Halfdan Bryn sine granskingar av Møre fylkes antropologi vart kjent også utanfor Noreg. Det var særleg i Tyskland det vart vist interesse for Romsdalingar, Sunnmøringar og Nordmøringar si skalleform, lekamshøgd, hårfarge, andletstype osb. Kjelde: Skorgen 2002.

Frenologi – læra om kortskallar og langskallar i Møre og Romsdal

Alle vitskaplege retningar er i kontinuerleg endring, der ulike paradigmeskifte kan føre med seg både oppturar og nedturar. Frenologi er eit godt døme på dette, der ytre fysiognomiske trekk typiske for dei einskilde landsdelane skulle forklare kvifor ei større eller mindre gruppe hadde ulike eigenskapar.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Denne vitskapen slo ikkje minst om seg her i Møre og Romsdal, før den snøgt kom i miskreditt og så vel måleinstrument som teoriar vart lagt på  hylla.

Antropologi og frenologi

Kring hundreårsskiftet fann ein hjå einskilde forskarar det synet at dei eigenskapane som var viktigast innan den menneskelege evolusjonen, var kvantitative og fysiske. For å undersøkje desse fenomena, måtte ein difor gjennomføre statistiske analyser av biologiske data. Som ei sidegrein av dette, vart også tankane etter den tyske hjerneanatomen Franz Joseph Gall (1758-1828) tekne opp att innan den fagretninga ein kan kalle den fysiske antropologien.

Måleinstrument nytta til å måle hovudform og kroppens proporsjonar. Kjelde: Kyllingstad 2004.

Gall hadde grunnlagt frenologien, og dette var ei lære der hovudskallens fysiske form også skulle kunne gje svar på individets psykiske eigenskapar. Dette grunngav ham med at ein framtredande karaktereigenskap hjå eit individ ville føre med seg ei sterkare utvikling og utbukting av ein fastsett del av hjernebarken, noko som i neste omgang ville føre til ei liknande utbukting på hovudskallen.

 Kortskallar og langskallar

Sjølv om teoriane alt frå byrjinga var omdiskuterte, fann ein likevel  dei som prøvde klassifiserte og forklåre dei sosiokulturelle tilhøva etter dei fysiske eignskapane til folket. Dette vart mellom anna gjort av forskaren Andreas M. Hansen i boka Norsk Folkepsykologi frå 1899. Hansen nytta frenologiske målingar frå militærlækjaren C. Arbo, og knytte desse opp mot ei rekkje kulturelle skilnader ein fann landsdelar og bygder imellom. Mest vekt la han på om folket var langskallar eller kortskallar. Ut frå dette sette han mellom anna opp eit skalle-geografisk ”rasekart” over Noreg, der det kjem fram at det var langskallane som var ”ur-typen” i det meste av landet, medan ein fann kortskallane mest langs med kysten og i nokre få strøk i innlandet.

I tillegg til at langskallane hadde lik skalleform, hadde dei smalt andlet, kvit hud, lyst hår, blå auge, var slanke og høge. Langskallane var altså ein antropologisk type; « … som man kanske bekvemmest kan få for sig ved at nævne et landskendt ekesmplar med rene racetegn – Fridtjof Nansen», som Hansen skreiv. Kortskallane var derimot lågare, hadde rundare andlet, breiare nase, mørkare hud, hår og auge. Desse resultata vart så samanlikna med eit valkart frå Stortingsvalet i 1897.

Hansen hevda at skalleindeksar og stemmefordeling stemte overeins slik at ein kunne seie at der kortskallane var i fleirtal, der var også det konservative og unionsvennlege Høgre-partiet i majoritet, medan der langskallane dominerte, fann ein at det reformorienterte og nasjonale Venstre fekk flest røyster.

Dette stemte visstnok i vel 230 av 270 valdistrikt Hansen hadde teke føre seg, og han nølte heller ikkje med å slå fast at:  «… de politiske partiers herredømme i Norges bygder er betinget i raceforskellen

Kart som skulle underbygge Andr. M. Hansens teori om skallemål og politisk ståstad. Kjelde: Hansen 1899.

