Handkolorert bilete frå Bjørnsund tidleg på 1900-talet. Foto: Kirkhorn / Romsdalsmuseets fotoarkiv.

Islandness — songen uti øyan

Molde og Romsdal er kjent for å tiltrekke seg naturglade folk med hang til toppturar både sommar og vinter. Med tinderekka ein ser frå Molde er dette heller ikkje til å undrast over, med kjente fjelltoppar på rekke og rad. Mindre kjent, men kan hende enda vakrare, er øyane i Romsdal.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Der råder ei stemning av det som internasjonalt er kjent som «islandness», som ein særeigen mellomting mellom utsyn og isolasjon.

 Islandness

I artikkelen «On Islanders og Islandness» (2007) har den amerikanske øyforskaren og grunnleggaren av The Island Institute, Philip Conkling, teke til orde for at øybuarar verda rundt deler det han omtalar som «islandness».

Ifølgje Conkling er dette ei eiga kjensle eller ein eigen kultur, som på sett og vis er større enn den lokale kulturen. Islandness blir då omtalt som ei slags metafysisk kjensle med opphav i det å vere omflødd og isolert, i motsetning til kva ein opplever på fastlandet. Kombinert med vissheita om det ein tidvis kan oppleve som skremmande og ugjennomtrengelege vannmassar som ei grense mot verda utanfor, gjer dette at øybuarane både vil kjenne på ein isolasjon mot omverda og på ei særleg nærheit til naboane som er i same situasjon.

Samstundes er øybuarane vante med besøk og nye impulsar, med havet som ei særs viktig kommunikasjonsåre gjennom alle tider. Til saman vil denne tilstanden av «islandness» i følgje Conkling prege øybuarane, men også vere merkbar for besøkande til ulike øysamfunn.

Stedsånd

Spørsmålet er om ein vil kjenne ei slik kjensle av «islandness» også om ein tek turen ut på dei busette øyane på romsdalskysten og i Romsdalsfjorden?  Dette er sjølvsagt vanskeleg målbare faktorar, men det er kan hende noko ein som besøkande vil kjenne på om ein så reiser til Ona ytst i havgapet eller til Sekken i den langt lunare Romsdalsfjorden?

Conkling kallar det altså for islandness, medan andre kanskje heller ville brukt eit meir generelt omgrep som «stedsånd» eller liknande, i eit forsøk på å skildre essensen av ein stad sin topografi, visuelle uttrykk, historie, tradisjonar, minner, myter, sosiale aktivitetar og mellommenneskelege forhold.

For øysamfunn sin del, legg eg likevel min begrepsmessige kjærleik til islandness. Havet, kjærleiken og islandnessen, liksom!

Fiskeværet Ona på Romsdalskysten ca. 1930. Foto: Birkeland / Romsdalsmuseets fotoarkiv.

Ona

Den mest kjente av øyane i Romsdal er nok Ona, sjølv om den no (mot innbyggjarane si eiga, klare motvindsstemme) administrativt ligg under sunnmørskommunen Ålesund enn så lenge. Dette er også ei øy mange kjenner til og har besøkt på øyhopping på romsdalskysten. Og trass i fleire daglege ferjeanløp og medfølgjande turistar frå inn- og utland, kjenner nok mange på ei kjensle av ei særeiga atmosfære og ein eigen autentisitet når ein går i land på den vesle øya med det kjente fyrtårnet.

Og etter kva me les i Romsdals Budstikke for få dagar sidan, har til og med talet på fastbuande auka frå 14 til 16 innbyggjarar etter at ei kjærleikens ferjereise vart einvegs ut til Ona.

Songen uti øyan

Og det er noko med denne stemninga ute på øyane, om ein kallar det islandness eller finn ein høveleg tittel på eit teaterstykke for å beskrive det. Det var jo til og med slik at det forholdsvis nystarta Teatret Vårt i Molde lagde teaterstykke om denne kulturen på 1970-talet, med tittelen «Songen uti øyan» (seinare endra til det meir dialektnære «Sangjen uti øyå»).

Handlinga var basert på songar, dialogar og tekstar frå det særeigne miljøet på romsdalskysten, og vart naturlig nok også sett opp «uti øyå». Dette var visstnok også første gongen det vart spelt profesjonelt teater ute på øya Ona, så langt ut i havgapet ein kjem på Romsdalskysten. Dei gjestfrie øybuarane på Ona varta sjølvsagt opp med kaffi og kaker etter forestillinga, og dette kaffislabberaset vart så triveleg at skodespelarane kom for seint til siste ferja til fastlandet. Enda på visa (eller «sangjen»!) var at redningsskøyta til «Det Norske Selskap til Skibbrudnes Redning» vart rekvirert for å få teatertruppen trygt til lands att før natta kom!

