Portrett sendt frå Henrik Ibsen til direktøren på Hotell Alexandra i 1886. På baksida er det påskrive helsing og takk for opphaldet sommaren 1885.

Henrik Ibsen si sommar i Molde: «… et af de skønneste punkter på jorden, hvad panoramaet angår.»

Denne veka går Bjørnsonfestivalen føre seg i Molde. Byen er med det full av forfattarar og forfattarspirar, både med og utan hatt på hovudet og silkesløyfe i halsen.

Dr. philos. Mads Langnes er historikar og arbeider ved Romsdalsmuseet.

Molde er jo også sagt å vere ein litteraturby, med band til fleire av dei mest kjente norske forfattarane. Bjørnstjerne Bjørnson hadde som kjent skuledagane sine i byen og Alexander Kielland var amtmann med bustad i Molde nokre år. Den mest verdskjente av dei «fire store» – Henrik Ibsen – var også innom Molde og hausta inspirasjon me finn att i fleire av teaterstykka. Og sidan det no både er litteraturfestival i byen og at Teatret Vårt nyleg har hatt premiere på Ibsen-stykket Villanden, tek me oss ein tur tilbake til 1885 og møter Henrik Ibsen både på kaikanten og i avisspaltene.

Ein sommar i Rosenes by

På slutten av 1800-talet vart Molde meir og meir kjent som ein populær turistby, ein Rosenes by. Ei rekkje kjente personar besøkte byen desse åra, med den tyske keisaren som den fremste mellom dei mest trufaste gjestane. Sommaren 1885 vart Molde mellom anna besøkt av «notable reisende» som prinsen av Wales, den seinare kong Edvard 7., den britiske statsministeren William Gladstone, parlamentsmedlem Sir Brassey og den svenske forfattaren og legen Axel Munthe.

I tillegg hadde ein altså den verdskjente diktaren Henrik Ibsen buande i Molde gjennom fleire veker denne sommaren.

Notis i Romsdals Budstikke nr 54/1885.

Tidleg i juli månad kunne Romsdals Budstikke sine lesarar sjå følgjande notis i avisa: Henrik Ibsen er ankommen til vor By. Han har taget Bolig i «Alexandra». Ibsen var på denne tida ein verdskjent diktar, så det er ikkje å undrast over at avisa spanderte litt spalteplass på denne turisten. Ibsen heldt jo som me veit mykje til i utlandet gjennom store delar av sitt liv, og hadde ikkje vore i gamlelandet på elleve år sommaren han kom frå Roma til Molde. Og meir enn halvparten av tida Ibsen var i Noreg denne sommaren, budde han i romsdalsbyen.

Det er ikkje mykje å finne om opphaldet til den verdskjente diktaren i Romsdals Budstikke utetter sommaren. Ibsen sjølv kan derimot fortelje oss ein del, då han berre få dagar etter han kom til Molde sendte eit brev til justisråd Hegel i København. Av dette brevet kjem det fram at Ibsen hadde reist frå København til Kristiania, der det ikkje hadde vore noko godt opphald for diktaren. Reisa vidare gjekk om Trondheim der dei møtte sonen Sigurd, før sommarens endelege destinasjon vart nådd.

Byen Molde, skriv Ibsen, var: … et af de skønneste punkter på jorden, hvad panoramaet angår. Her er en dejlig fjord, begrænset af en uendelighed af kolossale, snebedækte fjeldtoppe og dertil en rig, næsten sydlandsk vegetation. Dette var nok ein rosande omtale innbyggjarane i Molde gjerne kunne tenkt seg fått vite hadde falle frå diktaren si hand, då byen på denne tida var i etableringsfasen som ein av landets fremste turistmål. Ja, det kjem til og med fram av brevet til Hegel at Ibsen hadde vore inne på tanken om å kjøpe seg hus i romsdalshovudstaden, sjølv om han etter kvart hadde gått vekk frå denne ideen: Men bo her for længere tid vilde jeg dog ikke; det påtænkte køb af en ejendom hersteds blir det således ikke noget af.

Vesle Molde hadde nok vorte vel provinsielt som ein meir permanent bustad for Ibsen, og han hadde visstnok heller ikkje fått ei berre positiv mottaking i byen. Å kome inn på det konservative borgarskapet i embetsmannsbyen var ikkje av det lettaste for ein radikal forfattar som Ibsen var, trass i sitt verdsnamn.

