Fotoassistent og student Andrea Strand Barkve fester mikrofonen på professor Johann Roppen før opptaket av intervjuet starter. Foto: Arild Waagbø

Ettertankar frå ekstern kandidat Roppen

Så var det avgjort: Eg vart ikkje rektor ved Høgskolen i Molde. Vitenskapelig høgskole i logistikk. Og eg har alt gratulert ny rektor Elin Mordal med valsigeren og vil også her takke både ho og rektor/rektorkandidat Steinar Kristoffersen for valkampen.

Av JOHANN ROPPEN, professor

Både før, under og etter valet har eg vore sikker på at uansett utfall så ville eg få viktige erfaringar knytt til det å stille til val som rektorkandidat ved ein «annan» institusjon enn min eigen, og det er jo ei erfaring som svært få har røynt. Og difor vil eg dele nokre refleksjonar omkring det å stille som ekstern kandidat. Og så får det våge seg at somme kanskje vel å tolke desse refleksjonane som sutring eller bortforklaring frå ein tapande kandidat.

Eg har sjølv stått i striden om vald eller tilsett rektor ved Høgskulen i Volda, både i 2017 og i 2022. Ved begge høva vart resultatet i styret at det vart 6-5 for å halde fram med ordninga med vald rektor. Eitt av argumenta for tilsett rektor er at då blir det lettare å rekruttere ekstern kompetanse. Svaret frå oss som vil ha vald rektor er at det er også mogleg å velje ein ekstern som rektor, det står jo klart og tydeleg i universitets- og høgskulelova. Men det skjer jo nesten aldri, er motsvaret. Og det er jo rett.  Og det kan det vere gode grunnar til. Men kanskje er det råd å gjere noko med det? Er det mogleg for ein ekstern kandidat å vere ein seriøs utfordrar i eit rektorval?

Prinsippet om at vald rektor er verdifullt, og eg ville nok ikkje søkt på ei rektorstilling – men å stille opp til val – det er noko anna! Etter å ha drive valkamp nokre intense veker våren 2023 er eg i alle fall heilt sikker på at det er ein mykje tøffare prosess å drive valkamp enn å bli tilsett av eit styre. I ein valkamp er du oppe til vurdering konstant i fleire veker og møter kanskje eit hundretals potensielle veljarar direkte, i møte, på telefon eller video og naturlegvis på e-post. Skal du tilsettast som toppleiar skriv du ein søknad, møter eit tilsettingsutval eit par-tre gonger i ein time eller to. Og så må du svare på spørsmål og gjerne bli testa av eit rekrutteringsbyrå som gir deg spørsmål du kanskje har høyrt mange gonger før. Ikkje noko gale sagt om dei som vert tilsett på denne «normale» måten – men her var det altså tidsbruk og intensitet eg snakka om.

Det var likevel ikkje slike ting eg tenkte mest på då nominasjonskomiteen ved Høgskolen i Molde tok kontakt med meg og lurte på om eg kunne vere interessert i å stille til val ved høgskulen. Vi hadde våre samtalar og det var det fleire ting som kom opp med ein gong, og som det for så vidt ikkje er noko svar på, men som alle tala for at eksterne eigentleg ikkje bør stille til val! Her er nokre av utfordringane du møter:

Som ekstern kandidat vert du valt for ein tidsperiode på fire år og så er det slutt. Om du ikkje blir attvald. Det er ingen rett til retrettstilling eller noko sabbatsår etter fire år. Eller: Det kan du sikkert forhandle om, men det blir jo forhandlingar etter at du eventuelt har vorte vald, så forhandlingsposisjonen er noko usikker. Dette til skilnad frå innarbeidd praksis for interne rektorkandidatar der ein automatisk får eit år eller to til fagleg oppdatering. Sjølv går eg som rektor ved Høgskulen i Volda tilbake til ei fagstilling på Avdeling for mediefag og får frå 1.8.2023 eitt år på meg til å oppdatere meg på mitt gamle fagfelt.

Så eit konkret tiltak for å gjere det meir attraktivt for eksterne kandidatar kan vere å tilby same vilkår som for eksterne når det gjeld sabbatsår, etterløn eller retrettstilling. Og det må vere klart når nominasjonen startar.

