Koronatrusselen set grenser for menneskeleg kontakt og dei fleste respekterer dette. Likevel vart det baluba då plexiglas skulle setje grenser mellom stortingsrepresentantane i ein trong stortingssal. Eg tykkjer kritikarane kan ta seg kvar sin bolle med ein meters avstand. Vi skulle stemme over bioteknologisaka i Stortinget den 26. mai. I denne kontroversielle saka la KrF … Fortsett å lese Plexiglas for demokratiet→
Songen Öppna landskap av Ulf Lundell begynner slik: ”Jag trivs bäst i öppna landskap, nära havet vill jag bo, några månader om året, så att själen kan få ro.” Spørsmålet mitt er om vi får arbeidsro av opne kontorlandskap. Sjela får i alle fall ikkje ro der. Opne kontorlandskap er statens løysing for framtidige arbeidsplassar. … Fortsett å lese Jag trivst best i öppna kontorlandskap?→
Koronakrisa herjar kring oss alle på ulikt vis. Midt oppi dette er eg oppteken av korleis vi omtalar dei som blir ramma verst – dei som blir sjukast og dei som døyr som følgje av virussjukdommen COVID-19. For dette er ein sjukdom som ikkje rammar folk tilfeldig eller likeins, men som særleg går laus på … Fortsett å lese Korona og omtalen av «dei svakaste»→
Vi folkevalte blir ofte advarte mot å vise kjensler, særleg sinne er bannlyst. Vi skal moderere oss og vera saklege og rolege. Eg er einig i at vi skal vera saklege, det bør alle vera, men eg meiner det er heilt feil når sinne blir framstilt som eit problem i seg sjølv. Hadde ikkje eg … Fortsett å lese Sinne er nødvendig→
Den mengda naturressursar vi menneske forbrukar, som olje og vatn, er ofte problematisert. At forbruket vårt av sand og grus er kritisk høgt, er kanskje dei færraste klar over. For framtida vår sin del må temaet truleg engasjere langt fleire. Sjølv høyrer eg kvar veke på ein tysk podcast som heiter «Hintergrund». Der får eg … Fortsett å lese Sanninga om sand→
Vi smiler gjerne når vi ser babyar og småungar smile til oss. Vi lagar grimasar til dei for å få dei til å le, og seier eit venleg ord. Vi gjer ikkje dette berre til ungar vi kjenner, men innimellom også til ungar som plutseleg ser på oss på butikken eller på bussen. Dei … Fortsett å lese Blide fjes er inkluderande→
Vi skal helst ikkje kaste mat, men vi gjer jo det likevel. Altfor mykje mat blir kasta. Det kan vi bli motlause av viss vi hugsar at folketalet veks og at behovet for meir mat veks i takt med dette. Vi kan rett og slett ikkje halde fram med å hive matressursar i ei verd … Fortsett å lese Matsvinn er ikkje vinn-vinn→
Dette er ikkje ein vitskapleg artikkel om latskap, men mest synsing. Eg tykkjer nemleg latskap er eit interessant fenomen, og eg lurer på om det driv verda framover eller om det hindrar utvikling. Nyleg las eg at latskap truleg er ein viktig grunn til at det tidlege mennesket homo erectus døydde ut. Etter arkeologiske utgravingar … Fortsett å lese Latskap – last eller nytte?→
Pride-paradane handlar om å feire skeiv kjærleik, stoltheit og mangfald. Mange som deltek i paradane feirar forhåpentlegvis også at haldningane til dette er rausare og varmare enn dei var for nokre år sidan. Samstundes vil dei markere at samfunnet enno har ein veg å gå før verdiane likeverd og likestilling er merkbare for alle. Dette … Fortsett å lese Pride og paradetvang→
Under partileiardebatten på NRK1 12. august måtte eg blesa ut litt på Facebook. Det er sjeldan eg bruker store bokstavar i heile ord, men då skreiv eg: «Dersom nokon har lite kunnskap om politikk og ønskjer å lære meir, bør dei IKKJE sjå partileiardebatten. Dersom nokon har lågt stressnivå i kvardagen og ønskjer å auke … Fortsett å lese Debattkakling til å bli matt av→
"Panorama er Høgskolen i Moldes uavhengige nettavis. Panorama skal drive fri og uavhengig journalistikk i tråd med den frie presses idealer."