Illustrasjonsfoto: Jørgen Schyberg (CC BY-NC-ND 2.0)

Kvinner her, men ikkje der – kva er problemet?

Etter snart tjue år i politikken har eg aldri opplevd det motsette kjønn som eit problem for at eg skal kunne vera politisk aktiv og få høge politiske verv.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Likevel er det støtt «gubbeveldet» og «gutteklubben grei» som får skulda for at det er færre kvinner i høge politiske verv eller høge stillingar i næringslivet. Er det på tide at vi tek eit oppgjer med denne haldninga til karane, på same vis som det tidlegare var nødvendig å ta eit oppgjer med menns haldningar til kvinner? Og er det eigentleg først når vi får femti prosent kvinner og menn i alle yrke og verv vi oppnår reell likestilling?

Eg underslår ikkje at somme menn hatar kvinner, på same vis som somme kvinner hatar menn. Det viktige for samfunnet vårt er likevel kva som er «vanleg» – er det til dømes vanleg at menn som skal rekruttere til verv og stillingar prøver å unngå dyktige kvinner? Kan vi påstå det i eit samfunn der statsministeren, NHO-sjefen, partileiarane i alle tre regjeringspartia og – trass alt – førti prosent av stortingsrepresentantane er kvinner?

Er det viljen til å rekruttere kvinner som er problemet når ikkje fleire kommunestyrerepresentantar og ordførarar er kvinner, eller kan det ha andre årsaker enn menns uvilje? Kanskje handlar det meir om menns vilje til å gå inn i høge stillingar og verv enn deira uvilje mot at kvinner gjer det same.

Det er ein opplagt fordel at kommunestyra rundt om i landet er mangfaldige, med ei god blanding av folk i ulike aldrar og av begge kjønn. Å skulle få folk til å stille på vallister er likevel alt anna enn enkelt. Svaret er ofte nei i andre enden når ein ringjer for å spørje nokon om dei vil stå på liste. Å få tak i ordførarkandidatar er heller ikkje plankekøyring. Når jobben til slutt er gjort, og valdagen er overstått, vankar det i fleire kommunar kjeft frå fleire hald fordi for få kvinner fekk plass i kommunestyret.

Det blir sjeldan eller aldri teke ei offentleg vurdering av kvaliteten på kommunestyret, evnen den enkelte av dei folkevalte har til å gjera fornuftige vurderingar, viljen deira til å lytte til veljarane og evnen til å formidle meiningane sine til dømes. Det er ikkje sikkert at andelen dyktige menn og kvinner i kommunestyret tilsvarer prosentfordelinga mellom kjønna. Viss det er like mange flinke, tydelege kvinner som flinke, tydelege menn i same kommunestyre, er dette strengt tatt viktigare enn prosentfordelinga for øvrig. (Så lenge som resten av forsamlinga stort sett stemmer fornuftig i dei enkelte sakene gjennom perioden, sjølvsagt.)

Eg trur altså ikkje det er prosentdelen av kvinner eller menn i politikken – eller av folk under tretti år for den saks skuld – som er suksessfaktoren i seg sjølv. Kvalitet er viktigare enn kvantitet her som i mykje anna, og aktive, målretta personar med gode intensjonar er det som trengst i det lokale folkestyret. Korleis skal ein då sikre at dyktige personar av begge kjønn deltek?

Første bod om ein treng å rekruttere fleire kvinner er å unngå å spørje slik: «Vi treng fleire kvinner på lista, vi oppfyller ikkje kravet. Vil du stille?»

Ingen vil vel vera med berre fordi nokon meiner at du har rett kjønn for å oppfylle eit behov eller eit krav.

Sei heller: «Vi har lagt merke til at du er engasjert og dyktig, og har lyst til å ha deg med på laget framover. Vil du stå på liste for oss saman med mange andre trivelege og flinke folk?»

Og så handlar det om å leggje praktisk til rette for at folk i ulike aldrar – og særleg dei i den mest aktive alderen med ungar i huset – skal kunne vera med i styre og stell. Dette gjer ein ved å ha møte på dagtid framfor på kveld, styre møta slik at tidsbruken  ikkje går over stokk og stein, og ved ikkje å overbelaste enkelte med for mange verv på ein gong. Dette er særleg viktig for småbarnsforeldre, uansett kva kjønn dei har, og bidreg til at det også er lettare å rekruttere kvinner.

Det er denne hausten tjue år sidan eg sjølv sa ja til å stå på vallista til Surnadal Senterparti, og neste år er det tjue år sidan eg vart folkevalt for første gong. Eg hugsar kor uttalt positive mange av karane i partiet var til oss yngre som stod på lista, kor glade dei var for å få med nye folk. Eg kjente meg rett og slett velkomen. Den velkomsten var viktig, og seinare har eg opplevd det same gong på gong: Menn i alle aldrar, men gjerne aller mest dei eldste, uttrykkjer glede over at eg er med i partiet. Dei skryt over jobben eg gjer og av at eg kan ha så klåre meiningar om enkelte kontroversielle saker.

Ikkje éin gong har eg opplevd menn som eit problem for å vera politisk aktiv. Dette er det viktig å formidle, tenkjer eg, no som mange lokalparti prøver å få folk av begge kjønn til å stille på liste til kommunevalet neste år. Enkelte tullballar med forkvakla haldningar og dårleg framferd vil det kunne finnast også blant menn, men ikkje oppretthald eit bilete av at menn generelt gjer det vanskeleg eller umogleg å nå fram i politikken om du er kvinne. Med meiningars mot, vilje og engasjement kan ein koma langt uansett kjønn.

Eg nemnte at det sjeldan eller aldri blir gjort ei offentleg vurdering av kvaliteten på kommunestyra. Det er ikkje riktig sant. I lokaldemokratiet vårt er jo «dommens dag» kommunevala. Då får veljarane seie si meining om kven av dei sitjande kommunestyrerepresentantane som har gjort ein god innsats og kven av dei andre på lista som bør inn i kommunestyret.

Eg starta med å mane til kamp mot oppfatninga om «gubbeveldet» og «gutteklubben grei». Dette gjer eg ikkje fordi eg overser det faktum at somme mannlege sjefar gjerne tilset menn som liknar på dei sjølve. Eg tvilar heller ikkje på at det finst mekanismar som går ut over somme dyktige kvinner slik at desse ikkje får dei sjansane dei skulle hatt.

Likevel nektar eg å godta eit bilete av at menn generelt er eit problem, og eg trur vi kvinner kjem lengst viss vi ikkje utviklar ein inngrodd skepsis til karar. Ja, sjå gjerne «gutteklubben grei» der han finst, men elles bør vi løfte fram det faktum at svært mange mannlege veljarar kumulerer kvinner ved val og at svært mange menn i politiske parti ønskjer å rekruttere kvinner.

Kven veit, kanskje sit det ein slik kar frå eit lokalparti i kommunen din og ringjer til nokon akkurat no?

–> Mads Langnes, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.