Stortinget. Foto: Andreas Haldorsen (CC BY-SA 4.0)

Sinne er nødvendig

Vi folkevalte blir ofte advarte mot å vise kjensler, særleg sinne er bannlyst. Vi skal moderere oss og vera saklege og rolege. Eg er einig i at vi skal vera saklege, det bør alle vera, men eg meiner det er heilt feil når sinne blir framstilt som eit problem i seg sjølv.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Hadde ikkje eg hatt evnen til å bli rettmessig sint og forbanna, hadde eg ikkje hatt det engasjementet eg har. Utan temperamentet mitt hadde eg nok ikkje orka å bruke like mykje energi på å forsøke å gjera verda til ein betre stad for meg sjølv og mine medmenneske.

Sinne og likegyldigheit er nemleg eit umogleg par. Er ein likegyldig, løftar ein ikkje ein finger for å endre situasjonen. Er ein sint, får ein eit driv til å gjera noko, og så kan ein sjølvsagt dosere ut energien på måtar som passar best for å oppnå resultat. Innimellom inneber dette å vera ope provosert, å blesa ut, og innimellom inneber det å vente til sinnet har lagt seg – men helst ikkje så lenge at ein gløymer kvifor ein vart sint i første omgang.

Eg kunne lista opp mange grunnar til at eg sjølv blir provosert, men skal ta eit lite filleeksempel som på sin finurlege måte kan vise fram eit større problem ved dagens samfunn. Fram til før helga hadde eg nemleg jobba 19 dagar i strekk, somme av desse dagane veldig mange timar. Eg er som stortingsrepresentant ikkje underlagt arbeidsmiljølova. Derfor protesterer ingen om arbeidsveka er 70 timar, men vi har jo høve til ein del fleksible arbeidsdagar òg. Dei fleste klarer ut med livsstilen, sjølv om mange nok har høgare blodtrykk enn godt er.

Eg er vant til å skulle dokumentere reisene mine – endå meir no etter at nokre få enkeltrepresentantar har vist seg å jukse med reiserekningane. Så eg klagar ikkje på at vi må fortelje kor vi har vore og kven vi har møtt. Det er heilt greitt. Likevel er arbeidsdagane og arbeidsvekene såpass lange og krevjande at eg helst vil sleppe å bruke tid på å forklare og dokumentere ting som det ikkje er nokon kjempegod grunn til at vi skal forklare og dokumentere.

Akkurat noko slikt var det eg fekk spørsmål om denne veka. Det fekk meg til å tenkje at det ikkje er rart om produktiviteten i samfunnet fell kraftig snart på grunn av overdrivne dokumentasjonskrav. For etter å ha vore borte to helger frå familien og hunden fordi eg måtte jobbe og delta på lange møte, og såleis hadde levert ei reiserekning der eg var i Oslo både på kvardagar og ei heil helg, fekk eg denne tilbakemeldinga: «Vi ser du har pendleropphold over helg – fint om du kan si noe kort om behov for opphold i Oslo i helgen.»

Altså, kva? Eg har tilgang på ei stortingsleiligheit i Oslo som eg kan bruke fritt heile året fordi eg arbeider i Oslo i tillegg til at eg arbeider overalt elles der eg ferdast i rolla som folkevalt. Eg arbeider heime i mitt eige hus og i bilen min medan eg reiser til og frå pendling og oppdrag – som når eg talar i telefonen medan eg køyrer eller svarer på e-postar på ferja. Eg arbeider dessutan i skogen på helg når journalistar ringjer meg medan eg er ute på tur. På julekveld har eg mellom anna fått spørsmål frå ein engasjert borgar om eg kunne forklare han trygdesystemet. Så her er fridagane vanskelegare å identifisere enn arbeidsdagane. Skulle eg ha rekna saman alle dagane eg ikkje har arbeidd i det heile dei siste ti åra, hadde det nok avgrensa seg til den perioden i fjor vinter og vår då eg var sjukemeldt.

Eg har faktisk aldri vorte spurt kvifor eg ikkje har reist heim på helg, og det er dette nye spørsmålet som fekk meg provosert denne veka. Plutseleg skal dei vita endå meir, no kvifor eg oppheld meg i Oslo på helg. Eg hadde jo forstått dette inderlege ønsket om å kartleggje alle rørslene mine dersom Stortinget tapar på at eg er i Oslo ei helg. Men Stortinget skulle jo heller vore sterkt skeptisk til at eg reiser heim på helg. Ikkje berre bruker eg då til saman ti timar den helga til reising tur-retur, noko som tek vekk fleire arbeidstimar, det kostar også flesk i flybillettar og andre reisekostnader.

Men Stortinget (den staden der vi helst skal drive med fornuftig lovgjeving og leggje til rette for ei god samfunnsutvikling) vil ha meg til å bruke tid på å fortelje kva eg arbeidde med den helga eg valte å vera att i Oslo i staden for å dra heim til ein lukkeleg hund.

