Jenny Klinge på sitt stortingskontor. Foto: Privat

Jag trivst best i öppna kontorlandskap?

Songen Öppna landskap av Ulf Lundell begynner slik: ”Jag trivs bäst i öppna landskap, nära havet vill jag bo, några månader om året, så att själen kan få ro.” Spørsmålet mitt er om vi får arbeidsro av opne kontorlandskap. Sjela får i alle fall ikkje ro der.

Jenny Klinge frå Surnadal sit på Stortinget for Sp.

Opne kontorlandskap er statens løysing for framtidige arbeidsplassar.  Resultatet skal visst bli meir effektive arbeidstakarar, men det er svært god grunn til å trekkje i tvil denne påstanden.

Konklusjonen kan heller bli det motsette: opne kontorlandskap hindrar konsentrasjon og sjukefråværet blir høgare enn om folk har eigne kontor

No i koronasmittas plagsame tidsalder er dei endå verre enn vanleg – for kor lett er det å hindre smittespreiing i slike kontorløysingar? Eg spør meg derfor kvifor staten på død og liv skal byggje berre opne kontorlandskap dei neste åra.

For ein del år sidan skulle veggane i klasseromma rivast ned til fordel for opne løysingar på skulane. Det skulle vera så lurt. Men det var jo ikkje lurt. Nye veggar har kome på plass igjen på mange skular. Støy og distraksjonar fremjer ikkje læring.

No framover er det statleg tilsette som skal til pers. Dei skal ikkje lenger ha eigne kontor i nybygg. Med utgangspunkt i «statens arealnorm» skal det leggjast opp til anten faste plassar i opne landskap eller såkalla aktivitetsbaserte arbeidsplassar utan faste plassar.

I denne siste løysinga kan du ikkje gå frå pulten nokre timar utan å rydde vekk alt først, fordi nokon annan skal kunne bruke den, og du må finne ein ny stad å jobbe når du kjem tilbake.

Arealnorma er eit resultat av behovet for nye regjeringsbygg, men skal gjelde alle framtidige statlege arbeidsplassar (og for dei som allereie jobbar der om dei må flytte inn i nye lokale). Det gjeld td byråkratar, forskarar og sakshandsamarar.

NRK Brennpunkt viste i 2018 korleis regjeringa er heilt overbeviste om at opne kontorlandskap og flytande arbeidsstasjonar blir bra. Det var statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Paul Chaffey (H) som målbar dette.

Ikkje berre det, Chaffey knytta slike lokale til ei forventning om at produktiviteten skal gå opp. Med enkle ord: folk skal få gjort meir når dei ikkje lenger har eigne kontor.

«Hensikten er å samarbeide bedre, og det skal vi oppnå ved å organisere arbeidsplassene på en annen måte», sa Chaffey. (nrk.no 25/4 2018)

Det er god grunn til å lure på om det er relevant forsking som ligg til grunn for slike forventningar. Regjeringa viste sjølv til at ei flytting frå vanlege kontor til opne landskap kan auke prestasjonar som hurtigheit og nøyaktigheit med 440 prosent.

NRK fann så ut at studien regjeringa viste til handla om tilsette som arbeider på samleband. Sikkert overførbart til byråkratar. Eller kanskje ikkje …

Kva er det med desse byråkratane, forskarane og sakshandsamarane vi bør merke oss? Jo, dei utfører arbeid som må vera nøyaktig, korrekt og ordentleg. Dei må setje seg inn i til dels svært kompliserte saker, tenkje gjennom ting og gjerne ha kontroll på fleire oppgåver samtidig.

Og dei har fristar. Nokre av dei skal levere viktige notat til regjeringa som betyr noko for hundretusenvis av menneske.

Somme bedrifter og organisasjonar eignar seg sikkert for opne kontorlandskap. Ein del menneske har stor glede av å arbeide med folk rundt seg til ei kvar tid og klarer å yte maks slik. Men svært mange klarer ikkje det, eg sjølv medrekna.

Å handtere medarbeidarar godt og leggje til rette for effektivitet og prestasjonar, krev at vi tek omsyn til personlegheita til folk. Somme er introverte og andre er ekstroverte. Somme er følsame for støy og forstyrrelsar, andre er mindre følsame for slikt.

Det handlar om å finne ein balanse i ein kvardag med mange krevjande oppgåver. Utan eigne kontor vil mange statlege tilsette i åra som kjem miste høvet til å finne den balansen kva gjeld stress og eiga helse.

Det er også eit spørsmål kor lett det er å inkludere folk med ulike sosiale utfordringar når det skal vera tvangssosialisering store delar av tida.

Studiar som NRK refererte til i den nemnte artikkelen frå 2018, viser konsentrasjonsproblem, irritasjon, helseproblem og auka sjukefråvær. Og eit mogleg fall i produktivitet på heile 30 prosent.

Staten legg føringar om få kvadratmeter per statleg tilsett. Dette handlar vel som vanleg om å spara pengar. Men det er ikkje sikkert det blir billigare på sikt om ein byggjer utan ordentlege kontor, dersom sjukemeldingane aukar og effektiviteten går ned.

Vi lever i eit land med god plass. At det er trangare i Oslo enn i resten av landet hindrar ikkje at det er plass til å bruke fornuft. Og öppna landskap er ikkje fornuftig overalt.

–> Kjetil Kåre Haugen, Lise Lillebrygfjeld Halse, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.