Eg veit – det er litt ekkelt å prate om. Eit vanskeleg tema er det også. Kjønnsorgan og forhud, religion og kultur. Seksualhelse og moglege skadar, amputasjonar – og i verste tilfelle også dødsfall. Likevel vel eg å prate om det. Eg har nemleg store problem med å forstå – og endå større problem med … Fortsett å lese Kampen for forhuda→
Eg visste ikkje at ei fredsdue har hengt i lysekrona i stortingssalen før, men eg veit at Lynet McQueen har hengt der oppe i taket rett ved den flotte lysekrona. Eg skal snart fortelje om begge desse hendingane, men først litt om bakgrunnen for at eg fortel om dette: Vi veit lite om kva framtida … Fortsett å lese Ei due i lysekrona på Stortinget – og Lynet McQueen→
Språket vårt, som vi uttrykkjer kjærleik og humor med, kan også nyttast som ufint maktmiddel. Slik er det berre. Men det er ein fordel om flest mogleg er klår over korleis ord og språk kan misbrukast, for då kan ein avdekkje dette og unngå å bli offer for maktbruken. Språket vårt er viktig – vi … Fortsett å lese Språk er makt – og maktmisbruk?→
Sjølvsagt er det eit framsteg at vi har mobiltelefonen. Vi kan ringje etter hjelp viss vi under ein skogstur blir angripne av bjørn, eller viss vi vinterstid køyrer oss ut i grøfta på ein aude stad. Men mobiltelefonen inneber jammen meg nokre tilbakesteg også. Eg skal utlevere meg sjølv og bruke min stressande kvardag som … Fortsett å lese Telefon til glede og uhygge→
Fristar er sjeldan særleg fristande, men kan faktisk innimellom bidra til fine opplevingar. Som i stad, då eg innsåg at eg ikkje kom til å klare å levere noko til Panorama innan fristen viss eg ikkje fekk tid og ro til å tenkje på teksten. Eg pakka meg inn i vinterjakke og skjerf og forlot … Fortsett å lese Grubletur i førjulsgater→
Lovbrot kostar. Ikkje berre skal ein rydde opp i rot og tragediar som blir skapt. Ein skal etterforske, føre rettssaker og gjennomføre straff også. Ei kvar regjering vil ha problem med å løyse dette godt nok. Ulike regjeringar vil likevel leite etter ulike løysingar. Den sitjande regjeringa, som består av Høgre og Frp, har fått … Fortsett å lese Så send dei ut av landet!→
Vi kvinner er gjenstand for ein del bekymring. Ei av bekymringane er at det er for få kvinner i fruktbar alder som vil bu i distrikta. Dette vil føre til at det ikkje blir fødd nok ungar til at vi kan oppretthalde innbyggjartalet. Det er jo synd, så eg kritiserer ikkje at dette temaet blir … Fortsett å lese Kvinnekrøll og homosurr→
Korleis skal ein unngå å vera uhøfleg i valkampen? Og korleis er eigentleg livet for nokon som driv valkamp? Nyleg fekk stortingsrepresentant Trond Giske frå Ap overraskande kritikk frå rektor ved Molde vidaregåande skule, Oddgeir Overå. Rektoren meinte Giske verka uinteressert under eit besøk på skulen, fordi han fikla med mobiltelefonen i staden for å … Fortsett å lese Uhøfleg valkamp→
Er det ein trussel mot folkehelsa at Ap-leiar Jonas Gahr Støre gjekk Birken i helga? Ut frå kommentarane til helseminister Bent Høie på førehand, kunne ein tru det. Høie sa til VG at det er uheldig med all merksemda på det ytre og det materielle kring Birken-rennet, og at «faren ved at terskelen blir for … Fortsett å lese Birkenkrøll og den norske turen→
Norsk politi er ikkje væpna til dagleg, til liks med politiet i nokre få andre land som New Zealand, Irland og Storbritannia. I Sverige, der politiet er væpna, blir det skote ti gongar meir enn hos oss, og talet på skadde og drepne er såleis også høgare. Erfaringane viser klårt at eit politikorps som ber … Fortsett å lese Betre med våpen for hand?→
"Panorama er Høgskolen i Moldes uavhengige nettavis. Panorama skal drive fri og uavhengig journalistikk i tråd med den frie presses idealer."