Kategoriarkiv: Mads Langnes

Julekalaset som aldri vart

Advent er ei ventetid, men også ei tid for å forberede sjølve julehøgtida. Det blir hogge juletre, handla julegåver i søndagsopne butikkar, vaska, brygga og baka. Og alt i ein salig miks av gamle og nye tradisjonar, kyrkjekonsertar og kommers. Mange nyttar også tida til å handle inn mat og drikke til juleselskap med familie … Fortsett å lese Julekalaset som aldri vart

Islandness — songen uti øyan

Molde og Romsdal er kjent for å tiltrekke seg naturglade folk med hang til toppturar både sommar og vinter. Med tinderekka ein ser frå Molde er dette heller ikkje til å undrast over, med kjente fjelltoppar på rekke og rad. Mindre kjent, men kan hende enda vakrare, er øyane i Romsdal. Der råder ei stemning … Fortsett å lese Islandness — songen uti øyan

Henrik Ibsen si sommar i Molde: «… et af de skønneste punkter på jorden, hvad panoramaet angår.»

Denne veka går Bjørnsonfestivalen føre seg i Molde. Byen er med det full av forfattarar og forfattarspirar, både med og utan hatt på hovudet og silkesløyfe i halsen. Molde er jo også sagt å vere ein litteraturby, med band til fleire av dei mest kjente norske forfattarane. Bjørnstjerne Bjørnson hadde som kjent skuledagane sine i … Fortsett å lese Henrik Ibsen si sommar i Molde: «… et af de skønneste punkter på jorden, hvad panoramaet angår.»

Innbyggjarinitiativ og grenseendringar

 Med unionsoppløysinga frå Danmark i 1814 starta ein demokratiseringsprosess i Noreg, med overgang frå eit einevelde med kongen i København, til at ein for første gong fekk ei folkevald forsamling, Stortinget, som skulle vere med på å styre landet. Noko lokaldemokrati medførte likevel ikkje innføringa av det folkevalde nivået, då dette først skulle komme med … Fortsett å lese Innbyggjarinitiativ og grenseendringar

Farefulle fjell og dynamitt

Nordvestlandet er kjent for bratte og farefulle fjell. På Otrøya var til og med eit av dei så skremmande for gardane nedanfor, at ein valte å sprenge det med dynamitt! Dei brattlendte fjella på Nordvestlandet har gjort at ei rekkje naturkatastrofar har råka området gjennom historia, og framleis vil gjere det i framtida. I våre … Fortsett å lese Farefulle fjell og dynamitt

Kongsemnet frå Romsdal

Kong William av Noreg? Dette er historia om kosmopolitten og eksentrikaren William Coucheron-Aamot – kongen til Veøy. Då Noreg braut ut av unionen med Sverige i 1905, vart det spørsmål om ein skulle gå for monarki eller republikk som styringsform. Den nye, frie nasjonen valte som kjent å halde seg med eit kongehus der den … Fortsett å lese Kongsemnet frå Romsdal

Mitt skip er laste med: smør!

For mange er vel oppfatninga at det gamle bondesamfunnet var stokk konservativt og lite endringsvillig. I same draget har vel tanken vore at bøndene stort sett dreiv det ein kan kalle eit sjølvbergingsjordbruk, meir eller mindre upåverka av eksterne faktorar. I dagens vesle innslag frå historikarkontoret skal me derimot sjå at innføring av ny teknologi … Fortsett å lese Mitt skip er laste med: smør!