Hansen hedt fram med å slå fast skilnader i legemleg, åndeleg og økonomisk utrusting ut frå fysiognomiske skallemålingar. Folket i kortskalledistrikta vart oppgjeve til å vere underlegent langskallane i åndeleg utrusting, og han hevda i lag med Arbo at ein hjå kortskallane såg at: « … uttrykket er ikke så energisk, med det lidt sky, vikende blikk. Vestlendingen er tung og træg – ungdommmen mangler al sprækhet og livsfriskhet og har en overlegen, halvt snobbet foragt for alt fysisk arbeide som ikke synest direkte at lønne sig – derfor har han også litet til overs for idrætten og da specielt militærlivet – han er uten krigersk tilbøielighet og ambisjon – mangler kappelyst og giver derfor før op

Og lista er mykje lengre; kortskallane var puslete, uhygieniske, sytande ved sjukdom, var nøysame inntil det smålege og hadde ein grublande religiøs natur. Men i rusa tilstand var ein kortskalle derimot: « … venligheten selv, indtil det mest plagsomme klængeri

Annleis når Hansen tok føre seg langskallane, og deira åndelege karakteristikk. Langskallane var nemleg prega av eit høgare indre verd, og sidan ein fann desse i indre fjordstrok og i innlandet, var det på sin plass å framheve: «… den herlige tænkemåte, som besjæler den norske fjeldbonde» – ein ”rase” som var prega av å vere: « … stolt, frihetselskende, åpen, ordholdende, oprigtig, men derhos hævnlysten, iakttar med al sin genstridighet altid en vis ridderlighet, der ikke fornægter sin ædle herkomst – livligere, gæstfriere og rensligere, mere oplyst

Blondt hår og høgde følgde langskallane, sams med eit ljost sinn, sjølvkjensle, djervt livsmot og ei stridig kampvilje. Dette stod i følgje Hansen i sterk kontrast til kortskallane. Deira mørke hår, hud og auge heldt nemleg følgje med eit tyngre og mørkare syn på tilværet, mistru og misunning, samt at ein fann grobotn for den pietistisk sønderknusinga. Mellom anna såg forfattaren dette tydeleg i militærvesenet, der det visstnok var tydeleg at langskallane var langt meir dugande i strid. Som eit døme på dette er det snakk om langskallane ein fann i indre Romsdal og i indre Trøndelag; «… folket er stivt og stolt, med stærk uavhengighetsånd. Fortrinlige soldatemner med utpræget militær ambisjon og fast korpsånd (flere officerer).» Hansen slo også fast at kortskallane høgst hadde 1/3 av langskallanes interesse for sport og våpenbruk. Meir spekulativt er det når han kom inn på dei to skalleslagas musikksmak, og mellom anna skreiv at: «I musiken tåler kortskallen mindre av fele og trompet med den energiske klangfarve, langskallen mindre av fløite og orgel; kortskallen kan holde ut i stadig moll, langskallen kræver snart dur

Møre Fylkes antropologi

På eit møte i Videnskabernes Selskab i 1904 vart det lagt fram ei plan for ei samla antropologisk etterrøking av det norske folk, der ein skulle sjå på skalleform, lekamshøgde og farge på auge og hår. Ideen om at ein kunne trekkje slutningar frå ytre karakteristika til indre eigenskapar kom også fram i eit innlegg av professor Guldberg på dette møtet. Guldberg tala om at dei einskilde «rasane» ikkje berre hadde ulike fysiske kjenneteikn, men at ein også ville finne ulike psykiske trekk, noko som igjen var bestemmande for dei sosiale tilhøva i dei ulike samfunna. Tanken var at antropologiske etterrøkingar difor ville ha eit stort verde også for historikarane og politikarane. 

Det skulle likevel ta 15 år før dette prosjektet vart sett ut i live, då under leiing av professor Kristian E. Schreiner og militærlækjaren Halfdan Bryn. Ein hadde på denne tida gått vekk frå ein del av tankegodset til Andreas Hansen. Det var dei fysiske måla ein skulle ta føre seg, medan granskinga av det psykologiske aspektet og dei mentale trekka var stuva vekk. Det var særleg Schreiner som stod for dette strengt empiriske og saklege synet, medan Bryn var meir velvillig ovanfor Hansen sine tankar om ein samanheng mellom skalleforma og intellektuelle eller sjelelege emne. Her bør likevel nemnast at Hansen og Bryn sine studium innan antropologi også var omdiskuterte allereie i samtida. Mykje av grunnen til at denne forskinga etter kvart kom i miskreditt i Noreg, låg noko også i at den fann vegen til tyske og andre internasjonale raseforskings- og rasehygienemiljø.

