Visste du at det også knapt nok er nokon stad i verden det har vorte sett så mange sjøormar som frå fjøresteinane i Molde?

Studieåret går mot sommarferie, og late dagar på bryggekanten og i badestranda ventar. Eller kanskje på barar og restaurantar på sjøfronten i Molde, mellom badeløver og utelivshaiar.
Om ein tek seg ein tur ut på fjorden med båt ein sein sommarkveld, kan det vere spennande å tenke på kva fjordane skjuler av ulike fiskar og skapningar. Dette har ein sjølvsagt undra seg over til alle tider, og det har ikkje berre vore niser og sildestimar som har vaka i vasskorpa! For det er ikkje noko kyststrekning i landet som har ein så rik tradisjon om sjøormar, som ein finn her utanfor Molde!
Så når me no skal sjå på sjå på nokre sjøormhistorier frå romsdalsfjordane og romsdalskysten, forstår me at ein kanskje like gjerne kunne marknadsført seg med det, som med utsikta til fjella, ut i frå kva omsetning ein veit sjøuhyret Nessie har generert for dei skotske kremmarane i turistindustrien rundt Loch Ness i Skottland.
Sjøorm i Julsundet
Den første sjøormhistoria me kjenner til frå Romsdal er frå 1752, då bergensbiskopen Erik Pontoppidan kunne fortelje at han hadde vore i kontakt med ein sjøkaptein som hadde sett ein sjøorm i Romsdalsfjorden i 1746. Dette var så interessante opplysingar at kapteinen vart oppfordra om å vitne om denne uvanlege opplevinga ovanfor Bergen byting.
Og då han møtte for tinget, kunne kapteinen fortelje at han hadde vore på veg frå Trondheim til Molde med skuta si. Rett før han var komen heilt fram til byen, hadde mannskapet om bord fått sett ein sjøorm ved Julneset, altså der ferja over til Otrøya/Midsund går i våre dagar.
Skuta vart snudd for å følgje etter udyret, men ormen var visstnok raskare i vatnet enn kva fart vindforholda tilsa kapteinen kunne føre skipet sitt i. Kapteinen kunne difor vitne om at han hadde lada ei børse og skutt etter ormen. Men sjølv om vatnet vart rødt der ormen gjekk under, var han ikkje meir å sjå.
Vidare kunne kapteinen fortelje byretten at hovudet til ormen var som på ein hest, og at den hadde eit kvitt, langt faks i nakken. Når det galdt lengda på ormen var ein meir usikker, men det blir fortalt at den hadde 7-8 bukter over vassflata når den la på svøm. Bergen byting tok saka til etterretning, men gjorde dessverre ikkje meir med saken, etter kva me veit.
Opphavet til sjøormen
Ein må spørje seg kvar dei gamle fjord- og kystbuarane i Romsdal trudde sjøormen hadde sitt opphav. Og her var det fleire meiningar. I Måndalen i noverande Rauma kommune, fortel segna at somme hoggormar vart til sjøormar. For når hoggormen hadde stukke sju kreste å sju heie, – altså sju kristne og sju heidningar; sju folk og sju krøter, – då vart det sjøorm av den. Fiffig forklaring, eigentleg!
Ei anna tru gjekk på at hoggorm etter kvart vaks seg så stor at den ikkje kunne leve på land. Ormen søkte seg då til innsjøar og ferskvatn. Og når også vatna vart for små, følgde dei elvane til fjorden og havet og vart sjøorm.

Ei historie frå Fosterlågen på grensa mellom Romsdal og Nordmøre fortel om at det også har vore gjort forsøk på å fange sjøorm i ferskvatn her i området. Nokre godtruande karar frå Kristiansund hadde overivrig utruste seg til å fange denne skapningen. Det blir fortalt at dei fekk laga seg ein stor jarnkrok som vart festa til ein tømmerstokk med ei kjetting i.
Til agn vart det nytta ei halv skinke — men utan at ormen fann denne så freistande at han fann det bryet verdt å setje tennene i det, etter kva dei meir eller mindre pålitelege kjeldene frå midten av 1800-talet kan seie oss.
Sjøormar på Romsdalsfjorden
Men det var altså utvilsamt i Romsdalsfjorden sjøormen vart observert oftast. Ja, så vanleg var det å sjå dette sjøudyret utanfor kaikanten her, at ei tysk naturforskar som var på besøk i byen i 1861, kunne berette om at det i Molde mellom ti personar, alltid var minst éin som kunne sverje på at han hadde sett sjøormen.
Mellom mange som visstnok hadde sett sjøormen, kjenner me godt til ei oppleving frå sommaren 1845. Prosten Peter Vogelius Deinboll i Molde hadde historia frå tre pålitelege karar i Molde, og skreiv inn til lokalavisa Romsdal Budstikke om hendinga. Der kunne den rettskafne, opplyste og naturvitskaplege interesserte prosten fortelje at dei tre karane hadde ligge på fjorden rett utanfor byen ein sommardag i 1845.
Men fisket vart brått avslutta då ein lang sjøorm på om lag 15 meters lengde kom svømmande forbi båten. Ein av karane var raskt framme med børsa som låg om bord i båten, og eit skot vart lausna etter ormen. Deinboll skreiv vidare at ormen truleg vart treft av nokre hagl, då den hadde reist hovudet opp i vatnet, fresa mot dei og skote fart rett mot båten.
Dei hadde likevel heldigvis kome seg på land før ormen nådde dei att. Men denne historia skremde ikkje den vitebegjærlege prosten, då han samstundes sette fram ønske i regionavisa om at det vart lova ut ein premie til den som kunne fange ein sjøorm. Til denne fangsten var tanken til prosten at ein kunne nytte ein harpun dyppa i blåsyre, etter kva han skriv i avisa.
Dessverre, eller kanskje ikkje, så har det likevel ikkje vore noko å finne i lokalavisa i seinare utgåver utetter sommaren om noko sensasjonell sjøormfangst i Molde.
Sjøormjakt
Om det ikkje vart fanga noko sjøorm etter oppropet til prost Deinboll, veit me om andre romsdalingar som visstnok skal ha jakta på sjøormen på 1800-talet.
Unionskongen Oscar II hadde nemleg sett føre seg at det hadde vore gjevt å fange ein sjøorm, og det vart visstnok utrusta eit orlogsfarty der fleire modige romsdalskarar sjølvsagt vart med som sjøorm-jegerar. Men etter å tråla kysten opp og ned i nokre månadar, gav dei opp. Og då var det ikkje rart det var late dagar for skyttarane.
Det blir i alle fall i folkeminnet fortalt at ein av karane reiste ut på sjøormjakt høg og tynn, men kom att tjukk og feit etter dei tre månadane — og uttalte at dei hadde hatt det godt på alle vis!
Så om de er ute på vift på sjøfronten i Molde i sommar, kast ikkje eit auge berre på damene/karane, men også ut på fjorden. For der kan det visstnok vere sjøormar å sjå, og det med fleire svingningar i vatnet enn dei fleste utelivshaiar kan ha å by på!
–> Arve Hjelseth, Knut Peder Heen og Mads Langnes skriver fast i Panorama.