Kong Frederik X. Kjelde: Wikimedia Commons

Supplikk til partyprinsen

Våre kjære naboar i Danmark har nettopp fått ny konge. Den tidlegare partyprinsen Frederik har fått krone på hovudet og ein X etter namnet sitt, og er no Kong Frederik den tiande.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

I gamle dagar medførte eit slikt tronskifte ofte til ein flaum av bønebrev og klagemål til kongen i København også frå Noreg. Og kan hende skulle me framleis brukt den såkalla supplikkinstitusjonen om det var noko me hadde på hjartet?

Partyprins og konge

«Han var i sin ungdom en vild krabat», for å sitere Henrik Ibsen sin omtale av Terje Vigen i det episke diktet av same tittel. Og det må ein vel også kunne seie om den nye danskekongen. Saman med sin bror og compadre prins Joachim, gav den ungdommelege hangen til raske bilar, viltre festar og snasne damer dei to brørne tilnamnet partyprinserne eller turboprinserne både heime i Danmark og utanlands.

Det er jo også ein gamal tradisjon for at kongelege fekk sine tilnamn, der me mellom anna kan nemne norske kongar som Olav den heilage, Sigurd Jorsalfar (Jerusalem-farar) og Magnus Lagabøte (lovreformatoren). Men Frederik, han var altså partyprinsen! Som tidlegare unionspartner med Danmark gjennom hundrevis av år, var det nesten så ein her heime i Noreg (som bestandig) kunne vere litt misunneleg på festlighetane nede i vår gamle hovudstad København.

Danmark-Noreg

Medan kroninga i Danmark ikkje medførte så stor oppstandelse i Noreg denne gongen, var eit slikt skifte sjølvsagt ei rett storhending gjennom dei mange hundreåra Danmark og Noreg låg i union fram til 1814. Som ein del av den såkalla heilstaten Danmark-Noreg låg hovudstaden vår i København gjennom heile denne perioden.

Ikkje minst hadde innføringa av einevaldsstaten frå 1660-1661 medført at makta til kongen i København auka, og i tida fram mot unionsbrotet i 1814 såg ein at stadig meir makt vart samla på hendene til einevaldskongen og det sentrale styringsverket i hovudstaden. Samstundes hadde innbyggjarane i så vel Danmark som Noreg moglegheit til å ta opp saker direkte med han «Far sjølv i København», som også nordmennene gjerne omtalte kongen som.

Og no har me altså fått ein ny «far» i Køben, om enn unionen mellom Danmark og Noreg for lengst er broten.

Supplikkinstitusjonen

Ved å sende såkalla supplikkar, ei form for bønebrev eller klageskrift, hadde innbyggjarane ein institusjonalisert rett til direkte kontakt med staten sin øvste leiar. Sett frå historisk ståstad var supplikkinstitusjonen eit interessant kommunikasjonsledd imellom innbyggjarane og ein absolutistisk fyrste.

Dette er særleg interessant sidan me veit at det ofte var dei lokale embetsmennene og styringsverket innbyggjarane klaga på, og det altså rett til kongen sjølv. Supplikkinstitusjonen fungerte med det som eit styrings- og kontrollorgan, der borgarar og bønder kunne sende inn klage på lokale embetsmenn, og då forstår me at det var vanskeleg å sende supplikkane via dei same embetsmennene som ein kanskje ville klage på.

Kong Fredrik IV får overrekt ein supplikk med teksta «Hielp for Jesu dyre Død. Naadig Konge Giv mig Brød”. Kjelde: Rosenborg slott, Danmark

Skriva vart med det også ei ekstra moglegheit for kongen til å halde auge med dei lokale embetsmennene og styringsverket sitt kring om i riket, i tilfelle der det vart klaga på lensmenn, sorenskrivarar og futar. Bøndene kunne altså utbringe ytringar direkte frå botnen til toppen av den autoritære samfunnspyramiden, som ei form for motinformasjon til den som gjekk den alminnelege tenestevegen til kongen i hovudstaden.

Difor vart supplikken også ein del av det som gjerne har vorte omtalt som eit opinionsstyrt einevelde, der sjølv ein eineveldig konge lytta til allmugen.