Når det gjeld rektorløna så har den våren 2023 vorte fastsett av Kunnskapsdepartementet, så det er avklara. Men når du søker på ei stilling er det som regel råd å forhandle om andre ting enn løn. Sjølv planla eg å vekependle – og pendlarvilkåra kan jo vere høgst varierande både i akademia og andre stader. Men dette var ikkje forhold som eg kunne rekne med å ha forhandlingsrom for. Det er ikkje så rart sidan ein ikkje har erfaring med eksterne kandidatar. Men uvisse om slike ting kan også vere med på å kjølne interessa frå eksterne kandidatar.

Som ekstern kandidat er du sjeldan ein person eller eit ansikt som er meir kjent enn dei interne kandidatane. Du har altså ein langt større jobb med å bli kjent og bli lagt merke til enn dei som til dagleg har sitt arbeid ved høgskulen eller universitetet.  Interne kandidatar bør ha stor paratkunnskap om personar og konstellasjonar internt på institusjonen. Noko som gjer både valkamp og påverknad meir effektivt. Og som intern kandidat er det nok lettare å drive valkamp gjennom kvardagen. Så det er altså tidkrevande å bli kjent med institusjonen, spesielt for ein ekstern.

Og til større institusjon til meir tidkrevande blir det å drive valkamp. Høgskolen i Molde har tre avdelingar og to studiestader, Molde og Kristiansund, og er kanskje overkomeleg for ein ekstern kandidat. Men for større institusjonar med mange studiestader og einingar kan det bli vanskeleg. Svein Stølen hadde visstnok 40 møte med interne fagmiljø ved Universitetet i Oslo før han blei valt. Då seier det seg sjølv at å bli valt til rektor er ein heiltidsjobb i ein viss periode.
Sjølv var eg så heldig at valkampen i Molde gjekk nokre veker i mars og april då eg faktisk hadde nokre dagar der eg kunne drive valkamp utan at det gjekk alt for mykje ut over arbeidet som rektor i Volda. Så eg reiste til Molde og Kristiansund for besøke fagmiljø og studentar, delta i paneldebatt og bli intervjua av Panorama. Men på alle andre tidspunkt våren 2023 hadde eg  faktisk ikkje hatt tid til å delta i valkamp.  For ordens skuld: Det er ikkje Høgskulen i Volda som har finansiert valkampen min i Molde.

Kva tiltak skulle ein sett i verk for å gi ekstern kandidatar større sjanse til å bli vald? Ein må jo ville bli rektor og vere viljug til å sette av tid til det. Ideelt sett kunne ein tenke seg frikjøp for å drive valkamp, til dømes for to kandidatar i eit eventuelt finalefelt.

Eksterne kandidatar har heller ikkje same tilgang til interne kommunikasjonskanalar. Det vere seg epostlister, intranett, Teams eller interne møtearenaer for den del. Det er kanskje på slike arenaer at valet blir avgjort? Anten det no handlar om å fremme sine synspunkt eller å imøtegå eller oppklare mistydingar. For det skjedde også. Heilt sikkert både bevisst og ubevisst. Slik er det alltid. Det burde ikkje vere vanskeleg i det minste å gje også eksterne kandidatar ein e-postkonto på høgskulen i valkampen? Dette bad eg ikkje om – men burde kanskje gjort det?

Høgskolen i Molde har ei sjølvstendig nettavis i Panorama – og dei viktigaste valkamputspela vart vel publiserte der sjølv om innspel i valkampen også vart sendt direkte på e-post til mange eller alle på HiMolde.  Andre institusjonar i ei mindre heldig stilling ville nok slite med å finne gode arenaer for desse delane av valkampen. Så får det heller vere at Panorama som ei einmannsbedrift ikkje alltid publiserte så fort som utolmodige kandidatar ønska seg.

Kva så med studentane? Dei er den desidert vanskelegaste veljargruppa å nå fram til. Truleg er det berre gjennom fagtilsette ein kan nå fram til ei vesentleg gruppe av studentar på ein gong. Valdeltakinga er ikkje spesielt stor, så det kan vere litt mystisk kva studentar vel å legge vekt på. I første valrunde fordelte studentane seg nesten heilt likt på dei tre kandidatane, så det er ikkje så godt å tolke. Men eg må nok gratulere Elin Mordal og hennar hjelparar med å ha vunne fleirtal også blant studentane i andre valrunde. Men takk også til studentane som røysta på meg.