Vildanden og Rosmersholm

Molde hadde jo sjølvsagt også sine Ibsen-tilhengarar, både mellom høg og låg. Mellom anna kan tradisjonen fortelje oss at Ibsen var innom hjå Møller på Moldegård denne sommaren, der Hans Thiis Møller var ein ven av Bjørnstjerne Bjørnson og ein nestor mellom dei radikale i byen. Det har jo også vorte hevda at stovene på Moldegård skal vere mellom dei største inspirasjonskjeldene då Ibsen skreiv stykket Rosmersholm. Me kjenner mellom anna til ei oppsetjing av dette stykket på Nasjonalteateret i 1922, der ein hadde vore klar over ein interiørmessig likskap mellom Moldegård og Rosmersholm. Teatersjefen, Bjørnsons son Bjørn Bjørnson, kan ha vore kjelda til dette, og då stykket skulle setjast opp bad teateret om opplysingar gjeldande interiøret på Moldegård frå eigaren, då dei ville basere kulissene sine på denne storgarden midt i Molde.

Etter kva me får høyre frå ei reportasje i hovudstadsavisa Dagen om opphaldet, var det eit stille og roleg liv Ibsen førte både på hotellet og ute i byen. Første dagen reporteren hadde vore i byen, hadde han vorte sitjande på ein veranda på Hotel Alexandra og sjå på ein mann ute på bryggekanten nedanfor hotellet. Mannen hadde grå såkalla bakkenbartar (kinnskjegg), ein særmerkt, tettsittande og sid frakk og hadde i tillegg ein svært høg hatt på hovudet. Han stod og stirrede ned i Havet. … Det var Henrik Ibsen. Det er ei forfattarmyte som blir skildra i artikkelen, som ikkje er skrive utan ein viss ironisk snert. Me får høyre at diktaren står nede på bryggekanten mykje av dagen, stirrande utetter fjorden og ned i sjøen, berre avbrote av dei rutinemessige måltida saman med kona på hotellet. Og etter måltida trekte dei seg attende til si leilighet på tre rom på hotellet, utan å omgås nokon i byen. Ibsen søkte nok ro, konkluderer avisa. Men det var visstnok ikkje like lett kvar dag, då ikkje så reint få ville kome inn på forfattaren og veksle nokre ord, for seinare å kunne skryte av å ha konversert med den verdskjente Henrik Ibsen. Dette var då også noko som synast å: … plage han meget – og me får høyre at det var kvinnene som var verst i så måte.

Henrik Ibsen budde på Hotel Alexandra sommaren 1885. Til venstre ligg Madam Abelseth sitt hus, der Bjørnstjerne Bjørnson hadde hybel under skuledagane i Molde nokre tiår tidligare. Foto: Lindahl / Wikimedia Commons

Sjølvsagt var det mange i byen som undra seg kvifor Ibsen støtt stod fremst på bryggekanten, fortel avisa – og gjev oss også nokre av tolkingane som verserte i byen. Småjentene i Molde var sikre på at dette var for å hente inspirasjon til eit større eventyr om fisk og krabbe, medan andre meinte han tenkte på Vildanden som beit seg fast i tang og tare nede i fjorden.

Av byens vittige tunger vart det fortalt at diktaren hadde mista ein mynt ned i djupet, og at det var sorga over denne som heldt diktaren fast på bryggekanten. Men dette var sjølvsagt berre vås, i følgje bladfyken: Nei, nei! Vær kun tryg! Der kommer nok snart den Dag, da vi alle kan faa Anledning til at fryde os over alt det, som Ibsen nu Dag efter Dag har staaet og tænkt og grublet over, medens han staar paa Bryggen og stirrer i Havet. – Han staar og øser tanker op fra Dybet!

Serenade

I byrjinga av september, etter eit om lag to månaders langt opphald i byen, les me i lokalavisa at Ibsen reiste frå byen. Sjølv om Ibsen hadde hatt liten kontakt med folket i byen under sin residens, hadde det nok vore noko meir enn kva som kjem fram frå artikkelen i Dagen.

Tradisjonen fortel i alle fall at det var byens vanlege borgarar Ibsen fekk kontakt med denne sommaren, medan han ikkje kom inn varmen hjå, eller ikkje ville føre kontakt med, embetsmennene i byen. Då Ibsen tok avskjed med Molde møtte til og med Molde Sangforening og hornmusikken for å gje ein serenade utanfor diktarens hotellrom, applaudert av hurrarop. Ibsen sjølv framførte også ein takk til byen og folket for tida familien hadde fått i Molde denne sommaren, og uttalte at ein måtte kunne sjå på det som kom frå diktarhanda hans frå Italia som ei helsing og ein takk for eit opphald i Molde som han for all framtid ville minnast. Dette var også frampeik på kva som skulle kome i dei kjente stykka Rosmersholm og Fruen fra havet, som kan seiast å ha ikkje så reint lite av inspirasjon frå Ibsen sitt opphald i Rosenes by sommaren 1885.

–> Elin Mordal, Arve Hjelseth, Lise Lillebrygfjeld Halse og Mads Langnes skriver fast i Panorama.