Bak f.v.: Andrea Strand, Viktoria Løberg, Tinius Syvertsen, Oliver Synnes, Benas Osman og Julie Linnea K. Didriksen. Framme f.v.: Snorre S. Hanisch, Ine Marie Volden og Idun Kilaas er styret for Vinteruka 2022. Fotomontasje: Arild Waagbø

Torsdag åpner påmeldinga til Stranda-turen

Endeleg skal HiMolde-studentane i gong med ei Vinteruke utan nokon koronarestriksjonar. 

Av SARAVIN SADASARALINGAM

Vinteruka 2022 sparkast i gong med kickoff for på studentklubben Smuget laurdag 12. mars – påmelding her.

Dag etter dag er det satt opp aktivitetar og turar, som studentane kan melde seg på. Leiar for Vinteruka, Ine Marie Volden (26), er ordknapp når vi spør henne om kor mange som er påmeldt til no.

– Vi kan dessverre ikkje seie noko om kor mange som er påmeldt på dette tidspunktet dessverre, fordi berre påmeldinga til kickoffen er åpna, seier Volden.

Men torsdag åpner påmeldinga til tre netter i Stranda omgitt av Sunnmørsalpene på www.moldestudent.no.

Det er ingen løyndom at mange studentar ser fram til Vinteruka for å samlast til å drikke i lag, men Volden seier at alkohol ikkje er i fokus for styret i Vinteruka 2022.

– Saman med Smuget skal vi arrangere kickoff kor det blir servering av alkohol, og utanom dette vil det bli lagt opp til afterski på Stranda kor det blir alkoholservering. Ellers vil alle våre arrangementa vere alkoholfrie, seier Volden.

Stranda-tur er tilbake for første gong sidan 2020. Vinteruka-styret har planlagt dette sidan desember 2021, og seier at styret har lagt ned stor innsats til å arrangere tidenes vinteruke. Målet er å fremme inkludering og samhald i studentmiljøet i Molde.

Vidare vil det også bli arrangert vinteraktivitetar i Molde også, før uka avsluttast med skredkurs.

Styret i Vinteruka 2022 består av følgande: Ine Marie Volden (leiar), Andrea Strand (nestleiar), Oliver Synnes (økonomi), Tinius Syvertsen (sponsor), Viktoria Løberg (arrangement), Julie Linnea K. Didriksen (arrangement), Idun Kilaas (informasjon), Snorre S. Hanisch (styremedlem) og Benas Osman (styremedlem).

Volden håpar at studentane kan skape nye vennskap og sterkare band i løpet av Vinteruka.

– Vi håpar vi kan bidra med positivitet til studentmiljøet i Molde og at mange studentar endeleg kan samlast. Vi håper at totalt 500 studentar deltar på Vinteruka, og vi er klare til å skape fine augeblikk med studentane, seier Volden.

Fremst: Ine Marie Volden, til venstre på rekke to, Julie Linnea K. Didriksen, Andrea Strand, Snorre S. Hanisch, bakerst frå venstre, Oliver Synnes, Tinius Syvertsen, Idun Kilaas, Benas Osman og Viktoria Løberg i Vinteruka-styret. Foto: Arild Waagbø