«Gutejente» eller «jentegut»?

Eg let meg stadig forbløffe over kor mykje rart som går føre seg rundt om i det vakre landet vårt. Nyleg var det ei nyheit frå ein skule i Trondheim som fekk meg til å himle med augene og riste på hovudet.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.
Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Strengt tatt er ikkje eigne jente- og gutegrupper i skulefritidsordninga (SFO) ved Steindal skole noko som reduserer livskvaliteten til nordmenn flest. Dei fleste av ungane som er med, tykkjer sikkert dette er heilt ok også. Men eg kan ikkje anna enn å tenkje tilbake på min eigen barndom, og innser raskt at det truleg er somme ungar ved Steindal skole som absolutt ikkje trivst med denne forma for velvillig, men misforstått segregering.

Saka er denne: SFO ved den nemnte Steindal skole har delt opp jentene og gutane i eigne aktivitetsgrupper, der jentene er så heldige at dei mellom anna får tilbod om «neglespa» og å laga armband og såpe. Gutane får delta på slikt som «fart og moro i gymsalen» og dei får laga ting av leire i sløydsalen. Eit kjapt tilbakeblikk på meg sjølv som skulejente, og eg veit nøyaktig kva for ei gruppe eg ville ha delteke i. Eg elska sløyd og å halde på med leire, og eg valte å spela fotball med gutane i staden for å hoppe strikk i friminutta. I gymmen deltok eg i den gruppa som hadde nesten berre gutar (unntaket var eg), medan nokre få gutar deltok i gruppa med flest jenter.

Eg hadde fått pustevanskar dersom eg måtte ha delteke på neglespa medan gutane hadde rebusløp, som er alternativa Steindal skole tilbyr dei to aktivitetsgruppene den 1. november hausten 2016. Aktivitetane er ikkje valfrie etter interesse, dei er oppdelte etter kjønn. Visstnok skal ungane ha påverka valet av aktivitetar – og det trur eg gjerne på. Men om ALLE ungane – som blir nøydde til å delta på dette dersom dei skal vera med i gjengen på rett vis – er like ivrige og glade for gruppeinndelinga og fordelinga av aktivitetar, tviler eg sterkt på.

Eg tviler derimot ikkje på at det er godt meint frå SFO si side. Det burde berre vore betre gjennomtenkt. Kvifor kan ikkje gutar lære seg å laga såpe, og kvifor kan ikkje jenter laga ting med leire i sløydsalen? Eg veit utmerka godt at det er forskjell på kjønna, og eg meiner ikkje at alle skal halde på med det same heile tida. Men skal ein ha aktivitetsgrupper, er det fullt mogleg å plukke ut ei mengde aktivitetar som både vil vera stimulerande og artige for alle, uansett kjønn.

Og skal ein dele opp, bør ein dele opp etter interesse, ikkje etter ei misoppfatning om at kjønnet på ungen avgjer kva han eller ho liker å halde på med. At eg leikte krig og spelte fotball som unge, var ikkje noko sjakktrekk for å få jentevener. Likevel: Skulle eg ha måtta sitje himmelfallen med neglespa, hadde eg neppe fått fleire jentevener av det heller.

Eg kjenner litt på at eg kritiserer utan dekning her no, for eg veit ærleg talt ikkje kva neglespa er. Men det høyrest meir passivt enn aktivt ut, for å seie det slik. Det er meir futt over «fart og moro i gymsalen». Somme jenter har like stort behov for fart og moro som gutane har. Ikkje minst har somme gutar stor glede av å sitje i ro og pusle med ting, slik vi vanlegvis ser for oss at jentene liker best.

Poenget er: vi er alle forskjellige. SFO på Steindal skole må klare å ta høgde for at ungane har interesser på kryss og tvers av kjønn. Ønskjer ein å førebyggje at ungar blir einsame, må ein unngå at dei får grunn til å kjenne seg utanfor. Eg trur kjønnsdelte grupper med slikt ulikt aktivitetsopplegg kan føre til at somme kjenner seg ekstra gale utanfor, trass i at føremålet er det stikk motsette.

Og til tittelen: «gutejente» eller «jentegut»? Slike merkelappar er enkle å bruke, men gir lite fornuft. Vi menneske er mangfaldige, og eg kjenner karar som både er veldig karslege av seg, men som liker alt frå å strikke til å bake. Tenk så mange gleder gutar og karar kan gå glipp av viss dei ikkje får prøvd aktivitetar som blir definerte som for «jentete». Det same gjeld omvendt. Det handlar om å gi ungar moglegheit til å utvikle talenta sine og finne aktivitetar dei kan trivst med. Då må vi opne moglegheitene for dei, ikkje avgrense dei.

Eg veit at alt ikkje står og fell med slike aktivitetsgrupper som på Steindal skole. Heldigvis gjer det ikkje det, men kanskje kan debatten om akkurat desse SFO-gruppene bidra positivt ved at fleire skuler blir meir bevisste på dette framover.

–> Hallgeir Gammelsæter, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge er faste spaltister i Panorama.