Oss og dei – eller vi? Utsikt frå Otrøya over til den bru- og ferjelause øya Tautra i Romsdalsfjorden. Foto: Birkeland / Romsdalsmuseets fotoarkiv.

Islandness og einsemd

Eit av kjenneteikna til ein tilstand av islandness, er dette med kjensla av å vere isolert og ikkje heilt påkopla samfunnet rundt. Eit godt døme på dette har me paradoksalt nok frå Veøya midt i Romsdalsfjorden. Det var jo her den gamle middelalderbyen i Romsdal låg i si tid, i det som kan omtalast som sjølve «rundkøyringa» midt i det romsdalske fjordsystemet. Men etter at kjøpstaden forsvann etter svartedauden, vart det berre kyrkje og prestegard att på øya. Og sjølv om dette var det desidert rikaste og mest sentrale prestegjeldet i Romsdal, med middelalderkyrkje i stein og staselege prestegardsbygningar, veit me at den eine presten etter den andre klaga over isolasjon og einsemd ute på øya.

Til slutt vart klagane så mange at prestegarden vart flytta til fastlandet sist på 1800-talet. Veøya vart likevel ikkje ståande ubebodd mange åra, då den mildt sagt eksentriske marineoffiseren og forfattaren William Coucerhon-Aamot ønskte det motsette av prestane. «Kongen til Veøy» kjøpte prestegarden få år etter at siste prestefamilien flytte til fastlandet, og som eg har skrive om tidlegare i Panorama vart dette som eit eige rike ute på ei avskjerma øy.

Ein annan eksentrisk øybuar me kan nemne, er den tyske kunstnaren Kurt Schwitters som budde på Hjertøya utanfor Molde på 1930-talet. Schwitters uttrykte seg i ei kunstnarleg retning som nasjonalsosialistane i Tyskland såg på som degenerert, og måtte difor søke seg til utlandet og hamna på ei øy i Romsdalsfjorden. Med det gjekk han frå å vere litt på utsida og «noko anna» i Tyskland, til ei anna form for utanforskap då han busette seg i ein potetkjellar på Hjertøya.

Me veit ikkje akkurat kvifor han valte øya og ikkje fastlandet, men kan hende såg Schwitters på den forma for islandness han kunne oppleve på Hjertøya også som utviklande for det kunstnarlege uttrykket sitt?

Ei øy utanfor ei øy. Rindarøya ligg tett ved den langt større øya Gossen, og fekk «fastlandsforbindelse» til denne på 1900-talet. Foto: Widerøe /Romsdalsmuseets fotoarkiv.

Internasjonal islandness

Sjølv om Couceron-Aamot søkte einsemda på Veøya, reiste han meir i utlandet enn dei fleste romsdalingar på denne tida. Tilsvarande med Schwitters på Hjertøya. Så å bu på ei øy treng ikkje å gjere at ein lever i isolasjon, kanskje tvert om.

Det kan ein jo sjå ute på mange av øyane på kysten i våre dagar, der alt frå oppdrett og fiskeforedling til olje og gass gjer at øyane ikkje er isolerte frå verda, men at verda kjem til øyane. Ser ein t.d. på kva offentleg statistikk syner om ein øykommune som Aukra, viser det seg at ferga frå fastlandet til Gossen har teke med seg nye innbyggjarar frå til dømes Litauen, Polen, Tyskland, Ukraina, Eritrea, Somalia, Irak, Syria og ei rekkje andre landi seinare år.

I kva grad desse kjenner på ein tilstand av islandness når dei kjem til Gossen skal eg ikkje seie for sikkert, men noko slikt hadde utvilsamt vore interessant å sett nærare på.

Øyhopping og islandness

Eg kan ikkje anna enn å anbefale lesarane å besøke øyane i Romsdal. Nokre av dei manglar faste båt- eller ferjetilbod, som t.d. Veøya og Tautra. Andre av øyane har fått gratis ferje som følgje av politiske dragkampar dei siste åra, og de kan reise både til Sekken, Otrøya og Gossen utan å leggje ut ei einaste krone. Frå Gossen kan de også drive rett øyhopping, med ein ferjetur som tek dykk innom både Orten, Finnøya, Sandøya og Ona.

Men hugs å rekke siste ferje heim att! Om ikkje vil de lett bli integrerte islanders som lever i ein tilstand av islandness – omflødd av havet, livet og kjærleiken.

–> Elin Mordal, Arve Hjelseth, Lise Lillebrygfjeld Halse og Mads Langnes skriver fast på fredager i Panorama.