I 1920 gav Bryn ut boka Møre Fylkes Antropologi. Grunnlaget for boka var målingar forfattaren hadde utført i åra 1913-1918 på militære rekruttar i byrjinga av 20-åra på militære sesjonar, eksersersplassar og festningar.

Kart over skalleindeks. Det var flest kortskallar i sør, flest langskallar i nord. Kjelde: Bryn 1920

Bryn starta med å ta føre seg lekamshøgda til innbyggjarane i Møre og Romsdal, og fann at denne varierte sterkt. På Søre Sunnmøre fann ein ei gjennomsnittleg lekamshøgde på 167-169 cm, som var av det lågaste i landet. Annleis på Nordmøre, og då særleg langs med Sunndalsfjorden, der gjennomsnittshøgda låg på 173-174 cm. Dette var av det høgaste i landet. Stort sett kan ein seie at Bryns tal viser at folket vart høgare dess lengre nord og lengre aust ein kom i fylket.

Langskalle frå Nordmøre. Kjelde: Bryn 1920

Også når det galdt hårfarga, fann Bryn store skilnader. Blondt hår vaks berre på 13 % av rekruttane frå Søre Sunnmøre, medan det auka på til 17 % på Nordre Sunnmøre. I Romsdal hadde 22 % blondt hår, medan nordmøringane låg ein prosent under. Likeeins når det galdt augefarga. Mørke auger i sør, medan det vart vanlegare og vanlegare med blåe auge til lengre nord ein kom i fylket.

Kortskalle frå Søre-Sunnmøre. Kjelde: Bryn 1920

Interessant er det å merke seg at Bryn kom fram til at det var fleire blåaugde i byane Ålesund og Kristiansund enn det var i dei futedøma som desse byane låg i. Og med dette kom forfattaren inn på den sjelelege utrustinga som låg til dei ulike ”rasane”, då blåe auger var eit av kjenneteikna til langskallane. Forklåringa på den høge prosenten blåaugde i byane kom av eigenskapar som alltid hadde prega den blåaugde og langskalla rasen, i følgje Bryn: « … trangen til at søke ut i verden for at forbedre sine livskaar

Når Bryn tok føre seg hovudet, fann han nok ein gong eit bilete der Søre Sunnmøre og Nordmøre låg i kvar sin ende, med Nordre Sunnmøre og Romsdal i mellom: breiaste skallane i sør og smalare til lengre nord i fylket ein kom. Samstundes fann ein same utviklinga frå fjordbygdene ut mot kysten i heile fylket, der hovudbredda var lita i fjordbygdene og breiare ute ved kysten. Kombinert med hovudets lengde kom Bryn fram til den såkalla skalleindeksen; index cephalicus, og fann kortskallar i sør og langs med kysten, medan det vart fleire langskallar til lengre nord og aust ein kom i fylket. Til saman var langskallane i klart fleirtal i fylket med sine vel så 80 %. På Søre Sunnmøre var derimot berre 62 % av folket langskallar, medan heile 84 % av rekruttane frå Romsdal vart sette i denne kategorien.

Som nemnt vart Bryns målingar nytta av tyske raseforskarar. Og ikkje minst var det Bryn sin påstand, ut frå målingar og kart, om at det var ein klår samanheng mellom mørkt hår, breie skallar, mørke auge og låg lekamshøgd – og likeeins mellom lyst hår, lyse auge, stor lekamshøgd og smale andlet – som vart referert. Desse målingane stamma frå Møre og Romsdal, og me veit at dei også vart gjengjeve i nazistisk raselitteratur.

Antropologiske trekk

Av det mest interessante Halfdan Bryn tok føre seg, sett med våre dagars auge, er handsaminga av den åndelege utrustinga og dei sjelelege eigenskapane til innbyggjarane i fylket.

