Alle innlegg av Jenny Klinge

Ei due i lysekrona på Stortinget – og Lynet McQueen

Eg visste ikkje at ei fredsdue har hengt i lysekrona i stortingssalen før, men eg veit at Lynet McQueen har hengt der oppe i taket rett ved den flotte lysekrona. Eg skal snart fortelje om begge desse hendingane, men først litt om bakgrunnen for at eg fortel om dette: Vi veit lite om kva framtida … Fortsett å lese Ei due i lysekrona på Stortinget – og Lynet McQueen

Språk er makt – og maktmisbruk?

Språket vårt, som vi uttrykkjer kjærleik og humor med, kan også nyttast som ufint maktmiddel. Slik er det berre. Men det er ein fordel om flest mogleg er klår over korleis ord og språk kan misbrukast, for då kan ein avdekkje dette og unngå å bli offer for maktbruken. Språket vårt er viktig – vi … Fortsett å lese Språk er makt – og maktmisbruk?

Så send dei ut av landet!

Lovbrot kostar. Ikkje berre skal ein rydde opp i rot og tragediar som blir skapt. Ein skal etterforske, føre rettssaker og gjennomføre straff også. Ei kvar regjering vil ha problem med å løyse dette godt nok. Ulike regjeringar vil likevel leite etter ulike løysingar. Den sitjande regjeringa, som består av Høgre og Frp, har fått … Fortsett å lese Så send dei ut av landet!

Uhøfleg valkamp

Korleis skal ein unngå å vera uhøfleg i valkampen? Og korleis er eigentleg livet for nokon som driv  valkamp? Nyleg fekk stortingsrepresentant Trond Giske frå Ap overraskande kritikk frå rektor ved Molde vidaregåande skule, Oddgeir Overå. Rektoren meinte Giske verka uinteressert under eit besøk på skulen, fordi han fikla med mobiltelefonen i staden for å … Fortsett å lese Uhøfleg valkamp

Birkenkrøll og den norske turen

Er det ein trussel mot folkehelsa at Ap-leiar Jonas Gahr Støre gjekk Birken i helga? Ut frå kommentarane til helseminister Bent Høie på førehand, kunne ein tru det. Høie sa til VG at det er uheldig med all merksemda på det ytre og det materielle kring Birken-rennet, og at «faren ved at terskelen blir for … Fortsett å lese Birkenkrøll og den norske turen