Far sjølv i København

Ein supplikk var altså eit bøneskrift, ein klage eller ein søknad, der ordet har si rot i det latinske omgrepet supplicare; bønfalle. Den som skulle bønfallast var kongen sjølv i København, og supplikkane gav med det i teorien moglegheita for ein direkte kanal frå den einskilde undersått i riket til den øvste leiaren.

I mangelen av noko demokratisk valt folkeforsamling under einevaldsstaten var supplikkane ein av dei få moglegheitene allmugen hadde til å gje uttrykk for misnøye med saker som galdt dei sjølve eller lokalmiljøet, om dei ikkje ønskte eller såg det som mogleg å gå om det vanlege rettssystemet. Desse klageskrifta er med det av dei viktigaste kjeldene me har til å sjå korleis styringsapparatet i Danmark-Noreg i røynda både fungerte og vart opplevd sett frå lokalt og regionalt hald. Supplikken var ein lovfest institusjon i det dansk-norske einevaldsregimet, der alle samfunnslag i prinsippet kunne sende inn skriv direkte til kongen.

Formelt sett var ein supplikk stila til kongen, og formelt var det også kongen som svarte på supplikkane. At det var «Far sjølv i København» som reelt sett sat og svarte på supplikkane ser også ut til å ha vore ei vanleg oppfatning mellom folk flest i samtida, og var med på å byggje opp under den paternalistiske rolla til den mektige, men rettvise, kongen i København. Om bøndene opplevde det slik, var nok også noko med målet nådd frå kongemakta og sentralstyresmaktene si side, der einevaldskongen skulle reknast som ein omsorgsfull, nådig landsfader som undersåttane kunne be om hjelp mot urett, naud og fare.

Købentur

Det var også slik at om ikkje supplikkane førte fram, så var det alltids mogleg å reise til København sjølv for å setje fram si klage for kongen. Slike deputasjonar var i utgangspunktet ikkje heimla i lovverket, og om det ikkje følgde med eit løyve frå amtmannen var deputasjonen å rekne som ulovleg, og utsendingane skulle hamne rett i straffearbeid i citadellet i Fredrikshavn eller i spinnehuset i København.

Supplikkprotokollane i Rigsarkivet i København inneheld mange supplikkar også frå Molde og Romsdal. Foto: Mads Langnes

I røynda veit ein likevel at det ikkje var så sjeldsynt at einskildpersonar eller meir kollektive grupper reiste til hovudstaden for å leggje fram ei sak. Mellom anna vart dette gjort 1764, då bøndene i Romsdal sende ein deputasjon til København i samband med at dei ønskte å klage på ekstraskatten. Dette kan stå som eit døme på at ålmugen faktisk såg det som ei reell moglegheit å reise til hovudstaden for å leggje fram saka si direkte for konge eller kanselli, også her i Molde og Romsdal.

 Sende ein supplikk?

Og no, med ein ny «far sjølv» i København, kanskje me skulle sendt nokre supplikkar? Me veit jo mellom anna at det vart lagt fram ei heil rekkje supplikkar under arvehyllinga av den dansk-norske kongen i 1661. Innføringa av einevaldsstaten på denne tida medførte at kongemakta vart langt mektigare enn tidlegare, og med det strøyma det på med supplikkar frå byar, bygder og einskildpersonar kringom i heile Noreg.

Ikkje minst var det mange byar og ladestadar som ønskte å trygge privilegia sine ved å sende supplikkar til kongen, noko som gjorde at Molde og Romsdal indirekte er nemnt i ei rekkje supplikkar der borgarane i Trondheim og Bergen ville sikre interessene sine på Nordvestlandet.

I kjeldematerialet på Rigsarkivet i København, finn ein også ei stor mengde supplikkar sendt frå Molde og Romsdal rett til kongen sjølv. Dette dreier seg om alt frå klager på embetsmenn til søknadar om å få skjenkerett til brennevin, frå søknadar om giftarmål mellom tremenningar til rop om hjelp i uløyselege eigedomstvistar

Så om de har noko å klage på no – om det så er kommunegrenser eller skjenkeløyve – ville eg nytta anledninga og sendt ein supplikk til partyprinsen som vart konge.

Skål for Danmark og 3 x 3 hurra for Kong Frederik!

–> Arve Hjelseth, Lise Lillebrygfjeld Halse og Mads Langnes skriver fast på fredager i Panorama.