Som Bryn ettertrykkelig hadde vist, var folket i fjordbygdene på indre Nordmøre eit særleg høgreist folkeslag. Som eit døme, leikte militærlækjaren seg med tanken på å setje ein søreuropear ned i ei av desse bygdene. Med si gjennomsnittlege lekamshøgde på 173-174 cm, ville nordmøringane framstå som kjempar. Men søreuropearen ville også leggje merke til noko anna. For om han hadde møtt på like høge folk i heimlandet sitt, ville det oftast vere noko uproporsjonert over dei. Annleis på Nordmøre: «Disse høie folk er usedvanlig vel proportionerte. Den store legemshøide er helt naturlig for dem.» Også deira lyse hår og blå auger ville vere iaugefallande, – dette til og med for ein nordtysker. Og om ein heldt til i nordmørsbygdene ei stund, ville ein lett sjå visse faste trekk hjå folketypen: «…det er dens mundtre sind, dens lettvinthet, rask til at handle og kvik til at tænke

Om ein reiste sørover til Romsdal, fann ein mykje av det same. Særleg galdt dette dei indre fjordbygdene, ifølgje Bryn. Her møtte ein mange av dei same trekka som på Nordmøre, og kanskje i endå sterkare grad. Annleis på romsdalskysten. Her var ein del av folket mørkare og dei fleste meir breiskalla. Men i motsetnad til breiskallane på Søre Sunnmøre var dei mykje høgare. Desse blandingseigenskapane hjå det forfattaren kallar Møre fylkes bastarder, fann ein både på romsdals- og nordmørskysten. Dette kystfolket hadde hatt ein livleg kontakt med den kortskalla alpine urrasen på Søre Sunnmøre, og var difor : « … smittet med flere av denne types eiendommeligheter

På Nordre Sunnmøre fann ein mykje av det same som i Romsdal. Likevel var det slik at skilnadane mellom dei blonde og blåaugde innbyggjarane i dei indre fjordbygdene og kortskallane i kystherada var endå større her enn i Romsdal. Dei indre bygdene på Nordre Sunnmøre hadde likeeins som dei indre bygdene i Romsdal og på Nordmøre hatt gode samferdsleårer over til Austlandet og Trøndelag: «Herfra er den kommet, og herfra har den endnu sine forbindelser

Og så hadde ein altså folket på Søre Sunnmøre. Det var langskallane som var i fleirtal også her, men i tillegg hadde ein eit langt høgare innslag av mørke kortskallar enn i resten av fylket. Dette gav innbyggjarane eit anna preg, ifølgje Bryn: Ansigtsuttrykket er blit alvorligere, der er noget indadvendt ved det.

Avslutting

Halfdan Bryn sine granskingar av Møre fylkes antropologi vart kjent også utanfor Noreg. Det var særleg i Tyskland det vart vist interesse for Romsdalingar, Sunnmøringar og Nordmøringar si skalleform, lekamshøgd, hårfarge, andletstype osb. Kjelde: Skorgen 2002

No er det slik at dei antropologiske granskingane frå byrjinga av 1900-talet etter kvart vart rekna som lite føremålstenlege til å karakterisere sjeletrekk og indre utrusting. Dette førte mellom anna til at Bryn si forsking vart mindre verdsett i Noreg utetter 1920- og 1930-talet, medan den samstundes steig i Tyskland. Denne vitskapen med sine mange til dels vulgære sidegreiner, har etter kvart vorte meir som eit kuriosum å rekne for våre dagars lesarar.

Eitt er likevel visst; det har vore skilnader på folket i dei tre futedøma i Møre og Romsdal. Dette galdt både kroppshøgd, skalleform og farge på auge og hår.

I  kva grad det også finst kulturforskjellar skal me kome attende til i eit seinare innlegg, om enn ikkje med utgangspunkt i skalleforma!

Kjelder/les meir:

Bryn, H.: Møre Fylkes Antropologi. Kristiania 1920

Hansen, A. M.: Norsk Folkepsykologi. Kristiania 1899

Kyllingstad, J. R.: Kortskaller og langskaller. Fysiksk antropologi i Norge og striden om det nordiske det nordiske herremennesket. Oslo 2004

Langnes, M.: Langskallar og kortskallar. Fysisk antropologi i Romsdal. Molde 2007

Nielsen m.fl.: Livets tre og kodenes kode. Fra genetikk til bioteknologi. Norge 1900-2000. Oslo 2000

Skorgen, T.: Rasenes oppfinnelse. Rasetenkningens historie. Oslo 2002

–> Mads Langnes, Kjetil Kåre Haugen, Arve Hjelseth og Jenny Klinge skriv fast i Panorama.