson var inne på, var 17. mai storpolitikk. Men det var også lokalpolitikk og interne strider, også i Molde. Likt med våre dagers debattar om kva flagg ein kan bruke i 17. mai-toget osv, ser me ein allereie på 1800-talet fekk ei politisering der t.d. Håndverkerforeningen stod for sitt tog, medan dei med strammare skjorter over velfødde magar feira i klubbselskapet Harmonien. Andre år høyrer me om eigne Venstre-festar, Grunnlovsforening-festar, Arbeiderforening-festar og liknande, og ikkje minst om at det ikkje var uvanleg at ein ikkje kom til enighet om noko felles feiring i eit politisk landskap som vart meir og meir prega av ei «høgreside» og ei «venstreside».

mai-tog i Molde, 1906. Kjelde: Fotograf Birkeland / Romsdalsmuseets fotoarkiv

Etter kvart kom ein likevel i gang med meir felles program, og i 1888 gjekk det første ofisielle barnetoget i byen. Kjeldene fortel likevel at det gjekk litt i rykk og napp med gløden for å feire grunnlovsdagen i Molde. I 1877 var det for eksempel såpass laber stemning for feiringa at redaktøren i Romsdals Budstikke måtte oppfordre folket til å stille med faner og flagg for å feire, slik at ikkje heile feiringa (med ein tanke på skjenketids-debatten i våre dagar) vart konsentrert til «brennevinssjappene».

 Beruselse

For litt beruselse hørte med, meinte mange, så det er heller ikkje nokon ny tanke. Då skoleforeninga Saga ved Molde Latingskole skulle feire 17. mai kring 1860, hadde laget visstnok fått ein god del nye innmeldingar i dagane rett før grunnlovsdagen. Og det blir då påstått at årsaka til det, var at det hadde begynte gå rykter om at laget hadde fått ein heil del flasker vin i foræring til grunnlovsdagen! Laget feira på kjøpmann Owren sitt landsted med sju talar og både ein song og to kanonskudd mellom kvar tale. Og om det var vinflaskene eller ikkje som gjorde susen, så heiter det seg også at det visstnok vart ein del krangel i kjølvatnet av talar, kanonskudd og velfylte vinglass!

Kyrkjebrann

Om kanonsaluttane sette fyr på stemninga på latinskolefesten, skulle det gå langt verre ved ei seinare anledning ein fyrte opp kanonane i Molde. I 1885 blåste det friskt, utan at det la noko dempar på feiringa. Det hadde først vore fanetog om ettermiddagen, før mange så gjekk på Cirkus Oriental som var i byen, andre på fest inne i Rådhuset.

Altså god 17. mai-stemning, heilt til nokon ropte: «kyrkja brenn»! Det var mykje folk i nærleiken som kunne hjelpe til med sløkkinga, men kyrkja stod ikkje til å redde. I følgje byhistoria var det observert fleire glødande dottar på kyrkjegarden litt tidlegare, og dette var visstnok forladningen frå saluttkanonane som hadde vore i flittig bruk gjennom dagen på ei høgde rett bak kyrkja. Det er sjølvsagt også interessant å hugse at ein hadde vedteke å byggje ny kyrkje for å avløyse den velassurerte gamlekyrkja berre to dagar før, så det fanst nok truleg også dei som ikkje berre mistenkte gnistar frå kanonane for det som må ha vore av dei mest spektakulære 17. mai’ane i Moldes historie …

God grunnlovsdag, godtfolk!

–> Arve Hjelseth, Knut Peder Heen og Mads Langnes skriver fast i Panorama.