Korleis gjekk så valkampen?

Eg vart svært godt mottatt av mange ved Høgskolen i Molde, og alle eg har kontakta var viljuge til å slå av ein prat, kort eller lang. Eg håper samtalane var givande også for dei som brukte tid på å snakke med meg. I tillegg har det vore mange som har tatt direkte kontakt og formidla idear og synspunkt på kva som trengst ved HiMolde. Det er mange som brenn for arbeidsplassen sin, for forsking og utdanning, og ønsker seg endring, betring og utvikling. Dette er eigenskapar som er utruleg verdifullt å ha med seg vidare – både for den einskilde og for leiinga. Og eg håper dei tankane som vart formidla til meg også når fram til den nye leiinga – for det var mange som peika på mange av dei same utfordringane.

Så eg har lært mykje om HiMolde, og motivasjonen for å gjere ein jobb steig utover i valkampen. Det var definitivt ein opptur å få flest røyster i første valrunde. Men både eg og dei eg rådførte meg med såg at det ville bli langt vanskelegare å vinne fram i andre valrunde. Det handla blant anna om at motkandidaten høyrer til den største avdelinga på HiMolde, samtidig som at det vart valt ein prorektor frå ei anna avdeling. Mange la nok også stor vekt på kjønnsbalanse i leiinga, noko som ikkje var ein fordel når det alt var valt ein mannleg prorektor. Sjølv gjorde eg det også klart at eg ville leite etter to kvinner som viserektorar. Auke i søkartala i Samordna opptak for HiMolde kunne kanskje også tale for at det ikkje var behov for noko friskt eller kritisk blikk utanfrå? Eg føler heller ikkje at det hjelpte at avtroppande rektor Steinar Kristoffersen gjorde meg til hovudmotstandar i første runde av valet. Dei som røysta på Kristoffersen i første runde og som var samd i hans vurderingar hadde kanskje ikkje så lyst til å røyste på meg i andre runde? Dette er ikkje kritikk av eit valstrategisk grep, men eit forsøk på å tolke situasjonen. Andre har sikkert andre tolkingar.

Men heilt fram til sjølve valdagen så tok tilsette kontakt med meg og ville diskutere heilt sentrale spørsmål kring framtida til Høgskolen i Molde, og det må vere eit teikn på at eg hadde idear og synspunkt som vekte interesse hos mange.

For eg prøvde verkeleg å la saker og synspunkt styre valkampen eg dreiv. At eg hadde 8 års fartstid som rektor rekna eg med var kjent – men det var jo på ein annan institusjon – så eg følte at eg måtte vise kva eg ville med å stille opp til val ved ein annan institusjon. Og HiMolde er ein spennande arbeidsstad og ein viktig regional institusjon. Og ein god samarbeidspart med Høgskulen i Volda.

Men så opplevde eg også at i Panorama vart det gjort klinkande klart at i alle fall frå ein brevskrivar aldri i livet ville røyste på ein ekstern kandidat. Eigenskapar som kompetanse eller idear hos den aktuelle eksterne kandidaten vart tilsynelatande ikkje vektlagt i det innlegget. Det ville vere trist om dette var ei dominerande haldning også på andre område hos tilsette på ein vitskapleg institusjon. Men slik er val – kvar røystefør har ein suveren rett til å legge vekt på akkurat det dei vil.

Så eg hadde nok eit godt håp heilt til beskjeden om valresultatet vart formidla kort etter kl. 16.00 onsdag den 26. april. Og resultatet var jo klart nok, med ca. 9 prosent skilnad mellom oss.

Kunne eg vunne valet ved å ha sagt eller gjort ting annleis eller vore endå meir til stades i Molde og Kristiansund? Det får eg aldri vite.

Men eg er svært glad for å ha prøvd! Eg har lært mykje om HiMolde på desse intense valkampvekene. Og det å lære og vere nyfiken og å prøve nye ting må vi i akademia aldri slutte med. Då er det slutt.

Så det var intenst, og det var verdt det! Og det er faktisk mogleg for ein ekstern kandidat å vere ein reell konkurrent i eit rektorval.

Lukke til alle ved Høgskolen i Molde, og særleg dei som investerte lit av liv og sjel i den minneverdige rektorvalkampen ved Høgskolen i Molde i 2023!