Denne aktuelle gongen var eg i Oslo fordi eg skulle førebu meg til fleire oppdrag som eg visste at eg ikkje kom til å rekke å få førebudd den komande veka. Men kva har nokon på Stortinget med dette å gjera? Kvifor skal eg, som arbeider heilt utan normale arbeidstider og som aldri har ein einaste dag som er skjerma frå nye henvendelsar og oppgåver, dokumentere at eg har grunn til å opphalde meg i Oslo ei ekstra helg? Eg har allereie jobba den helga, og no skal eg altså bruke endå meir arbeidstid (eller fritid) på å skrive at eg har jobba den helga. Stønn.

Eg forstår det berre ikkje, og ja, eg blir forbanna. For det er akkurat denne idiotiske trangen til å få dokumentert kvar ein minste fjert vi menneske slepper utav oss som gjer at folk i næringslivet og samfunnet for øvrig klagar på eit stadig aukande skjemavelde som til slutt kjem til å kvele oss alle.

Då blir spørsmålet: Treng eg å bli sint for dette? Mange ville ha reagert med å svara høfleg «eg var att i byen for å jobbe, og eg brukte til saman åtte timar laurdag og sju timar søndag på skriving og dokumentlesing». Ein kan tenkje at slike folk, som reagerer så høfleg, vil vi ha fleire av. Ein kan òg tenkje at slike folk ikkje nødvendigvis driv samfunnet framover, at slike folk faktisk godtek for mykje og at dei såleis indirekte er skuld i at vi ikkje får has på overbyråkratiske krav og eit stadig meir omfattande dokumentasjonshelvete.

For hadde fleire latt seg provosere og tillatt seg sjølve å uttrykkje motstand mot bortkasta tidsbruk og unødvendige krav, ville det truleg vore lettare å unngå at det stadig kjem stadig nye unødvendige krav som stel tida vår.  Eg ønskjer rett og slett at fleire skal bli sinte når vi blir avkrevd å bruke tid på tull, og aller helst skulle vi som let oss provosere over slikt ha organisert oss til fellesskapets beste.

PS! Eg veit at somme reagerer med indignasjon når andre blir provoserte og sinte på den måten som eg sjølv har gitt uttrykk for i denne teksten. Det er greitt, vi er forskjellige og det er bra for samfunnet at somme kan fyre opp, medan andre kan roe ned. Likevel vil eg påstå at vi ikkje må undervurdere den krafta som sinne spelar i samfunnsutviklinga.

Sjølv let eg meg provosere like raskt og sterkt på andres vegne som på eigne vegne. Innimellom pønskar eg ut idear som kanskje kunne vore nyttige for å gjera ting enklare for folk. Eg har brukt min eigen frustrasjon over kor vanskeleg det er å få levert reiserekninga i samband med helsereiser til å pønske ut det eg trur er ein god idé. Ideen min kan spara mange enkeltmenneske for mykje prakk, og mange fleire vil kunne få att pengar dei har krav på. Til alt overmål vil ideen min kunne koste staten masse pengar.

Utgangspunktet for ideen er kor vanskeleg det er for folk å få att pengar for reiser til sjukehus og andre helseinstitusjonar. Sjølv om det har vorte noko lettare med ei nettbasert løysing, er det enno slik at mange aldri får att pengane fordi dei ikkje forstår seg på systemet eller rett og slett leverer kravet for seint. Fristen er berre på seks månader. Det er ikkje vanskeleg å forstå at når folk til dømes har fått kreft eller andre alvorlege diagnosar, kan det vera vanskeleg å få levert reiserekningar innan seks månader.

Eg meiner fristen bør utvidast for slike tilfelle, men uansett vil eg gjera framlegg om ei ny og praktisk løysinga, som truleg vil lette jobben for svært mange. Framlegget mitt er slik: Rett og slett at det skal bli mogleg å levere reiserekninga same dag som du møter til behandling eller undersøking, på den same betalingsautomaten som du uansett skal betale på. I tillegg til å betale på automaten, kan vi få opp eit ekstra alternativ: «Levere reiserekning.» Og så: «Har du reist frå den folkeregistrerte adressa di til denne behandlingsstaden i dag? Viss ja, vil du i så fall allereie no levere ei forenkla reiserekning?»

Så kunne systemet rekne ut kilometertal tur-retur og automatisk betale inn pengane til vedkomande. Gjett om mange menneske som no går glipp av relativt store summar kunne fått pengane sine med ei slik løysing. Ja, det ville vorte dyrare for staten, men dette er pengar som folk har krav på. Denne ideen treng å bli vurdert skikkeleg og ei heilheitleg løysing som inkluderer ei betre nettløysing må pønskast ut, men eg løftar ideen fram som eit døme på at mogleg utvikling kan koma som resultat av nettopp frustrasjon eller sinne. Og så seier eg heilt til slutt med Benny Andersen: «Heller dampe enn støve.»