Kategoriarkiv: Mads Langnes

Farefulle fjell og dynamitt

Nordvestlandet er kjent for bratte og farefulle fjell. På Otrøya var til og med eit av dei så skremmande for gardane nedanfor, at ein valte å sprenge det med dynamitt! Dei brattlendte fjella på Nordvestlandet har gjort at ei rekkje naturkatastrofar har råka området gjennom historia, og framleis vil gjere det i framtida. I våre … Fortsett å lese Farefulle fjell og dynamitt

Kongsemnet frå Romsdal

Kong William av Noreg? Dette er historia om kosmopolitten og eksentrikaren William Coucheron-Aamot – kongen til Veøy. Då Noreg braut ut av unionen med Sverige i 1905, vart det spørsmål om ein skulle gå for monarki eller republikk som styringsform. Den nye, frie nasjonen valte som kjent å halde seg med eit kongehus der den … Fortsett å lese Kongsemnet frå Romsdal

Mitt skip er laste med: smør!

For mange er vel oppfatninga at det gamle bondesamfunnet var stokk konservativt og lite endringsvillig. I same draget har vel tanken vore at bøndene stort sett dreiv det ein kan kalle eit sjølvbergingsjordbruk, meir eller mindre upåverka av eksterne faktorar. I dagens vesle innslag frå historikarkontoret skal me derimot sjå at innføring av ny teknologi … Fortsett å lese Mitt skip er laste med: smør!

Fogderifylket Møre og Romdal – eit førestilt fellesskap?  

Møre og Romsdal er kjent for å vere eit «fogderifylke» kjenneteikna av ei rekkje utfordrande konfliktar mellom dei tre tidlegare fogderia Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. At det har vore større skilnader og brytningar internt i Møre og Romsdal enn i dei fleste andre fylke, er utvilsamt. Samstundes blir det hevda at dette også har medført … Fortsett å lese Fogderifylket Møre og Romdal – eit førestilt fellesskap?  

Frenologi – læra om kortskallar og langskallar i Møre og Romsdal

Alle vitskaplege retningar er i kontinuerleg endring, der ulike paradigmeskifte kan føre med seg både oppturar og nedturar. Frenologi er eit godt døme på dette, der ytre fysiognomiske trekk typiske for dei einskilde landsdelane skulle forklare kvifor ei større eller mindre gruppe hadde ulike eigenskapar. Denne vitskapen slo ikkje minst om seg her i Møre … Fortsett å lese Frenologi – læra om kortskallar og langskallar i Møre og Romsdal

Romsdalsmarknaden var varebyte og handel sett i system

I neste veke startar «Romsdalsmartnan» på Åndalsnes, tradisjonen tru. I våre dagar er dette ei samling av karusellar, elgpølse og – om ein er heldig – å få leie på det som i indre delar av Romsdal er kjent som fenomenet «martnakjæreste»! Frå gamalt av var derimot Romsdalsmarknaden, i langt større grad enn kva den … Fortsett å lese Romsdalsmarknaden var varebyte og handel sett i system

Då Molde vart lansert som heile landet sin universitetsby

For over 200 år sidan vart eit Molde fritt for freistingar og krig lansert som kandidat til å bli heile Noregs universitetsby. I desse dagar er det studiestart både ved Høgskolen i Molde og elles i landet, med ei salig blanding av fadderarrangement og innføringskurs i å meistre overgangen frå elev til student. Sjølv om … Fortsett å lese Då Molde vart lansert som heile landet sin universitetsby